Historie handlar om fortida til menneske og samfunn, og legg til grunn at vi forstår nåtida betre om vi ser henne i lys av fortida. Historiefaget ved UiB famnar om studiar på lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå frå antikken til i dag. Studiet tar for seg kulturell, sosial, politisk og økonomisk utvikling over tid, og innbyr til refleksjon omkring forandring og kontinuitet. Særleg retter studiet merksemda mot betydinga av kjønn, klasse, nasjonalitet og etnisitet. Til saman skal studiet fremja kunnskap om og forståing av viktige sider ved samfunnsutviklinga, både i og utanfor Noreg.
Studiet skal gi auka innsikt i at ikkje berre dei menneskelege samfunna men også vår forståing av fortida har endra seg. I tillegg vil studiet gi innsikt i ulike metodiske tilnærmingar til studiet av fortida og korleis metodane påverkar sjølve tolkinga av fortida. Studiet inneheld både oversikts- og fordjupingsdemne, slik at studentane kan kombinera innsikt i "dei store linjene" i historia med nærstudium av avgrensa problemfelt.
Innanfor bachelorprogrammet i historie kan ein velje studieretning Midtaustens historie. Denne studieretninga er open for alle på programmet.
Studieretninga Midtaustens historie gir ei historiespesialisering som famnar alle fagets Midtausten-emne kombinert med andre historieemne. Denne studieretninga har eige krav til emnesamansetning, og studentane skriv bacheloroppgåve i Midtaustens historie (HIM250). Bachelorgrad i historie med studieretning Midtaustens historie gjev same undervisingskvalifikasjonar som ein ordinær bachelorgrad i historie.
Instituttets emne i Midtaustens historie kan òg inngå i ein bachelorgrad utan denne særskilde studieretninga.
Kunnskapar:
Ferdigheiter:
Generell kompetanse:
Av innføringsemne tilbyr ein examen philosphicum, examen facultatum og HIS100 Innføringsemne i historie.
Det er obligatorisk at programmet inneheld ex.phil.(10 stp) og 10-20 stp ex.fac.
Examen facultatum består av emna:
Akademisk skriving (10 stp)
Tekst og kultur (10 stp)
Språk og kommunikasjon (10 stp)
I tillegg til ex.phil kan ein anten ta to ex.fac.-emne (20 stp) eller eitt ex.fac-emne (10 stp) og HIS100 (10 stp).
På bachelorprogrammet i historie er det tilrådd at ein tar ex.phil, Akademisk skriving og HIS100 Innføringsemne i historie i det fyrste semesteret.
Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.
I tillegg til emna omtalt i avsnittet «Innføringsemne» er følgjande emne obligatoriske i historie bachelor: HIS101, HIS102, HIS203 og HIS250
For studentar som vel studieretning Midtaustens historie, er følgjande emne obligatoriske( i tillegg til innføringsemne):
HIS101, HIS102, HIM101, to av emna HIM103/HIM104/HIM201 og HIM250.
For studieretning Midtøsten er HIS203 tilrådd, men ikkje obligatorisk.
HIS250 og HIM250 tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.
Graden må innehalde ei historiespesialisering på 90 studiepoeng, sett saman av seks historieemne a 15 studiepoeng:
To oversiktsemne (HIS101 og HIS102), to valemne, HIS203 Teoriar, metodar og historiske kjeldar og HIS250 bacheloroppgåve i historie.
Spesialisering med studieretning Midtøsten inneheld to oversiktemne (HIS101 og HIS102), HIM101 og to av emna HIM103, HIM104 og HIM201, samt HIM250 bacheloroppgåve i Midtaustens historie.
Bachelorprogrammet i historie har 60 frie studiepoeng. Studenten kan velje emne innanfor fag som er relevante for studentens vidare utdanning eller yrkesplanar.
Dersom ein ynskjer å gå vidare med lærarutdanning er det tilrådd at dei 60 frie studiepoenga takast i eit undervisningsfag
Tilrådd rekkefølgje for emne i ordinær spesialisering i historie:
1. semester (haust): ex.phil, Akademisk skriving og HIS100 (30 stp)
2.semester (vår): HIS102 Oversyn over nyare historie og eitt valfritt historieemne (30 stp)
3.semester (haust): HIS101 Oversyn over eldre historie og eitt valfritt historieemne (30 stp)
4.semester (vår): HIS203 Teoriar, metodar og historiske kjelder og HIS250 Bacheloroppgåve i historie (30 stp)
5. semester (haust): frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)
6.semester (vår): frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)
Tilrådd rekkefølgje for emne i studieretning Midtaustens historie:
1.semester (haust): ex.phil, Akademisk skriving og HIS100 (30 stp)
2.semester (vår): HIS102 Oversyn over nyare historie og HIM101 Oversyn over Midtaustens historie (30 stp)
3.semester (haust): HIS101 Oversyn over eldre historie og eitt av emna HIM201 Fordjuping i Midtaustens historie og HIM104 Islam i Afrika sør for Sahara, c.1500-2000 (30 stp)
4.semester (vår): HIM103 Islam og politikk og HIM250 Bacheloroppgåve i Midtaustens historie (30 stp)
5.semester (haust): frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)
6.semester (vår): frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)
For studentar på Midtaustens historie er det òg ein føremon å kombinere bacheloroppgåva (HIM250) med HIS203, men for desse studentane vil HIS203 kome utanom spesialiseringa.
Instituttet tilrår at studentane har avlagt eksamen i emna på 100-nivå før dei skriv bacheloroppgåva (HIS250 eller HIM250).
Studenten avgjer sjølv om han/ho vil ta HIS250 i eldre historie (haustsemesteret) eller i nyare historie (vårsemesteret).
Fordjupingsemna tilbyr fleire tema. Sjå UiB og AHKR sine nettsider.
Ein kan etter søknad skifta ut eitt fordjupingsemne med eit emne på minst 15 studiepoeng frå eit anna fag.
Emna vert tilbydd slik:
Haust:
HIS100 Innføring i historie
HIS101 Oversikt over eldre historie
HIS113 Fordjuping i eldre historie
HIS114 Fordjuping i eldre historie
HIS130 Politiske system i den antikke verda
HIM104 Islam i Afrika sør for Sahara
Vår:
HIS102 Oversikt over nyare historie
HIS115 Fordjuping i nyare historie
HIS116 Fordjuping i nyare historie
HIS108 Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie
HIS111 USAs historie
EUR103 Europa etter 1945: ressurser, demografi, økonomi
HIM101 Oversikt over Midtaustens historie
HIM103 Islam og politikk
Haust og vår:
HIM201 Fordjuping i Midtaustens historie
HIS203 Teoriar, metodar og historiske kjeldar
HIS250 Bacheloroppgåve historie
HIM250 Bacheloroppgåve i Midtaustens historie
Programmet kan inkludera eit delstudium i utlandet for dei som ynskjer det. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal røynsle. UiB har utvekslingsavtalar med universitet i hele verda. Eksempel på avtaler som programmet vil trekke fram er Universitetet i Greifswald, Universitetet i Southampton og Universitetet i Groningen .
Eit utanlandsopphald bør planleggjast i god tid på førehand, og studiekonsulent på programmet rettleiar gjerne i prosessen. Sjå
Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
1) A-F der F er stryk
2) greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Det humanistiske fakultet v/Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Litteraturliste for dei einskilde emna ligg på Mitt UiB og er lenka til emneplanane som er publiserte på uib.no.
Lista vil vere klar innan 01.06 / 01.12 for det komande semesteret