Emner: ALLV112 Allmenn litteraturvitenskap: Eldre litteratur og poetikk fra middelalder/renessanse til opplysningstiden/romantikken - Vår 2024




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet består av ei rekke litterære hovudverk og eit utval sentrale tekstar om grunnlagsproblem i eldre litteraturteori (historisk poetikk) frå mellomalder/renessanse til opplysningstida/romantikken.

Utvalde sekundærlitterære tolkingar av sentrale pensumverk inngår òg i studiet. ALLV112 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Overlapp ALLV102 10 studiepoeng og ALLV103 5 studiepoeng

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og diskusjon og dessutan praktiske skriveøvingar i kollokvium. Normalt omfang er fire til seks undervisningstimar og to kollokvietimar per uke i undervisningsperioden.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å ha ei rettleiing knytt til semesteroppgåva. Studentane skal òg svare på inntil fem oppgåver som vil vere tilgjengelege på Mitt UiB. Studentane har fem dagar til å svare på oppgåvene. Oppgåvesvara skal vere i Times New Roman eller liknande, skriftstorleik 12, linjeavstand 1,5. Faglærar godkjenner obligatorisk undervisningsaktivitet. Godkjenning av obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

Vurderingsformer

Skriftleg semesteroppgåve på ca. 3500 ord. Oppgåva skal vere i Times New Roman eller liknande, skriftstorleik 12, linjeavstand 1,5. Litteraturliste, eventuell forside, innhaldsliste og vedlegg er ikkje inkludert i ordtellinga.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Vurderingssemester

Vår. Det er òg vurdering tidleg hausten 2023 for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar. Frå og med våren 2024 vert eksamen berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med https://www.uib.no/node/116194rett til ny vurdering vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.

Litteraturliste

Emnet består av episk (narrativ) litteratur, lyrikk, drama og essay og eldre litteraturteori. Pensumet er samansett både av skjønnlitteratur og av teoretiske tekstar.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for allmenn litteraturvitskap

Emneansvarleg

Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no