Mastergradsstudiet tek sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturteoretiske og -estetiske problemstillingar, i litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar, og i litteraturhistorisk, analytisk og/eller komparativt arbeid med litteratur.
ALLV302 omfattar sentrale teoretiske og metodiske problemstillingar innanfor moderne litteraturvitskap og vil såleis danne grunnlag for sjølvstendig arbeid med litteraturfaglege spørsmål.
Undervisninga er organisert som eit seminartilbod på til saman omlag 30 timar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
ALLV302 blir vurdert på basis av enten ein sju dagars skriftleg heimeeksamen over oppgitt emne (12 sider eller 4000 ord) eller ein munnleg prøveforelesing (ca. 30 minutts lengd) med emne oppgitt sju dagar på førehand.
For ALLV302, 303 og 304 gjeld det at éin (og berre éin) av desse eksamenane skal avleggjast som prøveforelesing.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no