Emner: ARA112 Grunnkurs i moderne standardarabisk II - Vår 2018




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Dette er eit tilbod til studentar som skal halde fram i grunnopplæringa i moderne standardarabisk. Emnet byggjer på ARA111. Studentane skal vidareutvikle uttale, lytte-, lese- og skrivedugleik. Studentane skal fortsette å tileigne seg grunntrekka i moderne arabisk grammatikk.

Emnet er ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk.

Læringsutbyte

Etter fullført emne:

- har studentane eit ordforråd på ca. 1400 ord

- kan studentane lese, omsetje og gjengi innhaldet i enkle tilpassa autentiske tekstar ved hjelp av ordbok

- kan studentane omsetje nivåtilpassa tekstar frå norsk til arabisk

- kan studentane delta i en konversasjon på moderne standard arabisk (MSA) om enkle tema og i roleg tempo.

- har studentane basiskunnskap om arabiske media, til dømes nettaviser

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men for å gjennomføre emnet trengst det førekunnskapar som svarar til ARA111.

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk.

Studiepoengsreduksjon

Delvis overlapp med ARA101 (10 studiepoeng) og ARA103 (5 studiepoeng).

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

ARA112 omfattar minst 6 kontakttimar i veka i 12 veker med aktiv undervisning. Til saman vil talet på kontakttimar bli om lag 72.

 

Undervisinga blir gitt i form av førelesingar, gruppeundervising og munnlege og skiftlege øvingar knytt til læreboka og kompendia.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 27 av 36 førelesingar/øvingar for å få gå opp til vurdering i emnet.

 

Studentane skal levere 2 skriftelege øvingsoppgåver knytt til leksjonane i læreboka. Studentane skal også gjennomføre ei lytteprøve og ei munnleg prøve.

 

 

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere bestått i same semester.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er ein skriftleg eksamen på 3 timar.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Lærebøker og digitale ressursar tilpassa kursopplegget.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitets-sikringssystem. Metoden for evalueringa er elektronisk, anonymt skjema.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for arabisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no