Studieprogram: BAHF-NORD Bachelorprogram i nordisk - Høst 2014




Undervisningsspråk

Norsk, dansk og svensk. Delar av undervisninga i norrøn filologi kan verte gjeven på engelsk. Dersom nordiskstudiet vert kombinert med framandspråksstudium, vil (delar av) undervisninga vere på det aktuelle språket (dei aktuelle språka).

Studiestart - semester

Haust.

Mål og innhald

Bachelorpgrogrammet i nordisk er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (Ex.phil. og Ex.fac.), 90 studiepoeng med spesialisering og valemne tilsvarande 60 studiepoeng

 

Innhaldet på studieprogrammet er avhengig av kva spesialisering studenten vel. Det er tre moglege spesialiseringar:

a) norrøn filologi

b) nordisk språk og litteratur

c) norsk som andrespråk

 

a) Norrøn filologi

Norrønt er ein fellesnemnar for språket og litteraturen både i Noreg og på Færøyane og Island i mellomalderen, og dessutan på vesterhavsøyane. I dette området kan vi snakke om ein felles språkleg og litterær kultur som varte i drygt 500 år, frå landnåmet av Island til seinmellomalderen. Spesialiseringa i norrøn filologi gjev ei grundig innføring i det norrøne språket og den norrøne litteraturen, og begge vert sette inn i eit vidare kulturelt perspektiv.

 

b) Nordisk språk og litteratur

Utanom norsk (bokmål og nynorsk) femner dei nordiske språka om dansk, svensk, islandsk og færøysk. Målet for denne spesialiseringa er å gje studentane kunnskapar i nordisk språk og litteratur i eldre og nyare tid, forståing av språket og litteraturen som ein sentral del av den nasjonale kulturen og av samspelet mellom språk, litteratur og samfunn. Hovudvekta ligg på norsk. Reint praktisk skal studiet gje grunnlag for betre skrivedugleik i både bokmål og nynorsk og kompetanse for undervisning i ulike skuleslag (i kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning) og for arbeid med språklege og litterære emne i andre yrkestilhøve.

 

c) Norsk som andrespråk

Norsk som andrespråk er norsk lært i Noreg av menneske med eit anna språk som morsmål. Spesialiseringa i norsk som andrespråk skal gje ei allsidig orientering om dei spørsmåla som reiser seg når personar med andre morsmål skal lære seg norsk språk og verte integrerte i det norske samfunnet. Faget er i første rekkje tenkt for studentar som planlegg å undervise i norsk som andrespråk for elevar frå språklege minoritetar. Reint praktisk skal studiet gje grunnlag for betre skrivedugleik i både bokmål og nynorsk.

Læringsutbyte


Ein kandidat med bachelorgrad i nordisk språk og litteratur med spesialisering i norrøn filologi frå Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen skal

Ein kandidat med bachelorgrad i nordisk språk og litteratur med spesialisering i nordisk språk og litteratur frå Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen skal



Ein kandidat med bachelorgrad i nordisk språk og litteratur med spesialisering i norsk som andrespråk frå Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen skal

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Innføringsemne

 Bachelorprogrammet i nordisk skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet):


EXFAC00SK Språk og kommunikasjon er sterkt tilrådd, ettersom dei språklege emna på studiet føreset dei kunnskapane som dette emnet gjev.

Obligatoriske emne

Studentane har valet mellom tre alternative spesialiseringar:

a) norrøn filologi

b) nordisk språk og litteratur

c) norsk som andrespråk

Kvar spesialisering er på 90 studiepoeng, dvs. til saman tre semesters studium.

 

a) Spesialisering i norrøn filologi

NOFI101 Norrønt språk (15 stp)

NOFI106 Norrøn mytologi (5 stp)

NOFI107 Norrøn litteratur og kultur (15 stp)

NOFI108 Unormaliserte norrøne tekstar (5 stp)

NOFI109 Norrøn dikting (5 stp)

NOFI110 Norrøn skriftkultur (5 stp)

NOFI112 Norrøn litteratur (10 stp)

NOFI210 Norrøn filologi særemne (15 stp)

NOFI250 Norrøn filologi bacheloroppgåve (15 stp)

Ein kan søkje om å byte ut NOFI210 med nærskylde emne i t.d. islandsk eller latin.

Spesialiseringa i norrøn filologi er opptaksgrunnlag til masterstudiet i norrøn filologi.

 

b) Spesialisering i nordisk språk og litteratur

 

Følgjande emne er obligatoriske:

 

NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 stp)

NOLI103 Nordisk: Den eldre litteraturen (15 stp)

NOSP102 Nordisk: Moderne språk (15 stp)

NOSP103 Nordisk: Språkhistorie og talemål (15 stp)

Kvart av desse emna kan bytast ut med tilsvarande emne frå fjernstudiet Fjernord (med kodetillegget -F).

 

Ein må velje eitt eller to av desse emna:

NOLI250 Nordisk: Litterær analyse og teori (15 stp)

NOLI251 Nordisk: Litterært fordjupingsemne A (15 stp)

NOLI252 Nordisk: Litterært fordjupingsemne B (15 stp)

NOSP250 Nordisk: Språkbruksanalyse med bacheloroppgåve (15 stp)

NOSP251 Nordisk: Språkleg variasjon og endring med bacheloroppgåve (15 stp)

NOSP252 Nordisk: Namnegransking med bacheloroppgåve 1 (15 stp)

NOSP254 Nordisk: Språk i Norden med bacheloroppgåve (15 stp)

ISL104 Islandsk språk og samfunn (15 stp)

ISL102 Islandsk litteratur og samfunn (15 stp)

 

Dersom ein vel berre eitt av emna ovanfor, vel ein normalt eitt av desse emna:

NOLI211 Nordisk: Litterært fordjupingsemne C (15 stp)

NOLI212 Nordisk: Litterært fordjupingsemne D (15 stp)

NOSP210 Nordisk: Språkbruksanalyse (15 stp)

NOSP212 Nordisk: Språkleg fordjupingsemne

NOSP214 Nordisk: Språk i Norden (15 stp)

NOSP221 Nordisk: Språkleg variasjon og endring (15 stp)

NOSP222 Nordisk: Namnegransking (15 stp)

RET205 Nordisk retorikk (15 stp)

RET255 Nordisk retorikk med bacheloroppgåve (15 stp)

NOFI101 Norrønt språk (15 stp)

NOFI210 Norrøn filologi særemne (15 stp)

NORAN104 Andrespråkslæring og -undervisning (15 stp)

PRAKTINF Praktisk informasjonsarbeid (15 stp)

ISL103 Islandsk grammatikk og fonetikk (15 stp)

 

Alternativt kan ein velje å ta desse to emna saman:

NOFI106 Norrøn mytologi (5 stp)

NOFI112 Norrøn litteratur (10 stp)

 

Kombinasjonar av to emne med overlappande innhald gir berre utteljing som for eitt emne:

NOSP210 og NOSP250 har full overlapping.

NOSP214 og NOSP254 har full overlapping.

NOSP221 og NOSP251 har full overlapping.

NOSP222 og NOSP252 har full overlapping.

 

Spesialiseringa i nordisk språk og litteratur er opptaksgrunnlag til masterstudiet i nordisk språk og litteratur.

 

c) Spesialisering i norsk som andrespråk

 

Følgjande emne er obligatoriske:

NORAN101 Norsk språk som andrespråk (15 stp)

NORAN104 Andrespråkslæring og -undervisning (15 stp)

NORAN115 Litteratur og tekst i eit andrespråksperspektiv (15 stp)

NORAN117 Sosiolingvistikk og tospråklegheit (5 stp)

NORAN119 Språktesting og språkvurdering (10 stp)

NORAN250 Andrespråkslingvistikk (15 stp)

NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 stp)

 

Kvart av emna NORAN101 og NORAN104 kan bytast ut med tilsvarande emne frå fjernstudiet Prisme (med kodetillegget -F).

