Emner: AORG320A Organisasjonsteori - Høst 2018
Undervisningsspråk
Norsk/engelsk
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Føremålet med emnet er å hjelpe studenten til å forstå og bruke organisasjonsteori i studiet av offentleg politikk og forvaltning på ein sjølvstendig og kritisk måte. Klassiske og nyare organisasjonsteori og institusjonell teori står sentralt. Desse gjer innsikt i forskjellige teoretiske retningar i faget, samt innsikt i korleis ulike formar for og verkemiddel knytt til organisering vert nytta i praksis. Det vert lagt vekt på å førebu studenten på sjølvstendig bruk av teoritradisjonane i empirisk analyse knytt til arbeidet med masteroppgåva. På masternivå har organisasjonsteorien eit meir avansert siktemål enn på bachelor-nivå .. Kurset skal hjelpe studenten 1) å nytta organisasjonsteori i eigen forsking, 2) å oppnå ei djupare og klårare forståing av grunnleggjande omgrep og utkrystallisering i ulike retningar eigna til å klargjera ulike typar av problem og 3) å identifisera sentrale forskingsbidrag som ligg i front internasjonalt.
Emnet er bygd opp omkring fire sentrale sider ved faget:
- Sentrale tema og problemstillingar i klassiske og nyare bidrag i studiet av formelle organisasjonar.
- Historiske utviklingslinjer i organisasjonsteori, spesielt i høve til studiet av offentleg forvaltning og politikk.
- Organisasjonsteoretiske tilnærmingar som bind saman studiet av offentleg forvaltning og politikk
- Empiriske studiar av organisering og organisasjonar i (eller med relevans for) offentlig forvaltning
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskaper
Studenten
- har inngåande og avansert kunnskap om nyare organisasjonsteori og institusjonell teori
- kan gje eit systematisk oversyn over nyare organisasjonsteori og institusjonell teori og korleis teorien vert nytta i studiet av offentleg forvaltning og politikk.
- kan gjera greie for den historiske utviklinga av fagfeltet
- kan bruke kunnskapen til å analysere relevante faglege problemstillingar med utgangspunkt i fagområdet si historie og egenart
Ferdigheter
Studenten
- kan utvikle og presentere kritiske vurderingar av fagleg litteratur
- kan drøfta og vurdera relevansen av ulike faglege bidrag i møte med ulike samfunnsproblem
- kan setja seg systematisk inn i eit teorifelt
- kan bruka organisasjonsteori og institusjonell teori i eit sjølvstendig forskingsarbeid
Generell kompetanse
Studenten
- kan bruka fagkompetansen på nye område og tema
- kan gjera sjølvstendige faglege vurderingar av relevante organisasjonar og institusjonar i samfunnet
- kan formidle og diskutere avanserte faglege resonnement til andre
- kan bidra til praktisk anvending av relevant faglig innsikt i skriftleg og munnleg drøfting med relevante aktørar i offentleg politikk og forvaltning
- kan medverke til teoretisk nytenking og utvikling av fagområdet
Tilrådde forkunnskapar
AORG101, AORG104, AORG103 / AORG105 / AORG107, AORG209 / AORG210
Studiepoengsreduksjon
Fullstendig overlap og total poengreduksjon med AORG320B.
Krav til studierett
Emnet er for studentar som er tatt opp til masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesning. Nokre veker er førelesninga i seminarform, leda av faglærar. Studentene forventes å ta aktivt del i diskusjonen og kommentere minst en gang på et skriftlig/muntlig bidrag fra en annen student.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Presentasjon av et kortere essay om et pensumrelatert tema. I tillegg skal hver student minst en gang kommentere et skriftlig/muntlig bidrag fra en annen student. Arbeidskravet er gyldig inneværende semester og påfølgende eksamenssemester.
Arbeidskravet må være godkjent for å kunne ta eksamen.
Vurderingsformer
3 dagars heimeeksamen
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust
Emneevaluering
Evaluering hvert 3. år.
Administrativt ansvarleg
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap
Kontaktinformasjon
Studierettleiar@aorg.uib.no
Tlf 55 58 21 54