Emner: AORG209 Politisk styring og organisering - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår og haust

Mål og innhald

Emnet skal formidle meir inngåande kjennskap til forsking innan utvalte hovudtema i studiet av forholdet mellom politikk og organisasjon. Undervisninga skal gje innsikt i forsking, funn og tolkingar i studiet av politisk styring, makt og demokrati, og styrke di evne til å nærma deg problemstillingar omkring desse tema på ein sjølvstendig og kritisk måte. Emnet skal gi deg eit betre fagleg grunnlag for fordjuping og spesialisering, mellom anna for arbeidet med bacheloroppgåva.

Sentralt i emnet står forholdet mellom politikk og organisasjon slik dette artar seg på ulike styringsnivå: på lokalt, nasjonalt og overnasjonalt nivå og i relasjonar mellom dei ulike nivåa. Det vert fokusert på ulike organisasjons- og reguleringsformer, dei kunnskapsmessige føresetnader som politisk styring er tufta på og konsekvensar av desse.

Læringsutbyte

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

AORG101, AORG104 og AORG103/AORG105/AORG107

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesning og seminarsamling

Om lag ei førelesing i veka. Nokre veker er førelesninga i seminarform.

Om lag 12 - 16

Omkring 14 samlingar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent obligatorisk essay inntil 2000-3000 ord, par-essay 3000-4000 ord. I tilknyting er essayet det og ei obligatorisk munnleg presentasjon og kommentering av ein anna student sin presentasjon. Godkjend arbeidskrav har inga tidsavgrensning.

Vurderingsformer

4-timar skuleeksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår og haust

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. studieår

Kontaktinformasjon

studieveileder@aorg.uib.no

 

Institutt

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap