Emner: AORG321 Metode - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Undervisningssemester

Haust

 

Mål og innhald

Administrasjon og organisasjonsvitskap er karakterisert ved metodepluralisme. På alle nivå legg metodeundervisninga vekt på både vitskapsteori og trening i å velje metode i forhold til problemstilling. Du får høve til å spisse metodekunnskapen din ved å velje blant ulike aktuelle metodar.

Føremålet med emnet er å ta opp grunnomgrep og arbeidsmetodar i faget til diskusjon, fremje innsikt i teoretiske problemstillingar, trene deg i å sjå samanhengen mellom teori og data og å gjere deg i stand til sjølv å kunne utvikle slike samanhengar.

Emnet byggjer på kunnskap om ulike metodiske tilnærmingar og teknikkar tilsvarande det som vert undervist i på MET102 Samfunnsvitskapleg metode. Emnet gir ein vidaregåande framstilling av samanhengen mellom teori og empiri i utvalte områdar. Gjennom eksamensessayet vil du sjølv kunne få høve til å sameine eit forskingsproblem med eit metodisk adekvat forskingsopplegg.

 

 

Læringsutbyte

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:

Krav til forkunnskapar

MET102, eller tilsvarande metodekunnskapar godkjend av instituttet.

Tilrådde forkunnskapar

AORG101, AORG104, AORG103/AORG105/AORG107, AORG209/AORG210

Krav til studierett

Emnet er for studentar som er tatt opp til masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, rettleiingsseminar og individuell rettleiing.


Obligatorisk undervisningsaktivitet

Presentasjon av utkast til eksamensessay. I tillegg skal kvar student minst ein gong kommentere eit skriftleg/munnleg framlegg frå ein annan student. Arbeidskravet er gyldig inneverande semester og påfølgjande eksamenssemester.

 

Vurderingsformer

Essay 7000 ord (+/- 10 %) og 4 timars skriftleg eksamen. Essay tel 2/3 og skuleeksamen tel 1/3. Samla karakter vil bli gitt.

 

 

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

AORG307B - 15 studiepoeng og AORG307A - 10 studiepoeng.

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. studieår.

Kontaktinformasjon

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap

studieveileder@aorg.uib.no

 

Institutt

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap