Emner: ALLV104 Moderne litteraturteori - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei grundig innføring i moderne litteraturteori frå byrjinga av 1900-talet og fram til i dag. Sentralt står spørsmål om kva litteratur er og korleis han verkar i høve til språk og subjekt, kanondanning, historie og samfunn. Forholdet mellom litteratur, kjønn og sosiale klassar er vesentleg i denne samanhengen.


ALLV104 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap.

Læringsutbyte

Studentane vil få innsikt i grunnleggjande problemstillingar innanfor moderne litteraturteori og øving i å formulere seg skriftleg og munnleg om desse

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Emnet krev forkunnskapar som svarer til det nivået fagplanane for den vidaregåande skulen, studieretning for allmennfag, føreset i framandspråk, samfunnsfag og norsk. Det er ein fordel, men ikkje ein føresetnad, at studentane har fullført ALLV101 og ALLV102.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar om dei viktigaste litteraturteoretiske retningane og diskusjon samt praktiske skriveøvingar i kollokvium. Normalt omfang er fire undervisningstimar og to kollokvietimar per uke i undervisningsperioden.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal skrive ei obligatorisk øvingsoppgåve som dei får tilbakemelding på. Øvingsoppgåva blir då grunnlag for den skriftlege oppgåva som til slutt utgjer eksamen.

Studentar som vil gjere endringar i høve til standard pensum, må levere inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mi Side eller blir opplyst ved instituttet.

Vurderingsformer

Ein må levere inn og få godkjent ei skriftleg oppgåve på om lag 10-12 sider (3000-3500 ord) på slutten av semesteret. Det blir arrangert munnleg eksamen der ein kan bli eksaminert i heile pensum. Kandidaten må greie begge eksamensdelane i same semester. Kvar del vil telje 50% av den samla karakteren.

Karakterskala

For skriftleg og munnleg eksamen får ein ei samla vurdering med karakter frå A-F.

Litteraturliste

Pensum er samansett av eit utval litteraturteoretiske originaltekstar og eit innføringsverk i moderne litteraturteori.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no