Emner: ALLV252 Litterært særemne med bacheloroppgave - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Særemnet kan byggjast opp omkring eitt av følgjande område: (1) ein sentral forfattarskap (med vekt på ulike tolkingar av forfattarskapen); (2) ein litterær genre (studert anten gjennom fleire periodar eller i éin sentral periode); (3) ein litteraturhistorisk periode (t.d. antikken; klassisismen; modernismen); (4) ein litterær tradisjon (t.d. kvinnelitteratur; arbeidarlitteratur; barne- og ungdomslitteratur; fantastisk litteratur; litterære hovudmotiv eller -symbol). Det litterære særområdet skal belysast ut frå både teoretiske og litterære pensumtekstar.

Innanfor ei spesialisering i allmenn litteraturvitskap skal studentane på 200-nivå sette saman eit litteraturteoretisk emne og eit litterært emne. Koden ALLV252 vert brukt av dei som vil skrive ei litterær bacheloroppgåve. Studentane legg opp pensumet til ALLV202.

Det er mogleg for ein student å ha både ALLV202 og ALLV252 i ein bachelorgrad med spesialisering i allmenn litteraturvitskap.

Føresetnad: Det eine emnet må vere ein del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap, det andre emnet må vere registrert som frie studiepoeng.

Dersom ein student vel å ta både ALLV202 og ALLV252, må han sørgje for at det vert lagt opp ulikt pensum i emna for å unngå fagleg overlapp.

Læringsutbyte

Studentane lærer å arbeide sjølvstendig med litteraturfaglege problemstillingar i eit teoretisk og analytisk perspektiv.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Tilsvarande ALLV101-104.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning blir gitt i form av seminartilbod som kan tilpassast fleire emne på 200- og 300-nivå; normalt omfang er på cirka 30 timar. Studentane blir tilrådde å byggje sitt emnepensum på tekstar og verk brukte på desse seminara, men det er også høve til å leggje opp eit individuelt pensum i samråd med faglærar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Rettleiing er obligatorisk for alle studentar og skal baserast på minimum to rettleiingsmøte. Gjennom rettleiinga skal studentane i samråd med faglærar definere eit problemområde for ei gitt bacheloroppgåve.

Studentane må levera inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mi Side.

Vurderingsformer

Med utgangspunkt i rettleiinga og den godkjende pensumlista formulerer studentane i samråd med faglærar eit problemområde og skriv ei bacheloroppgåve på 12-15 maskinskrivne sider (ca. 3500-5000 ord). I tillegg skal det avleggjast ei munnleg prøve der det blir eksaminert både i bacheloroppgåva og i resten av pensumet. Kandidaten får ein karakter på bacheloroppgåva og ein karakter på den munnlege prøva. Kvar del vil telje 50% av den samla karakteren. Kandidaten må greie begge eksamensdelane i same semester.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Litteraturliste

Pensum omfattar ca. åtte verk. Dersom ein vel litterær bacheloroppgåve, skal to verk vere av teoretisk karakter. Sjå elles emneplanen for ALLV202 for meir detaljerte opplysningar om samansetting av pensum.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no