Emnet er bygd opp av litterære hovudverk frå 1700 til i dag, og av eit utval tekstar om grunnlagsproblem i litteraturteorien i den tidlege fasen av det moderne. Det vil bli lagt vekt på å sjå verka i lys av dei store litteraturhistoriske linene (romantikk, realisme og naturalisme, fram til modernismen og postmodernismen). Utvalde sekundærlitterære tolkingar av sentrale pensumverk inngår òg i studiet.
ALLV103 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap.
Emnet krev forkunnskapar som svarer til det nivået fagplanane for den vidaregåande skulen, studieretning for allmennfag, føreset i framandspråk, samfunnsfag og norsk. Det er ein fordel, men ikkje ein føresetnad, at studentane har fullført ALLV101 og ALLV102.
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og diskusjon samt praktiske skriveøvingar i kollokvium. Normalt omfang er fire til seks undervisningstimar og to kollokvietimar per uke i undervisningsperioden.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Studenten skal halde eit munnleg innlegg i samband med kollokvia. Innlegget må innleverast skriftleg (5-7 sider) og godkjennast av kollokvieleiar før ein kan gå opp til eksamen.
Studentar som vil gjere endringar i høve til standard pensum, må levere inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mi Side eller blir opplyst ved instituttet.
Karakterskala A - F.
Pensum er samansett av representative lyriske, episke, dramatiske og essayistiske tekstar frå det 18. hundreåret og fram til nyare tid. I tillegg kjem nokre tekstar om grunnlagsproblem i tidleg moderne litteraturteori, ei litteraturhistorisk innføring og eit utval sekundærlitterære tolkingar til sentrale pensumverk.
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no