Studenten skal få fordjupa kunnskapar om førearbeid, praktisk gjennomføring, etterarbeid og rapportering frå arkeologisk feltarbeid. Undervisninga i førearbeid femner om arbeid med arkiv og innsikt i planlegging av undersøkinga. Feltopplæringa i registreringsmetodar gjev kunnskap om og røynsle med analyse av landskap, prøvestikk registrering, innsamling av funn, dokumentasjon og innmåling. Feltopplæringa i utgravingsmetodar gjev kunnskap om oppmåling av felt, ulike gravemetodar, innsamling av funn, prøvetaking, sikring av funn i felt, kartfesting, plan- og profilteikning, og verbal dokumentasjon.
Undervisninga i etterarbeid og rapportering femner om klassifikasjon av arkeologiske funn, kunnskap om handsaming av naturvitskapleg prøvemateriale, konservering, magasinering og rapportskriving.
Etter fullført emne skal studenten kunne/vise følgjande:
Kunnskap
Kunnskap om korleis ein planlegg, gjennomfører og rapporterer frå arkeologisk feltarbeid.
Ferdigheiter
Studenten har innsikt i korleis ein nyttar arkiv under planlegginga av feltarbeid, innsikt i korleis ein går fram under arkeologiske registreringar, innsikt i korleis ein legg ut eit koordinatsystem og kartfester, grev ut, samlar inn funn og prøver, og dokumenterer funn og anlegg. Studenten har også innsikt i korleis ein klassifiserer eit arkeologisk materiale og skriv ein arkeologisk rapport.
Generell kompetanse
Studenten har generell innsikt i emnet og røynsle med arkeologisk praksis og korleis resultata frå registreringar og utgravingar skal systematiserast og omsettast i kunnskap.
Deltaking på forkurset og feltarbeidet er obligatorisk.Feltarbeidet er kostnadsfritt, unntatt mat.
Det er obligatorisk å levere eit utkast til feltrapport. Feltrapporten skal skrivast i gruppe.