Emner: AORG250 Bacheloroppgave i administrasjon og organisasjonsvitenskap - Høst 2018




Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår og haust

Mål og innhald

Målet med bacheloroppgåva er å gi deg ei forståing av korleis teoretiske perspektiv og empirisk materiale vert knytt saman i eit forskingsarbeid, og å gi deg trening i å utarbeide eit sjølvstendig skriftleg arbeid under rettleiing.

Bacheloroppgåvekurset er innhaldsmessig fokusert kring sentrale aspekt ved oppgåveskriving:

  1. Formelle krav: Korleis ser ei bacheloroppgåve ut? Kva formelle krav vert stilt?
  2. Problemstillingar knytt til sjølve skriveprosessen. Korleis går ein fram for å skrive oppgåva? Kurset skal munne ut i eit sjølvstendig skriftleg arbeid.
  3. Grunnleggande design og forskingsmetode.

Oppgåvetema og problemstilling for bacheloroppgåva skal ha sitt utgangspunkt i eit av dei tematiske fordjupingsemna på 200-nivå som det til ei kvar tid vert undervist i ved instituttet. Dersom studenten ikkje føljer slik undervisning så kan det etter søknad bli opna for unntak, men då i samråd med instituttet.

 

 

 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Studenten kan:

Ferdigheter

Studenten kan:

Generell kompetanse

Studenten kan:

Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng innanfor spesialiseringsemne i bachelorgraden administrasjon og organisasjonsvitenskap. MET102 må vera eit av emna.

 

 

Tilrådde forkunnskapar

AORG101, MET102, AORG104 og AORG103/AORG105/AORG107

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, rettleiingsseminar og individuell rettleiing.

Omfanget kan variere med talet på oppmelde studentar. Semesterplan blir offentleg ved semesterstart.

Studentar som allereie har fått tilbod om rettleiing i AORG250 eit semester, har ikkje krav på ny rettleiing i seinare semester. Dette gjeld både studentar som tek emnet om igjen og studentar som utset eksamensinnleveringa.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal levera inn rettleiingskontrakt til fastsatt frist.

Studentane skal leggja fram eit skriftleg utkast til bacheloroppgåve og kommentera eit tilsvarande utkast frå ein medstudent på rettleiingsseminaret.

Arbeidskrava må være godkjent før eksamen kan avleggast. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt påfølgjande eksamenssemester.

Vurderingsformer

Individuell skriven innlevering av bacheloroppgåve 8000 ord (+/- 10% )

 

 

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

10 studiepoeng mot AORG202

Vurderingssemester

Vår og haust

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. studieår.

Kontaktinformasjon

studieveileder@aorg.uib.no

 

Institutt

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap