Studiet skal gje ei allsidig orientering om dei spørsmåla som reiser seg når personar med andre morsmål skal lære seg norsk språk og bli integrerte i det norske samfunnet. Faget er i første rekkje tenkt for studentar som planlegg å undervise i norsk som andrespråk for elevar frå språklege minoritetar. Det høver òg som etterutdanning for lærarar som ønskjer å utvide kunnskapane sine om språk, språklæring og språkundervisning.
Studiet er eittårig. Det er samansett av fem obligatoriske emne:
NORAN101 Norsk språk som andrespråk (15 studiepoeng)
NORAN104 Andrespråkslæring og -undervisning (15 studiepoeng)
NORAN115 Litteratur og tekst i eit andrespråksperspektiv (15 studiepoeng)
NORAN107 Fleirspråklegheit i sosiolingvistisk perspektiv (10 studiepoeng)
NORAN109 Testing og vurdering av språkferdigheiter (5 studiepoeng)
Tilrådd rekkjefølgje:
1. semester (vår): NORAN101, NORAN104
2. semester (haust): NORAN115, NORAN107, NORAN109
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontakt: studierettleiar@lle.uib.no
Årsstudiet i norsk som andrespråk skal gje ei allsidig orientering om dei spørsmåla som reiser seg når personar med andre morsmål skal læra seg norsk språk og bli integrerte i det norske samfunnet. Faget er i første rekkje tenkt for studentar som planlegg å undervisa i norsk som andrespråk for elevar frå språklege minoritetar. Det høver også som etterutdanning for lærarar som ønskjer å utvida kunnskapane sine om språk, språklæring og språkundervisning. Nokre av studiemodulane vil òg kunna byggjast inn i andre studium, t.d. nordisk og framandspråk.
Kjernen i studiefaget er basert på det internasjonale vitskapsfeltet andrespråkstileigning, men er hovudsakleg fokusert på norsk språk og tospråklegheit i det norske samfunnet, og kva norsktame har å seia for sosial og kulturell integrasjon i majoritetskulturen i Noreg.
Ettersom den innsikta som trengst for å kunne undervisa i norsk for framandspråklege er særs mangslungen, framstår studiefaget som samansett av ulike delemne av både språkleg, litterær, psykologisk, kulturell og didaktisk art. Desse delemna blir likevel haldne saman av ein felles
pedagogisk synsvinkel slik at faget framstår som eit heilskapleg, integrert og profesjonsretta studiefag.
Emna NORAN101, NORAN102a/b og NORAN103a/b skal gje ei grunnleggjande innføring i fagfeltet norsk som andrespråk, medan emna NORAN115, NORAN117a/b og NORAN119a/b skal gje høve til fordjuping og utviding av kunnskapane til studenten i ulike retningar. Hovudmålsetjinga er å førebu studenten til undervisning i norsk som andrespråk i skule og vaksenopplæring, og både innhaldet i dei obligatoriske emna og utvalet av valemne er fastsett med denne målsetjinga for auget.
Startgrunnlaget for emna NORAN101, 102A/102B og 103A/103B er norskeksamen i felles allmenne fag ved studieretning for allmenne fag frå vidaregåande skole. Studentar som er immatrikulerte med anna grunnlag, må skaffe seg tilsvarande kunnskapar. Det er også mogeleg å søkje opptak på grunnlag av realkompetanse. I studiet er bokmål og nynorsk jamstilte. Til eksamen blir det lagt vekt på at kandidatane nyttar begge målformene på tilfredsstillande vis. Studentar som er ustøe i bokmål og/eller nynorsk, bør arbeide medvite med å styrkje kjennskapen til og bruken av begge målformene.
Startgrunnlaget for emna NORAN115, 117A/117B og 119A/119B er NORAN101, 102A/102B og 103A/103B. Studentar som manglar dette grunnlaget, bør ha eit kunnskapsgrunnlag som tilsvarer dette i innhald, omfang og nivå.
Sjå studieplanane for enkeltemna.
OBS: Ny ordning f.o.m. haust 2009:
Studiet er eittårig. Det er samansett av fem obligatoriske emne:
NORAN101 Norsk språk som andrespråk (15 studiepoeng) Haustsemesteret
NORAN104 Andrespråkslæring og -undervisning (15 studiepoeng) Haustsemesteret
NORAN115 Litteratur og tekst i eit andrespråksperspektiv (15 studiepoeng) Vårsemesteret
NORAN117 Sosiolingvistikk og tospråklegheit (5 studiepoeng) Vårsemesteret
NORAN119 Språktesting og språkevaluering (10 studiepoeng) Vårsemesteret
Studentane tek normalt tre emne (5 + 10 + 15 studiepoeng) pr. semester.
Haust:
NORAN101 (15 stp.) - Norsk språk som andrespråk
NORAN102A/102B (5/10 stp.) - Andrespråkslæring
NORAN103A/103B (5/10 stp.) - Tospråklegheit og tospråklegheitsdidaktikk
Kombinasjonar: NORAN101 + eit A-emne og eit B-emne - til saman 30 studiepoeng.
Vår:
NORAN115 (15 stp.) - Litteratur og tekst i eit andrespråksperspektiv
NORAN117A/117B (5/10 stp.) - Sosiolingvistikk og tospråklegheit (ikkje vår 2005)
NORAN119A/119B (5/10 stp.) - Språktesting og språkevaluering
Kombinasjonar: NORAN115 + eit A-emne og eit B-emne - til saman 30 studiepoeng.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.
Studierettleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium: studierettleiar@lle.uib.no.