Studieprogram: BAHF-ITAL Bachelorprogram i italiensk - Høst 2024




Namn på grad

Bachelor i italiensk

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i italiensk har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Fulltid. Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium, kan du vende deg til studierettleiar.

Undervisningsspråk

Undervisningsspråket på italienskemna er italiensk og norsk.Sjå den einskilde emneplanen for emna som inngår i programmet.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorstudium i italiensk har som mål å gje generelle og spesialiserte kunnskapar i italiensk språk og italienskspråkleg litteratur og kultur. Gjennom studiet av pensum og bruk av ulike læringsformer, skal ein tileigne seg god praktisk dugleik i munnleg og skriftleg italiensk, samstundes som ein utviklar ei sjølvstendig haldning til stoffet. Studentane skal på bachelornivå dessutan skaffe seg ein viss kjennskap til italiensk språk- og litteraturvitskap og til italienske kulturtilhøve i vid tyding.I italienskstudiet heng språk- og litteraturstudia nøye saman.

Italiensk, som høyrer til dei romanske språka og altså går attende til latin, vert tala av oppunder 60 millionar menneske. Det er nasjonalspråk i Italia, og italiensk er eitt av dei fire offisielle språka i Sveits, der særleg kantonen Ticino er italienskspråkleg. Italiensk er berar av ein særs rik kultur som gjennom tidene har gjeve djuptgripande impulsar til resten av Europa og verda i det heile. I vår tid spelar Italia ei sentral rolle så vel kulturelt som politisk og økonomisk.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha føljande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:


Kunnskapar:

Kandidaten

Dugleik:

Kandidaten

a) grammatikk

b) språkleg variasjon

c) litteraturvitskaplege metoder

Generell kompetanse:

Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har forkunnskapar i italiensk som svarar til høgste nivå frå vidaregåande skole, ITAL001 Innføring i italiensk språk, ITAL100 Innføring i italienskstudium eller tilsvarande.

Innføringsemne

Det er sterkt tilrådd å ta desse emna første semester:

For nokre studentar, til dømes studentar som allereie har tatt eitt eller fleire av desse emna, kan det vere ønskjeleg å byte dei ut med adre emne. I slike høve er det viktig å ta kontakt med studierettleiar.

Obligatoriske emne

Ex.phil. Examen Philosophicum (haustemne, 10)

Vel eitt av desse to innføringsemne:


Grunnemne

ITAL121 Italiensk språk I (våremne, 10 stp.)

ITAL123 Munnleg italiensk med fonetikk (våremne, 10stp.)

ITAL125 Moderne italiensk kortprosa (våremne, 10stp.)

ITAL122 Italiensk litteratur (haustemne, 10stp.)

ITAL124 Italiensk språk 2 (haustemne, 10stp.)

SEK100 Samanliknande europeiske kulturstudium (haustemne, 10stp.)

Fordjupingsemne

Det er krav i graden om å skrive eit sjølvstendig og rettleia akademisk arbeid. Vel kva for fagdisiplin du vil skrive bacheloroppgåva i, anten i emnet, ITAL255 Eldre italiensk litteratur med bacehloroppgåve (våremne, 15 stp.) eller i emnet, ITAL253 Italiensk språk og lingvistikk med bacheloroppgåve (våremne, 15stp.).

Det er óg obligatorisk med fordjupning. Du må fordjupe deg i den disiplinen du ikkje vel å skrive bacheloroppgåva i, altså anten i:

ITAL203 Fordyping i italiensk språk og lingvistikk (våremne, 15stp.)
ITAL205 Fordypning i eldre italiensk litteratur (våremne, 15 stp.)

Spesialisering

Spesialiseringa i italiensk er på 90 studiepoeng (stp.) og omfattar seks grunnemne (100-nivå) og to emne på fordjupingsnivå (200-nivå):

Grunnemne

ITAL121 Italiensk språk I (våremne, 10 stp.)
ITAL122 Italiensk litteratur (haustemne, 10 stp.)
ITAL123 Munnleg italiensk med fonetikk (våremne, 10 stp.)
ITAL124 Italiensk språk II (haustemne, 10 stp.)
ITAL125 Moderne italiensk kortprosa (våremne, 10 stp.)
SEK100 Samanliknande europeisk kulturstudium (haustemne, 10 stp.)

Fordjuping

Studenten vel å skrive bacheloroppgåva i ein av to fagdisiplinar, anten i italiensk språk og lingvistikk (ITAL253) eller i italiensk litteratur (ITAL255). Studenten må fordjupe seg i ein annan disiplin. Ein kan til døme ikkje skrive bacheloroppgåve og fordjupe seg i same fagdisiplin.


