ARA115 har som mål å introdusere studentane for problemstillingar og metodar i arabisk språkvitskap. Emnet hjelper studentane å skaffe seg eit solid grunnlag i ein arabisk dialekt (til dømes dialekt i Kairo eller Bagdad).
Emnet skal formidle forståing for språksituasjonen i dei arabisktalande landa, og måtane å løyse problema som oppstår mellom MSA og dialekt.
Emnet tar opp MSAs og dialektenes bruksområder og diskusjon om dialektenes sosiolingvistiske betyding.
Emnet er ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
- Studenten har oversikt over alle hovudemne i arabisk språkvitskap og sosiolingvistikk.
- Studenten har grunnleggande innsikt i ei arabisk dialekt.
Ferdigheiter
- Studenten opparbeider seg tilstrekkelege ferdigheiter til å kunne ta for seg problemstillingar og metodar i arabisk språkvitskap.
- Studenten kan grunnleggande grammatikk av ei arabisk dialekt.
- Studenten kan forstå, omsetje og gjengi innhaldet i tilpassa autentiske tekstar på dialekt.
- Studenten kan analysere morfologisk og syntaktisk tilpasse autentiske tekstar på dialekt, og samanlikne dei med MSA tekstar.
- Studenten er i stand til å føre ein enkel samtale på ei arabisk dialekt.
- Studenten kan skrive eit sjølvstendig arbeid som formulerer, presenterer og analyserer relevante problemstillingar.
- Studenten kan bruke og reflektere over aktuell vitskapeleg litteratur
- Studenten kan transkribere både MSA og dialekt.
Generell kompetanse
- Studenten har eit solid grunnlag i ei arabisk dialekt.
- Studenten har kjennskap til problemstillingar og metodar i arabisk språkvitskap.
Det blir normalt gitt tre dobbeltimar førelesning i veka i tolv veker.
Til saman vil talet på kontakttimar bli om lag 72.
Emnet har tre komponentar:
Komponent 1, omlag 2 timar i veka, inneheld førelesingar i arabisk språkvitskap og dialektologi.
Komponent 2, om lag 2 timar i veka, inneheld ei innføring i ei arabisk dialekt (til dømes dialekta i Kairo eller Bagdad).
Komponent 3, om lag 2 timar i veka, inneheld munnleg standardarabisk og dialekt.
Undervisinga blir gitt i form av førelesingar, gruppeundervising og munnlege og skiftlege øvingar knytt til lærebøkene og digitale kjelder.
Det blir forventa at studentane brukar ca. 2-4 timar kvar dag på sjølvstudium.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisingstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisingsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Det blir kravd at studentane deltek på minimum 27 av 36 førelesingar/øvingar for å få gå opp til vurdering i emnet. I tillegg er det obligatorisk å levere eit utkast av oppgåva til rettleiing og å møte til ei rettleiing i løpet av semesteret.
Alle obligatoriske arbeidskrav må vere bestått i same semester.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.
Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.
Lærebøker, digitale ressursar og læremateriale tilpassa kursopplegget. Cirka 260 sider frå læreboka i tillegg til digitale og elektroniske kjelder.
Litteraturlista vil vere klar innan 1.juni for haustsemesteret og 1.desember for vårsemesteret.