Emner: AORG320 Organisasjon og politikk - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Undervisningssemester

Haust

 

Mål og innhald

Føremålet med emnet er å hjelpe deg til å forstå og analysere forholdet mellom organisasjon og offentleg politikk på ein sjølvstendig og kritisk måte. Utvalte teoritradisjonar og diskursar i kvar av desse områda er sentrale, men hovudvekta ligg på den forskingstradisjonen som studerer relasjonar mellom dei. Emnet skal formidle empirisk basert kunnskap om maktforhold i og mellom organisasjonar i ulike sektorar av samfunnet.

Emnet er bygd opp omkring tre sentrale sider ved faget:

  1. Faget sin historie, sentrale tema, teoriforankring og klassiske bidrag,
  2. Organisasjonsteorien sin historiske utvikling og institusjonalisering av ulike skuleretningar og sentrale relaterte diskursar,
  3. Ulike analysetradisjonar og tilnærmingar til studiet av offentleg politikk, makt og organisasjon.

Læringsutbyte

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:

 

Tilrådde forkunnskapar

AORG101, AORG104, AORG103/AORG105/AORG107, AORG209/AORG210

Krav til studierett

Emnet er for studentar som er tatt opp til masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Seminar og førelesingar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Presentasjon av eit kortare essay om eit pensumrelatert tema. I tillegg skal kvar student minst ein gong kommentere eit skriftleg/munnleg framlegg frå ein annan student. Arbeidskravet er gyldig inneverande semester og påfølgjande eksamenssemester.

 

 

Vurderingsformer

Ei veke (7 dagar) Heimeeksamen 5000 ord (+/- 10%) og fire timer skuleeksamen. Heimeksamen og skuleeksamen er likt vekta, og samla karakter vil bli gitt.

 

 

 

 

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. studieår.

Kontaktinformasjon

studieveileder@aorg.uib.no

Institutt

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap