Emner: ALLV102 Eldre litteratur og poetikk fra antikken til 1700 - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet er bygd opp av litterære hovudverk frå antikken til ca. 1700, og av eit utval tekstar om grunnlagsproblem i eldre litteraturteori (historisk poetikk). Det vil bli lagt vekt på å sjå verka i lys av dei store litteraturhistoriske linene (frå antikken, gjennom mellomalder, renessanse, barokk, klassisisme og til opplysningstid) og å sjå verka i samanheng med den innføringa i tolking, analyse og genre som blir gitt i ALLV101. Utvalde sekundærlitterære tolkingar av sentrale pensumverk inngår òg i studiet.

ALLV102 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap.

Læringsutbyte

Studentane vil få ein generell oversikt over litteraturhistoria frå antikken til 1700, øving i å analysere nokre av dei mest sentrale verka frå denne perioden og innsikt i korleis skiftande epokar har forstått kva litteratur er og korleis litterære tekstar fungerer.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Emnet krev forkunnskapar som svarer til det nivået fagplanane for den vidaregåande skulen, studieretning for allmennfag, føreset i framandspråk, samfunnsfag og norsk. Det er ein fordel at studentane har avlagt examen philosophicum, og har bakgrunn i lesing av litteratur frå fleire land. Det er òg ein fordel at emna vert tekne i "rett" rekkjefølgje, dvs. med studiestart i ALLV101 om våren.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og diskusjon samt praktiske skriveøvingar i kollokvium. Normalt omfang er fire til seks undervisningstimar og to kollokvietimar per uke i undervisningsperioden.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal halde eit munnleg innlegg i samband med kollokvia. Innlegget må innleverast skriftleg (5-7 sider) og godkjennast av kollokvieleiar før ein kan gå opp til eksamen.

Studentar som vil gjere endringar i høve til standard pensum, må levere inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mi Side eller blir opplyst ved instituttet.

Vurderingsformer

Eksamen består av ein 6-timars skuleeksamen.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Litteraturliste

Pensum er samansett av representative lyriske, episke, dramatiske og essayistiske tekstar frå den eldste litteraturen (Bibelen, gresk og romersk antikk), mellomalderlitteratur (Dante, sagalitteraturen) og litteratur frå renessanse, klassisisme, opplysningstid. I tillegg kjem originaltekstar om diktekunsten (historisk poetikk), eit litteraturhistorisk innføringsverk og eit utval sekundærlitteratur til sentrale pensumverk.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no