Studieprogram: BAHF-FRAN Bachelorprogram i fransk - Vår 2014




Undervisningsspråk

Undervisningsspråket på franskemna er fransk og norsk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorstudium i fransk har som mål å gje generelle og spesialiserte kunnskapar i fransk språk og franskspråkleg litteratur og kultur. Gjennom studiet av pensum og bruk av ulike læringsformer, skal ein skaffa seg god praktisk dugleik i munnleg og skriftleg fransk, samstundes som ein utviklar ei sjølvstendig haldning til stoffet.

 

Spesialiseringa i fransk (90 studiepoeng) inneheld seks emne innan fransk grammatikk, fonetikk, omsetjing, litteratur, kulturkunnskap og samfunnskunnskap. 100-nivået har som mål å gje eit oversyn over dei ulike tema, medan ein på 200-nivå får høve til å fordjupe seg i fransk grammatikk, omsetjing og litteratur.

 

Språk- og litteraturstudiet høyrer nøye saman. Gode språkkunnskapar trengst for å skjøna dei litterære verka, og inngåande kjennskap til eit representativt utval tekstar er ein føresetnad for ei nyansert forståing av det franske språket. Difor er vekselspelet mellom desse to disiplinane grunnleggjande i studiet.

 

På 100-nivå høyrer det òg med ei innføring i kultur og samfunnstilhøve i Frankrike og andre fransktalande land. Kulturkunnskapsdisiplinen dannar ein naudsynleg bakgrunn for språk- og litteraturstudiet.

Læringsutbyte

Ved fullført Bachelorgrad i fransk skal studentane

 

Kunnskap:

- ha grunnleggjande kunnskapar i fransk grammatikk og lydlære, derunder kjennskap til viktige kontrastive aspekt fransk-norsk

- ha god innsikt i det franske språksystemet og ei god forståing og meistring av eit språkvitskapleg omgrepsapparat

- ha basiskunnskap om fransk historie og frankofoni

- ha god kjennskap til det franske samfunnet i dag

- ha god innsikt i dei litterære pensumtekstane og den kulturelle konteksten deira

- ha grunnleggjande kunnskap om nokre sentrale litterære teknikkar og deira bruk i ulike sjangrar

 

Dugleik:

- kunna uttrykkja seg og formidla kunnskapar innanfor eige fagområde på munnleg og skriftleg fransk

- vera i stand til å nytta språklege omgrep til å analysera fransk språkbruk i ulike sjangrar

- kunna presentera sjølvstendige analysar og drøftingar av pensumtekstane

- kunna omsetja middels vanskelege tekstar innan ulike sjangrar

 

Generell kompetanse:

- kunna gjennomføra under rettleiing eit analytisk og kritisk arbeid tilsvarande BA-oppgåven

- kunna vidareutvikla kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføra studiet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå II frå vidaregåande skole. Alle som skal byrja på 100-nivå i fransk, får tilbod om ein diagnostisk test som kan gje ein peikepinn om eige språkleg nivå.

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i fransk inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet) og er sett saman av:

eller Språk og kommunikasjon

Språk og kommunikasjon er sterkt tilrådd.

Bachelorgraden kan ikkje innehalda meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.

Obligatoriske emne

Bachelorprogrammet i fransk er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalda inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.), og 90 studiepoeng med spesialisering i fransk. Dei siste 60 studiepoenga er frie.

Ei godkjend spesialisering i fransk utgjer normalt opptaksgrunnlaget for mastergrad.

I bachelorprogram i fransk vil dei 90 studiepoenga i spesialiseringa normalt innehalda FRAN101, FRAN102, FRAN103, FRAN114, FRAN201 og FRAN253.

Emnet TRANSHF Omsetjingsteori (med omsetjing mellom fransk og norsk) kan eventuelt koma i staden for eitt av emna på 200-nivå i fransk spesialisering. Eit anna alternativ er å ta emne tilsvarande 200-nivå som delstudium i utlandet. Ein må likevel sjå til at gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng vert oppfylt, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultetet.

