Kulturvitskap er faget om menneska sitt forhold til kulturen. Kulturvitskapen analyserer kultur som ein viktig dimensjon i eit globalisert og moderne samfunn. Faget har historisk sett sin bakgrunn frå etnologi, folkloristikk, kulturvern og kulturformidling. I dag er kulturvitarar særleg opptekne av spørsmål knytt til kulturarv og tradisjon; korleis vi bruker fortida i notida. Men faget tek også for seg tema som kulturelle sider ved seksualitet og kjønn, migrasjon og etniske konfliktar, populærkultur, nyreligiøsitet og dagleglivets kulturelle uttrykk. Studiet skal fremje kunnskap om og gi forståing av viktige sider ved livet i eit moderne samfunn.
Studiet skal også gi innsikt i utviklinga av moderne kulturstudiar og faghistoria meir generelt. I tillegg vil faget gi innsikt i ulike metodiske og teoretiske tilnærmingar til studiet av kulturen. Studiet inneheld både innførings- og fordjupingsdelar, slik at studentane kan kombinera generelle innsikter med meir inngåande studiar av spesielle problemfelt.
Kunnskapar:
Studenten vil ha god oversikt over sentrale tema knytt til fortid og nåtid innanfor kulturfaget. Gjennom fordjupingar vil studenten ha særskild innsikt i nokre sentrale kulturvitskaplege tema. Studenten vil også få ei grundig innføring i viktige metodiske og teoretiske tilnærmingsmåtar i faget.
Ferdigheiter:
Studenten har ferdigheiter i å drøfte kulturvitskaplege problemstillingar og kan kritisk vurdere kulturvitskapelige framstillingar og analysar. Studenten kan analysere kulturvitskaplege data, kjelder og litteratur og trekkje eigne konklusjonar basert på dette materialet.
Generell kompetanse:
Bachelorprogrammet i kulturvitskap gjer studenten skikka til å formidle kulturvitskapleg kunnskap og innsikt både munnleg og skriftleg. Dei skriftlege arbeida gjev kompetanse til å argumentere akademisk og vitskapleg. Studenten har kompetanse til å setje seg inn i nye problemfelt og til å sjå og analysere saker frå fleire sider.
Studenten kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Bachelorprogrammet i kulturvitskap inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet). Førstesemesterstudiet er sett saman av:
eller Språk og kommunikasjon
Tekst og kultur er tilrådd.
Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.
Bachelorprogrammet i kulturvitskap har 60 frie studiepoeng. Studenten kan velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.
Studiet startar med innføringsemne i første semester (haust).
Emna i kulturvitskap vert tilbydd slik:
Haust:
KUVI102: Tradisjon og modernitet - fortida i nåtida
KUVI103: Etniske relasjonar og konfliktar
KUVI104: Folkeleg kultur og populærkultur
KUVI107: Hekseprosessane og den magiske verda
KUVI204: Folketru og nyreligiøsitet
Vår:
KUVI101: Kulturvitskaplege perspektiv og metodar
KUVI105: Materialitet og samfunn
KUVI106: Kjønn, seksualitet, kultur
HEMB111: Historiske og kulturelle perspektiv på helse
KUVI202: Kulturfagleg formidling
KUVI203: Museologi
Bacheloroppgåve i kulturvitskap:
Haust:
KUVI253 Etniske relasjonar og konfliktar, bacheloroppgåve
KUVI254 Folketru og nyreligiøsitet, bacheloroppgåve
KUVI257 Hekseprosessane og den magiske verda, bacheloroppgåve
KUVI259 Folkeleg kultur og populærkultur, bacheloropgåve
Vår:
KUVI255 Materialitet og samfunn, bacheloroppgåve
KUVI256 Kjønn, seksualitet, kultur, bacheloroppgåve
KUVI258 Museologi, bacheloroppgåve
HEMB250 Historiske og kulturelle perspektiv på helse, bacheloroppgåve
For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.
Det vert tilrådd at studentane har avlagt eksamen i emna på 100-nivå før dei skriv bacheloroppgåva i kulturvitskap. Vidare rår ein til at bacheloroppgåva vert skriven i 5. eller 6. semester.
Instituttet oppmodar til, og vil leggje til rette for, at studentane tar delar av bachelorutdanninga som utvekslingsstudent i eit anna land. Studentane kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringa i programmet, eller for å ta frie studiepoeng. Emna må førehandsgodkjennast av UiB.
Undervisninga vert gjeve i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisingsformene får studentane mogelegheit til å belyse og studere faget på ulike måtar, som fører til større læringsutbyte. Undervisningsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalene.
Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve. Vurderingsforma er tilpassa emnets art og innhald, og ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei mogelegheit til å utvikle kompetanse i både skriftleg og munnleg presentasjon.
Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
1) A-F, der F er stryk
2) Greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Bachelorgraden i kulturvitskap gir allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrkesmessige samanhengar. Graden opnar for arbeid i kultursektoren, arkiv, bibliotek, museum, medieverksemder og offentleg administrasjon og internasjonalt arbeid.
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.
studierettleiar@ahkr.uib.no