Emner: ALLV111 Allmenn litteraturvitenskap: Litteratur fra antikken til middelalder/renessanse - Vår 2024




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet består av ei rekke litterære hovudverk og eit utval sentrale tekstar om grunnlagsproblem i eldre litteraturteori (historisk poetikk) frå antikken fram til mellomalderen/renessansen. Utvalde sekundærlitterære tolkingar av sentrale pensumverk inngår òg i studiet.ALLV111 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Overlapp til ALLV102 10 stp.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og kollokvium. Normalt omfang er fire til seks undervisningstimar per veke i undervisningsperioden.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal skrive ei obligatorisk øvingsoppgåve på maks 1500 ord. Oppgåva skal vere i Times New Roman eller liknande, skriftstorleik 12, linjeavstand 1,5. Faglærar godkjenner obligatorisk undervisningsaktivitet.

Vurderingsformer

6-timars skuleeksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår. Det er og vurdering tidleg hausten 2023 for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar. Frå og med våren 2024 vert eksamen berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med https://www.uib.no/node/116194rett til ny vurderingvil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.

Litteraturliste

Emnet består av episk (narrativ) litteratur, lyrikk, drama og essay og eldre litteraturteori. Pensumet er samansett både av skjønnlitteratur og av teoretiske tekstar.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for allmenn litteraturvitskap

Emneansvarleg

Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no