Føremålet med kurset er å ta opp grunnomgrep og arbeidsmetodar i faget til diskusjon, trene studentane i å identifisere samanhengen mellom teori og data og å gjere dei i stand til sjølv å kunne utvikle slike samanhengar. Kurset vil lære studentane relevansen av positivistiske, hermeneutiske og diskursive forskingstilnærmingar i studiar av organisasjon og politikk med omsyn til å utvikle eit eige forskingsopplegg. Vidare vil kurset ta sikte på å presentere konkrete metodar for studentane slik at dei seinare kan velje frå ein brei meny av forskingsmetodar i arbeidet med masteroppgåva. Samstundes skal kurset gi studentane evne til å forstå og drøfte kritisk metodar i andre forskingsbidrag som dei møter i samband med til dømes utarbeiding av litteraturstudiar. Eit gjennomgangstema på kurset vil være forskingsdesign, der vi tek sikte på å vise korleis dei ulike delane av forskingsprosessen står i høve til kvarandre. Endeleg er det eit mål å vise studentane korleis metodologiske val heng saman med ulike vitskapsteretiske tradisjonar.
Kurset har følgjande komponentar:
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskaper
Ferdigheter
Generell kompetanse
Hovudsakleg forelesningar. I tillegg eit seminar der studentane er pliktige til minst ein gong å presentere utkast og kommentere andre studentar sine framlegg.
Studierettleiar@aorg.uib.no
Tlf 55 58 21 54