Emner: AORG607 Forvaltningspolitikk - Medvirkning, styring og autonomi - Vår 2014




Studienivå (studiesyklus)

Vidareutdanning

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Ujamnt

Mål og innhald

I løpet av dei siste 20-25 åra har det blitt utvikla ein aktiv forvaltningspolitikk i den norske statsforvaltninga, prega av ein effektivitetstankegang og med vekt på marknads- og management, mål- og resultatstyring og fristilling.
Kurset skal medverka til å kartleggja og analysera forvaltningspolitikken og dei aktuelle organisasjonsformene i offentleg sektor. Det vil bli drøfta kva som meinest med forvaltningspolitikk og vilkår for å driva ein aktiv forvaltningspolitikk.Ulike perspektiv på reform og endring vil bli gjennomgått. Siktemålet er å auka kunnskapsgrunnlaget om alternative organisasjonsformer i offentleg sektor, om effektane av administrative reformer og om korleis ulike organisasjonsformer blir til og endrar seg.Eit sentralt tema er spenningsforholdet mellom aktiv folkevalt styring, administrativ kontroll og tilsette sin medverknad.Tilpassing til internasjonale forvaltningspolitiske doktrinar, slik dei mellom anna kjem til uttrykk gjennom New Public Management, og til etablert forvaltningstradisjon og kultur vil også bli tatt opp.
Med forvaltningspolitikk meinest medvitne forsøk på å endra innhaldet i offentleg politikk gjennom endringar i formelle strukturar, prosessar, prosedyrar eller personale. Det kan skiljast mellom tre gjensidig samanhengande delar av forvaltningspolitikken:

I Strukturorientert, med fokus på fristilling og endringari tilknytingsformer

II Prosessorientert, med fokus på mål- og resultatstyring

III Personalorientert, med fokus på leiing og tilsette sin kompetanse

Dette kurset vil ha eit særleg fokus mot kva strukturorienterte, prosessorienterte og personalorienterte implikasjoner forvaltningspolitikken i dei siste 20-25 åra har hatt i offentleg sektor. Ein aktiv forvaltningspolitikk inneber for det første eit spørsmål om styringsevne og makt. Kven er dei sentrale forvaltningspolitiske aktørane? Førestellinga om regjeringa og Stortinget sin instruksjons- og organisasjonsrett må haldast opp mot tilsette sin medverknad og makt forankra i ulike profesjonar, forvaltningsorgan og interesseorganisasjonar.

For det andre føreset ein aktiv forvaltningspolitikk at det finst klare mål og ei klar mål-middelforståing. Kva visjonar og program finst og kva verkemiddel blir tatt i bruk? Kor tett er koplinga mellom mål og middel?

Ei tredje viktig side ved forvaltningspolitikken er kva effektar, konsekvensar og implikasjoner den har. Spelar det noko rolle korleis ein organiserer forvaltninga? Kva er effektane av endringar i denne organiseringa? Effektar er ofte noko som blir lovt eller er forventa men kor det er vanskelegare å påvisa klare og sterke samanhengar mellom endringar i organisasjonsformer og samfunnsmessige verknader.

Ei fjerde side ved forvaltningspolitikken som blir tatt opp er den normative. Bidrar reformene til at utviklinga går i rett eller gal retning? Kva er kriteria for godt og dårleg, for positiv og negativ utvikling? Har ulike grupper og aktørar ulike suksesskriterier og i kva grad er standardene klare og utvitydige eller uklare kompromiss mellom kryssande krav og omsyn? Kurset vil også gi kjennskap til mål- og resultatstyring gjennom budsjettet, samhandling mellom forvaltningsnivå, mellom politikk og byråkrati, og fagforeininga si rolle og innverknad i prosessen.

To grunnleggjande utgangspunkt er viktig for eit studie av reformer i offentleg sektor. For det første at slike prosessar inngår i eit politisk-administrativt styringssystem underlagt folkevalt styring og kontroll. For det andre at dei blir utforma og gjennomført i eit multifunksjonelt forvaltningsapparat som utgjer ei kompleks blanding av aktørar, oppgåver, forventningar, omsyn, prinsipp, interesser, ressursar og reglar. I ein viss grad vil vi også framstilla og forklara kva endringer som har skjedd i budsjettarbeidet i staten dei siste 15 åra med innføring av rammebudsjettordningar, endringar i løyvingsreglementet og innføring av nytt økonomistyringsreglement i staten.

Læringsutbyte

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:

Krav til forkunnskapar

Studiet er lagt til rette for lærande med og utan allmenn studiekompetanse. Det vil seia at også studentar uten vidaregåande skole eller tilsvarande kan søkja om opptak.

Studentane blir tatt opp på grunnlag av forkunnskapar og erfaring frå arbeidslivet som blir rekna som nødvendige/relevante for å nyttiggjera seg studietilbodet. Det blir innvilga avgrensa studierett. Dette inneber at retten til å studera ved universitetet er knytt opp mot dette studietilbodet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Læringsformer

Studietilbodet er basert på tre sentrale læringsformer: samlingar, IKT-støtta læring og sjølvstudium.

Allment

Gruppe- og studentaktivitet vs forelesingar

Graden av studentstyring aukar utover i programmet. Første samling vil minna ein god del om den tradisjonelle studieforma, med forelesinga som utgangspunkt. Etter kvart vil forelesingane bli meir dialogorienterte, og drøftinga av dei teoretiske bidraga bli styrt av dei problemstillingane studentane tar opp.

Studenten si førebuing og deltaking

Det blir forventa at studenten har gjort seg kjent med pensum relevant for samlingane. Til 2. og 3. samling blir det forventa at studenten har arbeidd aktivt med stoffet og tatt del i studentdrivne aktivitetar (kollokvier/IKT-støtta læring).