 

Spesialiseringa i norsk som andrespråk er opptaksgrunnlag til masterstudiet i nordisk språk og litteratur.

Tilrådde valemne

Studenten kan, i tillegg til spesialiseringa, velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd progresjon, felles for alle:

1. semester:

Innføringsemne (30 stp)

Dei vidare studieløpa er ulike for dei ulike spesialiseringane. Uavhengig av spesialisering har ein valemne tilsvarande 60 studiepoeng. Det vert tilrådd at dei frie studiepoenga dannar ein naturleg fagleg einskap, t.d. 100-nivået i eitt fag.

 

a) Norrøn filologi

2. semester:

NOFI101 Norrønt språk (15 stp)

NOFI106 Norrøn mytologi (5 stp)

NOFI112 Norrøn litteratur (10 stp)

3. semester:

NOFI107 Norrøn litteratur og kultur (15 stp)

NOFI108 Unormaliserte norrøne tekstar (5 stp)

NOFI109 Norrøn dikting (5 stp)

NOFI110 Norrøn skriftkultur (5 stp)

4.¿6 semester:

NOFI210 Norrøn filologi særemne (15 stp) og NOFI250 Norrøn filologi bacheloroppgåve (15 stp) i ulike semester, og 60 frie studiepoeng.

 

b) Nordisk språk og litteratur

2. semester:

NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 stp)

NOSP102 Nordisk: Moderne språk (15 stp)

3. semester:

NOLI103 Nordisk: Den eldre litteraturen (15 stp)

NOSP103 Nordisk: Språkhistorie og talemål (15 stp)

4.¿6. semester:

to (eventuelt tre) emne på til saman 30 studiepoeng som kompletterer spesialiseringa (sjå ovanfor), og 60 frie studiepoeng.

 

c) Norsk som andrespråk

2. semester:

NORAN101 Norsk språk som andrespråk (15 stp)

NORAN104 Andrespråkslæring og -undervisning (15 stp)

3. semester:

NORAN115 Litteratur og tekst i eit andrespråksperspektiv (15 stp)

NORAN107 Fleirspråklegheit i sosiolingvistisk perspektiv (10 stp)

NORAN109 Testing og vurdering av språkferdigheiter (5 stp)

4. eller 6. semester:

NORAN250 Andrespråkslingvistikk (15 stp)

NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 stp)

5. og anten 4. eller 6. semester:

60 frie studiepoeng

Krav til progresjon i studiet

Full studieprogresjon er 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet i utlandet, og universitetet har utvekslingsavtalar med mange institusjonar over det meste av verda. Det er viktig at ein finn ein institusjon med eit fagtilbod som passar for den einskilde studenten, og at valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.

Undervisningsmetodar

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i nordisk med spesialisering i norrøn filologi kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i norrøn filologi.

Bachelorprogrammet i nordisk med spesialisering i nordisk språk og litteratur eller norsk som andrespråk kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i nordisk språk og litteratur.

Relevans for arbeidsliv

Kompetanse i nordisk språk og litteratur er etterspurd i mange ulike yrke og bransjar, både private og offentlege.

Generelt gir studiet ein praktisk og teoretisk tekst- og språkkompetanse som, kombinert med annan relevant kompetanse, kan kvalifisere for arbeid over alt der det krevst evne til språkleg formidling og til vurdering og utvikling av tekst, t.d. i undervisnings- og informasjonsarbeid, i forlag og kulturinstitusjonar, i offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.

Bachelor i nordisk med minst 60 studiepoeng i kvart av to skulefag (inkl. anten nordisk språk og litteratur eller norsk som andrespråk) kan kombinerast med praktisk-pedagogisk utdanning og gje undervisningskompetanse i skuleverket, primært på ungdomstrinnet i grunnskulen og i vidaregåande skule.

Evaluering

Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

E-post: studierettleiar@lle.uib.no