Emner: ALLV103 Moderne litteratur og poetikk fra 1700 til i dag - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet er bygd opp av litterære hovudverk frå 1700 til i dag, og av eit utval tekstar om grunnlagsproblem i litteraturteorien i den tidlege fasen av det moderne. Det vil bli lagt vekt på å sjå verka i lys av dei store litteraturhistoriske linene (romantikk, realisme og naturalisme, fram til modernismen og postmodernismen). Utvalde sekundærlitterære tolkingar av sentrale pensumverk inngår òg i studiet.

ALLV103 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap.

Læringsutbyte

Studentane vil få ein generell oversikt over litteraturhistoria etter 1700, øving i å analysere nokre av dei mest sentrale verka frå denne perioden og innsikt i korleis skiftande epokar har forstått kva litteratur er og korleis litterære tekstar fungerer.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Emnet krev forkunnskapar som svarer til det nivået fagplanane for den vidaregåande skulen, studieretning for allmennfag, føreset i framandspråk, samfunnsfag og norsk. Det er ein fordel, men ikkje ein føresetnad, at studentane har fullført ALLV101 og ALLV102.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og diskusjon samt praktiske skriveøvingar i kollokvium. Normalt omfang er fire til seks undervisningstimar og to kollokvietimar per uke i undervisningsperioden.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal halde eit munnleg innlegg i samband med kollokvia. Innlegget må innleverast skriftleg (5-7 sider) og godkjennast av kollokvieleiar før ein kan gå opp til eksamen.

Studentar som vil gjere endringar i høve til standard pensum, må levere inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mi Side eller blir opplyst ved instituttet.

Vurderingsformer

Eksamen består av ein 6 timars skuleeksamen.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Litteraturliste

Pensum er samansett av representative lyriske, episke, dramatiske og essayistiske tekstar frå det 18. hundreåret og fram til nyare tid. I tillegg kjem nokre tekstar om grunnlagsproblem i tidleg moderne litteraturteori, ei litteraturhistorisk innføring og eit utval sekundærlitterære tolkingar til sentrale pensumverk.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no