Samlingar

Samlingane har to hovudaktivitetar: ulike former for forelesingar og ulike former for gruppearbeid. Forelesingane er bygde opp som dialogundervisning ved at studentane får høve til å kommentera og kritisera stoffet som blir lagt fram. Dermed blir erfaringane til studentane brukt som ein ressurs i undervisninga, samtidig som forelesaren får høve til å drøfta eigne forskingsresultat og hypotesar med ei særleg kompetent forsamling. Om læringsprosessen skal bli vellukka, må likevel studentane si deltaking i undervisning bli knytt til ei opplæring i analytisk og kritisk tenking. Omgrep og teoriar frå pensum må nyttast på sentrale problemområde i studiet i tillegg til at dette setter eigne erfaringar og arbeidsoppgåver i perspektiv. Ved eksamen vil evne til sjølvrefleksjon bli premiert. Resultata som studentane produserer i samlingane vil kunne delast av deltakarane via den felles nettstaden som blir utvikla dynamisk gjennom studiet.

Mellom samlingane

Aktivitetene mellom samlingene er frivillige, men det blir forventa at studenten gjennomfører sjølvstudium, og tar del i felles aktivitetar, anten som fysiske møte eller ved bruk av IKT.

Sjølvstudium

Det blir stilt store krav til studentane om aktiv medverknad i undervisninga, men også disiplinert sjølvstudium. Det blir føresett at deltakarane følgjer studieprogresjonen gjennom oppmøte til undervisning, gruppearbeid og rettleiing. Studentane utviklar i samlingane ulike dokument og andre resultat som vil vera til støtte i periodane mellom samlingane. På grunn av den utstrakte bruken av IKT vil studentane ha tilgang til eige materiale frå samlingane under gjennomføringa av aktivitetane mellom samlingane.

Studentorgansierte fellesaktivitetar

Når fysiske møte er vanskelege bør studentane nytta seg av ulike teknikkar for å utveksle synspunkt. Dersom ein nyttar IKT-støtta læring kan somme av ulempene med lange fysiske avstandar bli kompenserte for.

Sjølvvalt pensum

I samanheng med desse kursoppgåvene skal studentane sjølv velja ut delar av litteraturen og leggja denne opp som sjølvvalt pensum. Det sjølvvalte pensumet skal vera på om lag 250 sider og må godkjennast av fagansvarleg/rettleiar før eksamen.

IKT-støtta læring

Tilretteleggjinga av dette studiet tar utgangspunkt i eit læringssyn som legg vekt på nærleik til arbeidsplassen og effekten av å dela kunnskap for å utvikla ny kunnskap. Med nærleik til arbeidsplassen er meint sjansen for å bringa inn problemstillingar, spørsmål og svar henta frå eigen eller andre sin kvardag til beste for læringsmålet. Å dela kunnskap - og dermed å utvikla kunnskap i fellesskap - er vurdert som meir effektivt enn berre eit sjølvstudium. Også av den grunn vil studentane bli samla i eigna samlingar, samt få høve til å kunna utnytta IKT til dialog mellom samlingar. Studentane vil få høve til å ta vare på resultat i digital form under studiet, slik at de kan nyttast og utviklast gjennom heile studiet.

Føresetnader for nettbasert informasjonstilgang og dialog

I samband med samlingar vil studentane få tilgang til moderne og læringsorientert IKT. Bruken av og resultata frå desse vil studenten kunne ha nytte av også mellom samlingane. Det er etablert ei eiga heimeside for tiltaket. På denne sida vil studenten finna slik informasjon:

Til kvart av desse vala vil studenten finna både opplysningar og høve til dialog innafor studentgruppa, mellom student og rettleiar, og vindu mot verda via internett. Den interaktive delen mellom faglege ansvarlege og studentane gjeld i første rekkje rettleiing og spørsmål/dialog.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunna gå opp til eksamen må studenten ha levert inn ei kursoppgåve vurdert til bestått. Kursoppgåva kan løysast individuelt eller i grupper. Samansetjinga av gruppa blir avtalt med faglærar.
Moglege kursoppgåver vil bli oppgitt, men studentane kan også sjølv velja tema i samråd med fagansvarleg. I samband med dette definerer gruppene ei problemstilling og viser at medlemmene kan nytta dei perspektiva som er knytt til studietilbudet relatert til eigen arbeidplass/organisasjon innanfor ramma av 15 studiepoeng.
Oppgåver som blir skrivne i grupper bør ha eit omfang på om lag 20 sider, mens individuelle oppgåver bør ha eit omfang på om lag 8-10 sider.

Vurderingsformer

Studietilbodet blir avslutta med ein 5 timars skoleeksamen. Denne blir arrangert ved UiB eller ved dei same stadane som dei regionale samlingane.

Karakterskala

Ved vurderingen brukes karakterskalaen fra A - F.

Vurderingssemester

Ujamnt

Litteraturliste

Studietilbodet er basert på at studentane har tilgang på PC med tilkopling til internett. Studentane bør velja enklast moglege teknologi - som er tilstrekkeleg for det målet ein har med dialogen. Det blir kravt standard PC med skrivar, minimum Windows-95, Word-97 samt tilgang til internett og e-post. Elementær kjennskap til bruk av PC blir føresett.

Emneevaluering

Studietilbodet blir evaluert skriftleg etter gjennomført eksamen. Resultatet av evalueringa blir lagt fram for styringsorgan ved instituttet.

Kontaktinformasjon

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap.

Prosjektleiar: Førsteamanuensis Dag Runar Jacobsen
Fagansvarleg ved instituttet: Professor Per Lægreid

Institutt

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap