Emner: ALLV201 Allmenn litteraturvitenskap Litteraturteoretisk særemne - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisninga er også eit tilbod til mastergradsstudentar.

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår og haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

ALLV201 er bygd opp kring ei litteraturteoretisk retning eller eit litteraturteoretisk problemområde, men slik at det blir kasta lys over litteraturteorien frå både teoretiske og litterære pensumtekstar.

Innanfor ei spesialisering i allmenn litteraturvitskap skal studentane på 200-nivå sette saman eit litteraturteoretisk emne og eit litterært emne.

Eitt av emna på 200-nivået må ha bacheloroppgåve som eksamensform. Koden ALLV251 Litteraturteoretisk særemne med bacheloroppgåve vert brukt av dei som vil skrive ei litteraturteoretisk bacheloroppgåve. Sjå emneplanen til ALLV251.

Det er mogleg for ein student å ha både ALLV201 og ALLV251 i ein bachelorgrad med spesialisering i allmenn litteraturvitskap.

Føresetnad: Det eine emnet må vere ein del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap, det andre emnet må vere registrert som frie studiepoeng.

Dersom ein student vel å ta både ALLV201 og ALLV251, må han sørgje for at det vert lagt opp ulikt pensum i emna for å unngå fagleg overlapp.

ALLV201 kan erstattast av RET206, LITTEHF, KVIK201 eller KVIK204.

Læringsutbyte

Studentane vil lære å reflektere og arbeide sjølvstendig med litteraturteoretiske problemstillingar.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

ALLV101-104.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning blir gitt i form av seminartilbod som kan tilpassast fleire emne på 200- og 300-nivå; normalt omfang er på cirka 30 timar. Studentane blir tilrådde å byggje sitt emnepensum på tekstar og verk brukte på desse seminara, men det er også høve til å leggje opp eit individuelt pensum i samråd med faglærar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må levera inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mi Side eller blir opplyste ved instituttet.

Vurderingsformer

6-timars skuleeksamen eller alternativt, ei prøveforelesing med emne oppgitt 7 dagar før prøveforelesinga (ca. 30 minutts lengd).

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Litteraturliste

Pensum i det litteraturteoretiske særområdet omfattar ca åtte verk. Av desse skal 2 verk (eller tekstutval) vere litterære tekstar. Eit utval på 100 sider litteraturteori tel som eitt verk. Likeins tel eit utval på 25 sider lyrikk eller 150 sider kortprosa som eitt verk. Dei litterære verka skal helst lesast på originalspråket. Normalt kan studentane ikkje føre opp verk som dei har lagt opp ved tidlegare fageksamenar. Unntak frå denne regelen kan berre gjerast i samråd med faglærar. Pensum skal godkjennast av fagmiljøet.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no