Studieprogram: ÅRSV-SOS Årsstudium i sosiologi - Høst 2018




Undervisningsspråk

Norsk/Engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Sosiologi er eit samfunnsfag som studerer menneskeleg liv, grupper og samfunn ut frå ulike perspektiv. Sosiologar er opptatt av at menneskelege aktivitetar og handlingar gjerne har mønster eller ein struktur som er relativt uavhengig av enkeltindivida. Sosiologar arbeider med å fortolke og forklare korleis menneske vert forma av samfunnsforhold, samstundes som dei sjølve med sine handlingar og reaksjonar endrar desse betingelsene. Sosiologiske studiar kan dreie seg om alt frå analyse av møter mellom enkeltindivid til utforsking av globale sosiale prosesser. I undervisninga og forskinga ved instituttet har dimensjonane kjønn, makt og ulikskap stått sentralt. I tillegg arbeider vi mykje med institusjonell endring, globalisering, livsløp og modernisering.

Årsstudiet skal gi grunnleggjande forståing for sentrale tema innanfor sosiologi og føre fram til undervisningskompetanse i samfunnsfag i det offentlege skuleverket.

Læringsutbyte

Studenten skal ha kjennskap til sentrale idear, teoriar og kunnskapsområde innanfor faget.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Innføringsemne

Innføringsemne inngår ikkje i årsstudiane slik som i bachelorprogramma. Det vil likevel vere mogleg å velgje innføringsemne ved særskilde ønskje om dette.

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester

SOS103

MET102 eller eit valfritt sosiologiemne i rekkja SOS105-SOS118

2. semester

SOS101

MET102 eller eit valfritt sosiologiemne i rekkja SOS105-SOS118

 

Emnesamansetjing for undervisningskompetanse i samfunnsfag

Studentar som skal kvalifisere til samfunnsfagdidaktikk må ha minst 60 studiepoeng fordjuping i henholdsvis samanliknande politikk, sosiologi, sosialantropologi eller administrasjon og organisasjonsvitskap. Det er også mogleg å ta ein kombinasjon av emne fra dei fire faga og samfunnsøkonomi. Tabellen under viser dei to alternativa:

 

Alternativ 1:

Studenten må ha 60 studiepoeng fordjuping innan eit av fagområda administrasjon og organisasjonsvitskap, samanliknande politikk, sosiologi eller sosialantropologi. Se studieplanen til det enkelte årsstudiet for detaljert oversikt over kva emne som inngår.

Alternativ 2:

Studenten må ha 60 studiepoeng satt saman på følgjande måte:

 

Studenten må ha 30 studiepoeng innan ein av følgjande emnekombinasjonar:

 

I tillegg kan studenten velgje fritt 30 studiepoeng frå emne som inngår i følgjande årsstudier:

 

 

Merk: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, POLØK100, SANT100, GLOB101 og SOS100 er innføringsemne og tel ikkje som opptaksgrunnlag for PPU.

 

 

Delstudium i utlandet

Årsstudium åpner ikkje for høve til å ta deler av studiet i utlandet.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet nyttar i all hovudsak ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformar: heime-, skriftleg- og munnleg eksamen.

Karakterskala

Karakterer ved Universitetet i Bergen vert gitt på ein av to måtar;

1. Som "Bestått" eller "Ikkje bestått"

2. Som ein bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.

Bokstavkarakterar er det mest utbreidde.

Grunnlag for vidare studium

Eit årsstudium kan inngå i ein bachelorgrad som eitt av tre år i denne. Det tilrådde årsstudiet i sosiologi kan i sin heilskap inngå som eitt år av spesialiseringa i sosiologi innan eit bachelorprogram med spesialisering i sosiologi. Det vil vere høve til å søkje om intern overgang frå årsstudiet til bachelorprogrammet.

Relevans for arbeidsliv

Årsstudiet er ikkje i seg sjølv eit grads- eller vitnemålsgjevande studium. Årsstudier er ei kortare utdanning som kan brukast til å komplettere tidligare utdanning. Det er satt saman blant anna for å gje undervisningskompetanse for ansettelse i skuleverket.

Avlagde eksamenar vil kunne brukast i ein bachelorgrad dersom du går over til eit bachelorprogram på eit seinare tidspunkt . Dette gjeld spesielt for dei "frie" bachelorprogramma der det er stor grad av valfridom i delar av studiet . Når du er teken opp på eit årsstudium er det mogleg å søkje intern overgang til dei "frie" bachelorprogramma.

Evaluering

Evaluering av årsstudiet er regulert gjennom generelle kvalitetssikringsrutinar. Emna som inngår i studiet vert evaluert av studentar og faglærarar jevnlig.