ITAL203 Fordypning i italiensk språk og lingvistikk (våremne, 15 stp.)
ITAL253 Italiensk språk og lingvistikk med bacheloroppgåve (våremne, 15 stp.)
ITAL205 Fordypning i eldre italiensk litteratur (våremne, 15 stp.)
ITAL255 Eldre Italiensk litteratur med bacheloroppgåve (våremne, 15 stp.)

Tilrådde valemne

I tillegg til ex.phil., ex.fac. og spesialiseringa inneheld programmet 70 frie studiepoeng. Merk at introduksjonsemnet ITAL100 Innføring i italienskstudium, reknast med i dei frie studiepoenga.

I dei frie studiepoenga kan studenten velje emne som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar. Ta gjerne kontakt med https://outlook.office365.com/owa/calendar/DethumanistiskefakultetStudieveiledning@UniversityofBergen.onmicrosoft.com/bookings/studierettleiar om tilrådde valemne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkjefølgje for emne i studiet:

1. semester (haust):

EXPHIL Examen philosophicum (10 stp.)

EXFAC00SK Språkkunnskap (10 stp.)

ITAL100 Innføring i italienskstudium (10 stp.)

2. semester (vår):

ITAL121 Italiensk språk I (10 stp.)

ITAL123 Munnleg italiensk med fonetikk (10 stp.)

ITAL125 Moderne italiensk kortprosa (10 stp.)

3. semester (haust)

ITAL122 Italiensk litteratur (10 stp.)

ITAL124 Italiensk språk II (10 stp.)

SEK100 Samanliknande europeiske kulturstudium (10 stp.)

4. semester (vår)

For å oppretthalde kontinuitet i italienskopplæringa tilrår vi å ta 200-nivå i det 4. semesteret. Studentar som derimot tek frie studiepoeng i eit fag med oppstart på våren, utsett og tek 200-nivå i det 6. semesteret.

5. semester (haust):

Ta emne i andre fag som frie studiepoeng i graden. Du kan gjere det same i utlandet gjennom å reise på utveksling til et universitet til døme i Italia (30 stp.).

6. semester (vår):

Ta emne i andre fag som frie studiepoeng i graden. Du kan gjere det same i utlandet gjennom å reise på utveksling til universitet til døme i Italia (30 stp.).

Studentar kan sjølv velje om dei vil følgje det tilrådde løpet eller om dei vil byte om på rekkjefølgja av spesialisering og frie studiepoeng. Ein må då vere merksam på at italienskemna har faste undervisningssemester. Det er uansett tilrådd at ein fullfører 100-nivå i italiensk før ein tek fatt på 200-nivået.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

Eit utvekslingsopphald ved eit italienskspråkleg universitet er ein forventa og fagleg tilrådd del av studiet. Utvekslinga går normalt føre seg i det femte eller sjette semesteret. Ein kan òg velje å vere på utveksling eit heilt år.

Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet: www.uib.no/studieprogram/BAHF-ITAL.

Ein kan òg velje frå Universitetet i Bergen sine avtaler med studiestader i heile verda. All informasjon om utveksling finn ein på http://www.uib.no/utvekslingwww.uib.no/utveksling.

Arbeids- og undervisningsformer

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane høve til å studere og nærme seg faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane.

Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Undervisningsmetodar

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane høve til å studere og nærme seg faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane. 

Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve, heimeeksamen, munnleg presentasjon, munnleg prøve og mappevurdering.

Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

  1. A-F, der F er stryk
  2. Greidd/ikkje greidd

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Med eit karaktersnitt på C i spesialiseringa kvalifiserer programmet for opptak til masterprogram i italiensk ved UiB.

Studentar som planlegg å ta PPU, må sørge for å få dekka opptakskrava i løpet av studiet sitt. Informasjon finn ein på www.uib.no/studieprogram/PRAPED

Relevans for arbeidsliv

Gode kunnskapar i italiensk språk og kultur er etterspurde innanfor visse segment av næringsliv, informasjonsarbeid, media, omsetjing og kulturliv. Italia er ein viktig handelspartnar for Noreg. Turistnæringa er òg svært viktig for begge landa. Noreg er eit populært reisemål for italienske turistar, og potensialet for vidareutvikling er stort. Italienskstudiet, kombinert med eit anna skulefag og praktisk-pedagogisk utdanning, kvalifiserer for undervisning innanfor skuleverket.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet gjennom Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@if.uib.no

Studierettleiar@if.uib.no

Tlf 55 58 93 70

Læremiddelomtale

Litteraturlista blir publisert på nettsidene innan 01.06 / 01.01 for det komande semesteret.