Studieprogram: ÅRPS Årsstudium i psykologi - Høst 2014




Studiestart - semester

Kvar haust. Søknad til studiet skjer gjennom Samordna opptak (SO).

Mål og innhald

Psykologi er det vitskapelege studiet av menneske (og dyr) sin åtferd, inklusive tankar og kjenslar. Åtferd forklarast i psykologien med teoriar som er byggja på vitskapelege metodar. Studiet gir ei innføring i dei psykologiske basaldisiplinane (biologisk psykologi, kognitiv psykologi, utviklingspsykologi, personlegdomspsykologi, sosialpsykologi) i tillegg til ei innføring i psykologien sine metodar og historie. Årsstudiet i psykologi representerer ei utdanning som skal gje ein generell teoretisk kunnskap innan dei psykologiske basalområda med moglegheit for fordjuping i utvalde applikasjonsfelt. Studiet gir også kunnskap innan generell psykologisk forskingsmetodikk.

Opptak til årsstudium gir studierett i eitt år ved fulltidsstudium (60 studiepoeng). Det er 3 måtar å fylle eit årsstudium på:

  1. Ein kan velje årsstudiet i psykologi medrekna ex.phil. og ex.fac., som kvalifiserer for opptak til psykologstudiet
  2. Ein kan studere eitt år med opne emne innan psykologiske fag
  3. Ein kan fritt setje saman opne emne frå ulike fag ved Universitetet i Bergen

Ein kan altså studere alle opne emne innan dei psykologiske faga eller dei fem obligatoriske emna som kvalifiserer for opptak til psykologstudiet. Dei obligatoriske emna er:

Læringsutbyte

Etter fullførd årsstudium skal du skal ha kjennskap til sentrale idear, teoriar og kunnskapsområde innan faget.

Opptakskrav

For å søkje opptak til årsstudiet må du ha generell studiekompetanse eller oppfylle krava til realkompetanse.

Rekkefølgje for emne i studiet

Dersom ein vel årsstudiet som kvalifiserar for opptak til profesjonsstudiet i psykologi vert det anbefalt at ein tek emna i følgjande rekkefølgje:

1. semester:

2. semester:

Vurderingsformer

Det blir lagt vekt på at studentane får erfaring med ulike vurderingsformer som eksamen, skriftlege arbeid og fleirvalsoppgåver.

Karakterskala

Ved sensur av emna som inngår i programmet nyttast karakterskalen A-F eller greidd/ikkje greidd.

Grunnlag for vidare studium

Hele eller delar av studiet kan innpassast i ein bachelorgrad. Eit årsstudium i psykologi som består av ex.phil. , EXFAC03P, PSYK100, PSYK101 og PSYK102 kvalifiserer for opptak til psykologstudiet.

Relevans for arbeidsliv

Årsstudiet i psykologi kan i kombinasjon med andre fag gje kompetanse for arbeid i offentleg og privat sektor, til dømes i skulen, i ulike delar av privat verksemd, i ideelle organisasjonar og i ulike delar av helsevesen og liknande der psykologisk fagkunnskap er etterspurd. For å bli psykolog må du bli oppteken på, og fullføre, psykologstudiet.

Evaluering

Årsstudiet vert kontinuerleg evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering av enkeltemne er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Det psykologiske fakultet.

Programstyret for årsstudiet og bachelorprogrammet i generell psykologi har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Kontakt: post@psyfa.uib.no/55 58 27 10

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet.

Kontakt: studierettleiar.psyfa@uib.no/55 58 27 10

Mål og innhald

Psykologi er det vitskapelege studiet av menneske (og dyr) sin åtferd, inklusive tankar og kjenslar. Åtferd forklarast i psykologien med teoriar som er byggja på vitskapelege metodar. Studiet gir ei innføring i dei psykologiske basaldisiplinane (biologisk psykologi, kognitiv psykologi, utviklingspsykologi, personlegdomspsykologi, sosialpsykologi) i tillegg til ei innføring i psykologien sine metodar og historie. Årsstudiet i psykologi representerer ei utdanning som skal gje ein generell teoretisk kunnskap innan dei psykologiske basalområda med moglegheit for fordjuping i utvalde applikasjonsfelt. Studiet gir også kunnskap innan generell psykologisk forskingsmetodikk.

Opptak til årsstudium gir studierett i eitt år ved fulltidsstudium (60 studiepoeng). Det er 3 måtar å fylle eit årsstudium på:

  1. Ein kan velje årsstudiet i psykologi medrekna ex.phil. og ex.fac., som kvalifiserer for opptak til psykologstudiet
  2. Ein kan studere eitt år med opne emne innan psykologiske fag
  3. Ein kan fritt setje saman opne emne frå ulike fag ved Universitetet i Bergen

Ein kan altså studere alle opne emne innan dei psykologiske faga eller dei fem obligatoriske emna som kvalifiserer for opptak til psykologstudiet. Dei obligatoriske emna er:

Krav til forkunnskapar

For å søkje opptak til årsstudiet må du ha generell studiekompetanse eller oppfylle krava til realkompetanse. Ut over dette er det ingen særskilde krav til forkunnskapar.

Undervisning

Undervisningen vil bli gitt i form av forelesninger, seminarer, nettbasert undervisningsmateriell, nettbaserte grupper og diskusjonsforum.

Fageining og spesialisering

Årsstudiet i psykologi medrekna ex.phil. og ex.fac. er sett saman av 5 obligatoriske emne:
Ex.phil., ex.fac., Innføring i psykologi, Generell psykologi 1 og Generell psykologi 2.

Tilrådd rekkefølgje:

Kode: Navn: Omfang:
1.semester
EXPHIL-PS Examen philosophicum 10 sp.
EXFAC03P Examen facultatum 10 sp.
PSYK100 Innføring i psykologi 10 sp.

2.semester
PSYK101 Generell psykologi 1 15 sp.
PSYK102 Generell psykologi 2 15 sp

Vurdering / Eksamensformer

Det blir lagt vekt på at studentane får erfaring med ulike vurderingsformer som eksamen, skriftlege arbeid og fleirvalsoppgåver

Yrkesvegar

Årsstudiet i psykologi kan i kombinasjon med andre fag gje kompetanse for arbeid i offentleg og privat sektor, til dømes i skulen, i ulike delar av privat verksemd, i ideelle organisasjonar og i ulike delar av helsevesen og liknande der psykologisk fagkunnskap er etterspurd. For å bli psykolog må du bli oppteken på, og fullføre, psykologstudiet.

Oppstart

Haust

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Informasjonssenteret: tlf. 55 58 27 10, e-post: studieveileder.psyfa@uib.no

Planforslag

Dersom ein vel årsstudiet som kvalifiserar for opptak til profesjonsstudiet i psykologi vert det anbefalt at ein tek emna i følgjande rekkefølgje:

1. semester:

2. semester: