Vår og haust
I utviklinga av masteroppgåva øvast du opp til sjølvstendig vitskapleg arbeid og framstilling.
Masteroppgåva skal handle om eit tema som er relevant for administrasjon og organisasjonsvitskap. Oppgåvetema og problemstilling for masteroppgåva skal ha sitt utgangspunkt i eit av dei tematisk organiserte forskargruppene som til ei kvar tid strukturerer forskings- og seminarverksemda ved instituttet. Det vert forventa at du følgjer forskingsseminaret som forskargruppa organiserer i arbeidet med masteroppgåva. Du pliktar å følje eit av forskarseminara som di forskargruppe organiserar.
Kunnskaper
Studenten har inngående kunnskapar om:
Ferdigheter
Studenten kan:
Generell kompetanse
Studenten
For studenter tatt opp høsten 2017 eller tidligere: AORG320 Organisasjon og politikk, AORG321 Metodelære, AORG322 Forskningsdesign og AORG323 Forskningsfelt
Deltaking på forskargrupper og individuell rettleiing.
I semester 1. av AORG350 delta på obligatorisk seminar om framdriftsplan, og planlegge masterprosjektet. Innlevering av framdriftsplan til fastsatt frist.
Presentasjon av utkast til masteroppgåve. Studenten skal minst ein gong pr. semester kommentere eit skriftleg/munnleg framlegg frå ein annan student. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er berre gyldige i inneverande semester og må fullførast kvart semester studenten er meld i emnet. Arbeidskrava må være godkjent før eksamen kan avlegast.
Eksamenssemester:
Masteroppgåva skal leverast i fjerde semester og det er følgjande faste fristar for vår- og haustsemesteret: 1. juni og 1. desember. Innlevering av masteroppgåva på anna tidspunkt må skje etter individuell søknad.
Eksamensform:
Innlevering av masteroppgåve. Masteroppgåva skal leverast elektronisk.
Oppgåva skal vere på 120 sider, unnateke framside, innhaldsliste, litteraturliste og vedlegg. Instituttet kan gi løyve til å skriva lengre oppgåver dersom særskilte faglege årsaker ligg føre. Grunngjeven søknad skal sendast til instituttleiar.
Studierettleiar ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap
studieveileder@aorg.uib.no
Telefon: 55 58 21 54
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap. I arbeidet med masteroppgåva er det rettleiar som er fagleg ansvarleg.