Emner: AORG250 Bacheloroppgave i administrasjon og organisasjonsvitenskap - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår og haust

Mål og innhald

Målet med bacheloroppgåva er å gi deg ei forståing av korleis teoretiske perspektiv og empirisk materiale vert knytt saman i eit forskingsarbeid, og å gi deg trening i å utarbeide eit sjølvstendig skriftleg arbeid under rettleiing.

Bacheloroppgåvekurset er innhaldsmessig fokusert kring sentrale aspekt ved oppgåveskriving:

  1. Formelle krav: Korleis ser ei bacheloroppgåve ut? Kva formelle krav vert stilt?
  2. Problemstillingar knytt til sjølve skriveprosessen. Korleis går ein fram for å skrive oppgåva? Kurset skal munne ut i eit sjølvstendig skriftleg arbeid.

Oppgåvetema og problemstilling for bacheloroppgåva skal ha sitt utgangspunkt i eit av dei tematiske fordjupingsemna på 200-nivå som det til ei kvar tid vert undervist i ved instituttet. Dersom studenten ikkje føljer slik undervisning så kan det etter søknad bli opna for unntak, men då i samråd med instituttet.

Læringsutbyte

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

AORG101, MET102, AORG104 og AORG103/AORG105/AORG107

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, rettleiingsseminar og individuell rettleiing.

Omfanget kan variere med talet på oppmelde studentar. Semesterplan blir offentleg ved semesterstart.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal leggja fram eit skriftleg utkast til bacheloroppgåve og kommentera eit tilsvarande utkast frå ein medstudent på rettleiingsseminaret.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt påfølgjande eksamenssemester.

Vurderingsformer

Individuell skriven innlevering av bacheloroppgåve ( 5500-6000 ord, ca 20 sider)

 

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

10 studiepoeng mot AORG202

Vurderingssemester

Vår og haust

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. studieår.

Kontaktinformasjon

studieveileder@aorg.uib.no

 

Institutt

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap