Studieprogram: BAHF-NORD Bachelorprogram i nordisk - Vår 2014




Undervisningsspråk

Norsk, dansk og svensk. Dersom nordiskstudiet vert kombinert med framandspråksstudium, vil (delar av) undervisninga vere på det aktuelle språket (dei aktuelle språka).

Studiestart - semester

Haust.

Mål og innhald

Bachelorpgrogrammet i nordisk er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (Ex.phil. og Ex.fac.), 90 studiepoeng med spesialisering og valemne tilsvarande 60 studiepoeng

 

Innhaldet på studieprogrammet er avhengig av kva spesialisering studenten vel. Det er tre moglege spesialiseringar:

a) norrøn filologi

b) nordisk språk og litteratur

c) norsk som andrespråk

 

a) Norrøn filologi

Norrønt er ein fellesnemnar for språket og litteraturen både i Noreg og på Færøyane og Island i mellomalderen, og dessutan på vesterhavsøyane. I dette området kan vi snakke om ein felles språkleg og litterær kultur som varte i drygt 500 år, frå landnåmet av Island til seinmellomalderen. Spesialiseringa i norrøn filologi gjev ei grundig innføring i det norrøne språket og den norrøne litteraturen, og begge vert sette inn i eit vidare kulturelt perspektiv.

 

b) Nordisk språk og litteratur

Utanom norsk (bokmål og nynorsk) femner dei nordiske språka om dansk, svensk, islandsk og færøysk. Målet for denne spesialiseringa er å gje studentane kunnskapar i nordisk språk og litteratur i eldre og nyare tid, forståing av språket og litteraturen som ein sentral del av den nasjonale kulturen og av samspelet mellom språk, litteratur og samfunn. Hovudvekta ligg på norsk. Reint praktisk skal studiet gje grunnlag for betre skrivedugleik i både bokmål og nynorsk og kompetanse for undervisning i ulike skuleslag (i kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning) og for arbeid med språklege og litterære emne i andre yrkestilhøve.

 

c) Norsk som andrespråk

Norsk som andrespråk er norsk lært i Noreg av menneske med eit anna språk som morsmål. Spesialiseringa i norsk som andrespråk skal gje ei allsidig orientering om dei spørsmåla som reiser seg når personar med andre morsmål skal lære seg norsk språk og verte integrerte i det norske samfunnet. Faget er i første rekkje tenkt for studentar som planlegg å undervise i norsk som andrespråk for elevar frå språklege minoritetar. Reint praktisk skal studiet gje grunnlag for betre skrivedugleik i både bokmål og nynorsk.

Læringsutbyte

Ein kandidat med bachelorgrad i nordisk språk og litteratur med spesialisering i norrøn filologi frå Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen skal

¿ ha brei og grundig kunnskap om det norrøne språket og språkrelaterte samfunnstilhøve i norrøn tid

¿ kunne lese norrøne tekstar på eiga hand, med bruk av ordbok

¿ ha grundig kunnskap om norrøn dikting og dei ulike norrøne tekstsjangrane

¿ ha kjennskap til sentrale drag ved norrøne samfunnstilhøve og norrøn mytologi

¿ ha kjennskap til filologisk verksemd generelt

¿ kunne skrive velformulerte og samanhengande skildrande, resonnerande og argumenterande tekstar om norrønt språk og norrøn litteratur

¿ kunne analysere og drøfte problemstillingar innanfor disiplinen på ein fagleg måte

¿ kunne hente inn fagleg informasjon og vurdere han kritisk

¿ kunne arbeide aktivt for å styrkje sine eigne kunnskapar og dugleikar i faget

¿ kunne gje opplæring og rettleiing til elevar, studentar og andre i norrønt språk og norrøn litteratur

¿ kunne kommunisere med fagfolk og allmenta om faglege problemstillingar frå norrøn filologi

¿ kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.


