Emner: ALLV250 Litteraturvitenskapelig bacheloroppgave - Vår 2024




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir studentene fordjupande innsikt i ein litterær genre, ein litterær epoke, ein forfattarskap eller eit litteraturvitskapleg problemområde. Emnet gir òg studentane djupare innsikt i litteraturvitskapleg metode og i litteraturvitskaplege problemstillingar gjennom sjølvstendig arbeid med ei skriftleg oppgåve, bacheloroppgåva. Instituttet tilbyr kvart semester undervisning i fleire tema, og studentane vel eitt av dei. Fordjupingstema varierer, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og av aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester.

Etter særskild søknad kan ein gå opp i eit tema med sjølvvalt pensum. Dette føreset at studenten allereie har eit gjennomtenkt framlegg til pensum, og at det fins rettleiingskapasitet. Slike pensa kan òg ta utgangspunkt i kurs som tidlegare er blitt haldne på 200- og 300-nivå. I båe desse tilfella blir undervisning gitt i form av individuell rettleiing.

Våren 2024 kan studentar velja mellom to tema:

Studentar i spesialisering i allmenn litteraturvitskap, som vil ta både tema 1 og tema 2 inneverande semester vel mellom ulike kombinasjonar:

Enten

eller

eller

Ta kontakt med studierettleiar eller emneansvarleg om du har spørsmål om pensum eller pensumoverlapp.Det er ikkje mogleg å ta eksamen i same tema meir enn ein gong.

Studentar i spesialisering som vel valemne ANT202 eller KVIK201 i staden for ALLV201/ALLV202 vel fritt kva for av dei to temaa dei undervisnings- og vurderingsmelder seg til i ALLV250.

https://www.uib.no/studier/BAHF-ALLV/plan#spesialiseringSjå studieplanen til bachelorprogrammet i litteraturvitskap for meir informasjon.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten har

Ferdigheiter:

Studenten kan

Generell kompetanse:

Studenten har

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Tilsvarande ALLV111-114.

Studiepoengsreduksjon

Ikkje relevant

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning blir gitt i form av seminartilbod som kan tilpassast fleire emne på 200- og 300-nivå; normalt omfang er på cirka 30 timar.

Det vert gitt undervisning i fleire tema kvart semester, og studentane vel eitt av dei ved undervisningsmelding til ALLV250. Kvart tema har felles undervisning med eitt av emna ALLV201 Litteraturvitskapleg fordjupningsemne I, ALLV202 Litteraturvitskapleg fordjupningsemne II, RET206 Litteraturvitskapleg retorikk, eller KVIK203 Litteratur, kjønn og kultur. Tema og utval vil variere frå semester til semester. Studentar kan ikkje velje same tema på fleire emne i graden.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal levere to utkast til bacheloroppgåva til fastsette fristar.

Utkasta skal godkjennast av faglærar.

I tillegg er det obligatorisk å ha rettleiing med faglærar. Rettleiing vert avtala med faglærar som underviser kurset studenten er undervisningsmeld i.

Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Eksamen består av to deler som kvar tel 50 % av endeleg karakter:

Kandidatane må greie begge eksamensdelane i same semester.

Bacheloroppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant.

Karakterskala

Karakterskala A - F

Vurderingssemester

Haust og vår. Ny, tidleg eksamen påfølgande semester berre for studentar med https://www.uib.no/student/116194/syk-p%C3%A5-eksamenrett til ny vurdering.

Litteraturliste

Pensum omfattar ca. åtte verk. Eit utval på 100 sider litteraturteori tel som eitt verk. Likeins tel eit utval på 25 sider lyrikk eller 150 sider kortprosa som eitt verk.

Instituttet gir normalt framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut delar av pensumlitteraturen i samråd med faglærar. Studentar som gjer endringar i pensum må melda instituttet om dette på eige skjema med signatur frå emneansvarleg. Skjema og opplysningar om innleveringsfristar blir publiserte på Mitt UiB ved semesterstart.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for litteraturvitskap

Emneansvarleg

Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no