Emner: ANT202 Antikkens litteratur - Vår 2014




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gjev studentane breiare og djupare kjennskap til gresk og romersk litteratur frå Homer (ca. 750 f.Kr) til Augustin (ca 400 e.Kr). Det femner ikkje berre om dei skjønnlitterære sjangrane (epos, lyrikk, drama og roman), men og om den kunstnarleg utforma prosaen, som hjå grekarane og romarane mest var å finna i faglitteraturen, i historieskriving, talar og filosofi. Studentane les eit breitt utval av dei viktigaste antikke forfattarane og studerer dei i deira litteraturhistoriske kontekst.

Emnet overlappar heilt med det tidlegare emnet ANT101 og vil ikkje gje utteljing i nye 15 studiepoeng dersom ein allereie har teke eksamen i ANT101.

Sjå også kursa i antikkens kultur ved dei norske institutta i Roma og Athen.

Læringsutbyte

Studentane skal få kunnskap om den antikke litteraturen og om den historiske og sosiale konteksten omkring den. Dei skal og bli kjende med forskingstradisjonane omkring gresk og romersk litteratur, og med problema rundt tekstoverlevering og tekstutgjeving. Gjennom ei øvingsoppgåve skal dei og vise evne til sjølvstendig vurdering av forskingsresultata innan denne tradisjonen.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ANTV101 eller ALLV102.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar/seminar over valde delar av pensum.

Førelesingar: Om lag 26 timar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk øvingsoppgåve.

Vurderingsformer

Seks timars skuleeksamen.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Fagleg overlapp

Emnet overlappar heilt med det tidlegare emnet ANT101 og vil ikkje gje utteljing i nye 15 studiepoeng dersom ein allereie har teke eksamen i ANT101.

Litteraturliste

Pensumet omfattar eit utval av greske og romerske tekstar i oversetjing, eit litteraturhistorisk oversynsverk og eit utval vitskaplege artiklar.

Eit verk som tidlegare er lese som pensum på eit anna fag, kan ikkje leggjast opp på ny.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no