ALLV251 er bygd opp kring ei litteraturteoretisk retning eller eit litteraturteoretisk problemområde, men slik at det blir kasta lys over litteraturteorien frå både teoretiske og litterære pensumtekstar.
Innanfor ei spesialisering i allmenn litteraturvitskap skal studentane på 200-nivå sette saman eit litteraturteoretisk emne og eit litterært emne. Koden ALLV251 vert brukt av dei som vil skrive ei litteraturteoretisk bacheloroppgåve. Studentane legg opp pensumet til ALLV201.
Det er mogleg for ein student å ha både ALLV201 og ALLV251 i ein bachelorgrad med spesialisering i allmenn litteraturvitskap.
Føresetnad: Det eine emnet må vere ein del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap, det andre emnet må vere registrert som frie studiepoeng.
Dersom ein student vel å ta både ALLV201 og ALLV251, må han sørgje for at det vert lagt opp ulikt pensum i emna for å unngå fagleg overlapp.
ALLV251 kan erstattast av RET256.
Undervisning blir gitt i form av seminartilbod som kan tilpassast fleire emne på 200- og 300-nivå; normalt omfang er på cirka 30 timar. Studentane blir tilrådde å byggje sitt emnepensum på tekstar og verk brukte på desse seminara, men det er også høve til å leggje opp eit individuelt pensum i samråd med faglærar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Rettleiing er obligatorisk for alle studentar og skal baserast på minimum to rettleiingsmøte. Gjennom rettleiinga skal studentane i samråd med faglærar definere eit problemområde for ei gitt bacheloroppgåve.
Studentane må levera inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mi Side.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no