Emner: ARA252 Arabisk språk og samfunn - Høst 2018




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningsspråk

Norsk og/eller engelsk 

Undervisningssemester

Vår 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Målsetjinga er at studentane skal få ei vidareføring av spørsmål og metodar i språkvitskap som blei introduserte i emnet ARA115. Undervisninga førebur studentane på semesteroppgåva.

Semesteroppgåva kan behandle spørsmål frå følgjande område: klassisk og moderne standardarabisk og dei noverande dialektane, diglossi, skilnader i skriftleg og tala standardarabisk, , språkpolitikk i arabisktalande land, tilpassinga av standardspråket til moderne behov og språksituasjonen generelt i Midtausten.

Emnet er ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk.

Læringsutbyte

Etter fullført emne blir det venta at studentane skal ha opparbeidd seg tilstrekkelege ferdigheiter til å kunne jobbe sjølvstendig med spørsmål og tema som er behandla i emnet.

Krav til forkunnskapar

Det blir kravd at studentar har faglege føresetnader på linje med ARA100, ARA111, ARA112, ARA113, 115 og ARA211 eller tilsvarande.

 

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne gjennomføre dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk.

Studiepoengsreduksjon

Ingen.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.  

Arbeids- og undervisningsformer

ARA252 omfattar 4 kontakttimar i veka i 6 veker med aktiv undervisning. Til saman vil talet på kontakttimar bli om lag 24.

Dei siste seks vekene av semesteret blir vigde til ferdigskriving av oppgåva. Kvar student har rett på fire timar med rettleiing.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 18 av 24 timar for å få gå opp til vurdering i emnet.

I tillegg er det obligatorisk å levera eit utkast av oppgåva til rettleiing og å møte til ei rettleiing i løpet av semesteret. Dei obligatoriske arbeidskrava er godkjende i t.o.m. eitt semester etter undervisningssemesteret.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Vurderinga er ei rettleidd semesteroppgåve på 4000- 6000 ord med justerande munnleg eksamen. Oppgåver blir gitt av faglærar med tema frå eit av områda i emneomtalen. I fastsetjinga av karakteren vil den munnlege eksamenen justere den skriftlege oppgåva.

 

Vurderingsforma rettleidd oppgåve med munnleg eksamen fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Lærebøker og digitale ressursar tilpassa kursopplegget.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Metoden for evalueringa er elektronisk, anonymt skjema. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for arabisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studieveileder@if.uib.no 
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no