Emnet er bygd opp av genreteori, analyse- og tolkingsteori, og av praktisk arbeid med analyse og tolking av litterære tekstar. Kjernen i emnet er den brukte teorien, det vil her seie teoriane om dei fire hovudgenrane lyrikk, epikk, dramatikk og essayistikk.
ALLV101 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap.
Studentane vil få eit historisk og systematisk overblikk over dei fire hovudgenrane og lære seg å bruke denne kunnskapen i tolking og analyse av litterære tekstar.
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar samt praktiske skriveøvingar og diskusjon i kollokvium. Normalt omfang er fire undervisningstimar og to kollokvietimar per uke i undervisningsperioden.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Studentane skal skrive ei obligatorisk øvingsoppgåve som dei får tilbakemelding på. Øvingsoppgåva blir då grunnlag for den skriftlege oppgåva som til slutt utgjer eksamen.
Studentar som vil gjere endringar i høve til standard pensum, må levere inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mi Side eller blir opplyst ved instituttet.
Ein må levere inn og få godkjent ei skriftleg oppgåve på om lag 10-12 sider (3000-3500 ord) på slutten av semesteret. Det blir arrangert munnleg eksamen der ein kan bli eksaminert i heile pensum. Kandidaten må greie begge eksamensdelane i same semester. Kvar del vil telje 50% av den samla karakteren
Hovuddelen av emnet er innføring i teori og analyse med omsyn til episk (narrativ) litteratur, lyrikk, drama og essay. I tillegg kjem ein meir generell innføring i litterær analyse og analyseteori. Pensumet er samansett både av skjønnlitteratur og av teoretisk stoff. I tillegg kjem nokre allmenne teoretiske artiklar med spesiell relevans for litterær tolking og analyse.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no