Emner: AORG320 Organisasjon og politikk - Vår 2014
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Føremålet med emnet er å hjelpe deg til å forstå og analysere forholdet mellom organisasjon og offentleg politikk på ein sjølvstendig og kritisk måte. Utvalte teoritradisjonar og diskursar i kvar av desse områda er sentrale, men hovudvekta ligg på den forskingstradisjonen som studerer relasjonar mellom dei. Emnet skal formidle empirisk basert kunnskap om maktforhold i og mellom organisasjonar i ulike sektorar av samfunnet.
Emnet er bygd opp omkring tre sentrale sider ved faget:
- Faget sin historie, sentrale tema, teoriforankring og klassiske bidrag,
- Organisasjonsteorien sin historiske utvikling og institusjonalisering av ulike skuleretningar og sentrale relaterte diskursar,
- Ulike analysetradisjonar og tilnærmingar til studiet av offentleg politikk, makt og organisasjon.
Læringsutbyte
Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:
- Gi ei oversikt over nyare forsking innan organisasjonsteori og offentleg politikk og korleis desse felta kan kombinerast.
- Studenten skal kunna utvikla og presentera kritiske vurderingar av fagleg litteratur i gjennom eit undervisningsopplegg som kombinerer førelesingar og seminarformatet som medfører skriving, presentasjon og diskusjon av essays.
- Drøfte og nytte emnet sitt innhald ved eksamen og arbeidet med masteroppgåva.
Tilrådde forkunnskapar
AORG101, AORG104, AORG103/AORG105/AORG107, AORG209/AORG210
Krav til studierett
Emnet er for studentar som er tatt opp til masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Seminar og førelesingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Presentasjon av eit kortare essay om eit pensumrelatert tema. I tillegg skal kvar student minst ein gong kommentere eit skriftleg/munnleg framlegg frå ein annan student. Arbeidskravet er gyldig inneverande semester og påfølgjande eksamenssemester.
Vurderingsformer
Ei veke (7 dagar) Heimeeksamen (4500-5000 ord, ca 15 sider) og fire timer skuleeksamen (½ + ½) Samla karakter vil bli gitt
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Emnet vert evaluert kvart 3. studieår.
Kontaktinformasjon
studieveileder@aorg.uib.no
Institutt
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap