Emner: AORG323A Kvalitativ metode - Høst 2018




Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Føremålet med kurset er å ta opp grunnomgrep og arbeidsmetodar i faget til diskusjon, trene studentane i å identifisere samanhengen mellom teori og data og å gjere dei i stand til sjølv å kunne utvikle slike samanhengar. Kurset vil lære studentane relevansen av positivistiske, hermeneutiske og diskursive forskingstilnærmingar i studiar av organisasjon og politikk med omsyn til å utvikle eit eige forskingsopplegg. Vidare vil kurset ta sikte på å presentere konkrete metodar for studentane slik at dei seinare kan velje frå ein brei meny av forskingsmetodar i arbeidet med masteroppgåva. Samstundes skal kurset gi studentane evne til å forstå og drøfte kritisk metodar i andre forskingsbidrag som dei møter i samband med til dømes utarbeiding av litteraturstudiar. Eit gjennomgangstema på kurset vil være forskingsdesign, der vi tek sikte på å vise korleis dei ulike delane av forskingsprosessen står i høve til kvarandre. Endeleg er det eit mål å vise studentane korleis metodologiske val heng saman med ulike vitskapsteretiske tradisjonar.

Kurset har følgjande komponentar:

  1. Vitskapsteori og grunnleggjande omgrepsanalyse
  2. Forskingsdesign
  3. Case som forskingsstrategi
  4. Tekstanalyse og dokumentdata
  5. Kvalitativt intervju

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Ferdigheter

Generell kompetanse

Tilrådde forkunnskapar

AORG101, AORG104, AORG103 / AORG105 / AORG107, AORG209 / AORG210

Studiepoengsreduksjon

Fullstendig overlap og total poengreduksjon med AORG323B, AORG319 og AORG321.

Krav til studierett

Emnet er for studentar som er tatt opp til masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap.

Arbeids- og undervisningsformer

Hovudsakleg forelesningar. I tillegg eit seminar der studentane er pliktige til minst ein gong å presentere utkast og kommentere andre studentar sine framlegg.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Presentasjon av et kortare essay om eit pensumrelatert tema. I tillegg skal kvar student minst ein gang kommentere eit skriftleg/munnleg bidrag frå ein annen student. Arbeidskravet er gyldig inneverande semester og påfølgande eksamenssemester.

Vurderingsformer

Skriftleg essay (6.000 ord).

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Evaluering hvert 3. år.

Administrativt ansvarleg

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@aorg.uib.no

Tlf 55 58 21 54