Fransk kan òg utgjera spesialiseringa i dei tilrettelagte bachelorprogramma Språk og informasjon, Språk og interkulturell kommunikasjon, Europastudiar og Integrert lektorutdanning med master i framandspråk. For desse programma kan det vera eigne reglar for kva emne som vert kravde.

Tilrådde valemne

Bachelorprogrammet i fransk har 60 frie studiepoeng. Studenten kan velja emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkjefølgje for emne i studiet:

1. semester (H):

Førstesemesterstudiet ex.phil. og ex.fac. (30 stp)

2. semester (V):

FRAN101 Fransk grammatikk (15 stp)

FRAN103 Fransk kulturkunnskap og omsetjing (15 stp)

3. semester (H):

FRAN114 Omsetjing norsk-fransk, fonetikk og samfunnskunnskap (med vekt på munnleg fransk) (15 stp)

FRAN102 Fransk litteratur (15 stp)

4. semester (V):

FRAN201 Fordjuping i fransk grammatikk og omsetjing (15 stp)

FRAN253 Fordjuping i fransk litteratur (15 stp)

eller

Delstudium i utland der ein tar emne tilsvarande FRAN201 og FRAN253.

5. semester (H):

Frie studiepoeng eller delstudium i utland (30 stp)

6. semester (V):

Frie studiepoeng eller delstudium i utland (30 stp)

Studentar kan sjølv velja om dei vil følgja det tilrådde løpet eller om dei vil byta om på rekkjefølgja av spesialisering og frie studiepoeng. Ein må då vera merksam på at franskemna har faste undervisningssemester. Det er uansett tilrådd at ein fullfører 100-nivå i fransk før ein tar fatt på 200-nivå.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

Du kan ta delar av bachelorutdanninga di som utvekslingsstudent i eit anna land. Du kan velja blant Universitetet i Bergen sine avtalar i heile verda, anten for å studera innan spesialiseringa i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. Emna må godkjennast på førehand av UiB.

 

I programmet er det tilrådd at delstudium i utlandet blir lagt til eit fransktalande land. Universitetet i Bergen har fleire utvekslingsavtalar med universitet i til dømes Frankrike og Canada.

 

Studentar som ønskjer å dra på utveksling som del av spesialiseringa, vert rådde til å gjera dette på 200-nivå. Ein kan òg reisa ut og ta frie studiepoeng. Det er tilrådd å samtala med studierettleiar eller ein fagperson i planlegginga av delstudium i utlandet.

 

For studentar på 100-nivået arrangerer instituttet kvart år studieopphald ved Fransk-Norsk studiesenter i Caen, Frankrike (Université de Caen). Opplysningar om studiesenteret og om andre aktuelle kurstilbod kan ein få ved å venda seg til instituttet.

Undervisningsmetodar

Programmet omfattar ulike undervisningsformer, til dømes førelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Sjå emneplanen for det einskilte emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet blir studentane prøvde på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve.

Sjå emneplanen for det einskilte emnet.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmetkan det blinytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F, der F er stryk

2) Greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilte emnet.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i fransk gjer høve til å gå vidare med master i fransk. Studenten kan nytta sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning.

Relevans for arbeidsliv

Fransk vert dagleg tala av 60 millionar menneske i Frankrike og av om lag like mange utanfor landet sine grenser, andre stader i Europa, dessutan i Afrika og i Amerika. Fransk er arbeidsspråk i ei rekkje internasjonale organisasjonar.

Gode kunnskapar i fransk er sterkt etterspurde i ulike yrkessamanhengar innafor næringsliv (irekna handel, kommunikasjon, reiseliv), kulturliv og offentleg sektor. Vidare kvalifiserer dei fire emna på 100-nivå for undervisning i grunnskolen og den vidaregåande skolen. Det kan difor fungera som tilleggsfag for kandidatar frå dei pedagogiske høgskolane.

Evaluering

Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for framandspråk

Administrativt ansvarleg

Studierettleiar ved Institutt for framandspråk. E-post: studierettleiar@if.uib.no