Emner: ALLV350 Allmenn litteraturvitenskap mastergradsoppgave - Høst 2018




Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mastergradsstudiet tek sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturteoretiske og -estetiske problemstillingar, i litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar, og i litteraturhistorisk, analytisk og/eller komparativt arbeid med litteratur. Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studentane dokumentere at dei kan finne fram til og avgrense problemstillingar, og arbeide systematisk og metodisk innanfor presise faglege rammer.

 

Masteroppgåva kan omfatte både litterære og teoretiske emne. Ein kan òg velje emne frå faghistorie, litteraturpedagogikk eller -formidling, eller ein kan ta for seg emne av tverrestetisk karakter. Som masteroppgåve kan også godkjennast fleire mindre arbeid som tematisk eller metodisk heng saman, eller delar av gruppearbeid som lar seg evaluere individuelt.

 

 

 

Læringsutbyte

Studenten lærer å arbeide med litteraturfaglege problemstillingar på ein kritisk og sjølvstendig måte.

Krav til forkunnskapar

Emnet byggjer på bachelorgrad med 90 poeng spesialisering i allmenn litteraturvitskap, eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Alle studentane får ved utgangen av det første semesteret tildelt ein fagleg rettleiar for arbeidet med masteroppgåva.

Oppgåva skal vere på 70-110 sider (23000-33000 ord), og skal svare til ein samla arbeidsinnsats på 2 semester (60 studiepoeng).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Alle mastergradsstudentar må skrive kontrakt med instituttet, der rettar og plikter er presiserte.

 

Vurderingsformer

Masteroppgåva skal leverast innan dei gjeldande fristane. Etter at masteroppgåva er godkjent og vurdert, går kandidaten opp til ein munnleg eksamen som har tilknyting til masteroppgåva. Munnleg eksamen kan justere karakteren for masteroppgåva med inntil éin karakter opp eller ned.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for litteraturvitskap

Emneansvarleg

Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no