Faget har ei klår orientering mot Latin-Amerika og er såleis å rekne som eit språkstudium som tenderer mot eit områdestudium.
Studentane skal øve opp dei praktiske evnene i språket og få innsikt i moderne spansk språk. Dei skal òg vinne kunnskap om historie, litteratur, kultur og samfunn i dei spansktalande landa i Latin-Amerika. Studiet gjev også grunnleggjande kunnskapar om Spania.
Spansk innføringskurs eller spanskkunnskapar eller kunnskapar tilsvarande Spansk nivå II frå vidaregåande skole.
All undervisning på emna som inngår i årsstudiet i spansk språk og latinamerikastudium, går føre seg på spansk.
Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.
Sjå emneplanen for det einskilte emnet.
Rettleiing per e-post/telefon blir normalt ikkje gitt.
Årsstudiet i spansk språk og latinamerikastudium er bygd opp av disiplinar innan språk, litteratur, kultur og historie. Dei ulike disiplinane er gruppert i seks emne på 10 studiepoeng kvar:
Vår:
Haust:
Årsstudiet i spansk språk og latinamerikastudium kan gå inn i ein bachelorgrad, anten som del av ei spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium eller som støttefag i bachelorgraden. Ei spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium (grunnlag for opptak til masterstudium) skal, i tillegg til dei 60 studiepoenga på 100-nivå (årsstudiet), innehalde 30 studiepoeng på 200-nivå.

Årsstudiet i spansk språk og latinamerikastudium startar opp kvart vårsemester, og det er såleis berre mogleg å søkje opptak til årsstudium i spansk med start om våren.
Det vert ikkje tilrådd at spanskstudentane startar på 100-nivåstudiet i spansk i haustsemesteret.