Ein kandidat med bachelorgrad i nordisk språk og litteratur med spesialisering i nordisk språk og litteratur frå Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen skal

¿ ha brei og grundig kunnskap om det norske språksystemet, norsk språkbruk, norske språkrelaterte samfunnstilhøve, norsk språkhistorie og norske dialektar

¿ ha noko kjennskap til tilsvarande forhold som gjeld norrønt språk og dei andre levande nordiske språka (dansk, svensk, islandsk og færøysk)

¿ ha godt oversyn over nordisk, særleg norsk, skjønnlitteratur frå norrøn tid til samtida

¿ ha god innsikt i sentrale nordiske forfattarskapar

¿ ha brei og grundig kunnskap om dei episke, lyriske og dramatiske hovudsjangrane og viktige undersjangrar av dei

¿ kunne skilje sakprosa frå andre litterære sjangrar, og gjere greie for viktige undergrupper av sakprosa

¿ ha kjennskap til ulike prinsipp for litteraturhistorieskriving

¿ kunne skrive bokmål og nynorsk korrekt og godt

¿ kunne skrive velformulerte og samanhengande skildrande, resonnerande og argumenterande tekstar om nordisk språk og litteratur

¿ kunne analysere og drøfte språklege og litterære problemstillingar på ein fagleg måte

¿ kunne hente inn fagleg informasjon og vurdere han kritisk

¿ kunne arbeide aktivt for å styrkje sine eigne kunnskapar og dugleikar i faget

¿ kunne gje opplæring og rettleiing til elevar, studentar og andre i norsk språksystem, språkbruk og tekstleg utforming

¿ kunne kommunisere med fagfolk og allmenta om faglege problemstillingar frå nordistikken

¿ kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.



Ein kandidat med bachelorgrad i nordisk språk og litteratur med spesialisering i norsk som andrespråk frå Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen skal

¿ ha brei og grundig kunnskap om norsk lydlære, grammatikk ordforråd og språkbruk

¿ ha solid kunnskap om andrespråktileigning og -undervisning og tilhøvet til det norske språket

¿ ha kjennskap til bruken av ulike slag tekstar i andrespråkstileigning og -undervisning

¿ ha kunnskap om sentrale aspekt ved vurdering og testing av språkleg dugleik

¿ ha godt oversyn over nordisk, særleg norsk, skjønnlitteratur, med vekt på 1900-talet

¿ kjenne dei episke, lyriske og dramatiske hovudsjangrane og viktige undersjangrar av dei

¿ kjenne sentrale nordiske forfattarskapar

¿ kunne skrive bokmål og nynorsk korrekt og godt

¿ kunne skrive velformulerte og samanhengande skildrande, resonnerande og argumenterande tekstar om andrespråksrelaterte emne

¿ kunne analysere og drøfte problemstillingar innanfor disiplinen på ein fagleg måte

¿ kunne hente inn fagleg informasjon og vurdere han kritisk

¿ kunne arbeide aktivt for å styrkje sine eigne kunnskapar og dugleikar i faget

¿ kunne gje opplæring og rettleiing i bruken av norsk som andrespråk

¿ kunne rettleie lærarar med elevar i norsk som andrespråk

¿ kunne kommunisere med fagfolk og allmenta om faglege problemstillingar som gjeld andrespråkstileigning og -undervisning

¿ kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Innføringsemne

 Bachelorprogrammet i nordisk skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet):


EXFAC00SK Språk og kommunikasjon er sterkt tilrådd, ettersom dei språklege emna på studiet føreset dei kunnskapane som dette emnet gjev.

Obligatoriske emne

Studentane har valet mellom tre alternative spesialiseringar:

a) norrøn filologi

b) nordisk språk og litteratur

c) norsk som andrespråk

 

Kvar spesialisering er på 90 studiepoeng, dvs. til saman tre semesters studium.

 

a) Spesialisering i norrøn filologi

 

Følgjande emne er obligatoriske:

NOFI101 Norrønt språk (15 stp)

NOFI102 Norrøne tekstar (15 stp)

NOFI104 Norrøn litteratur (15 stp)

NOFI105 Norrøn litteratur, kultur og religion (15 stp)

NOFI211 Norrøn filologi I (15 stp)

NOFI250 Norrøn filologi II (15 stp)

 

Spesialiseringa i norrøn filologi er opptaksgrunnlag til masterstudiet i norrøn filologi.

 

b) Spesialisering i nordisk språk og litteratur

 

Følgjande emne er obligatoriske:

 

NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 stp)

NOLI103 Nordisk: Den eldre litteraturen (15 stp)

NOSP102 Nordisk: Moderne språk (15 stp)

NOSP103 Nordisk: Språkhistorie og talemål (15 stp)

 

Kvart av desse emna kan bytast ut med tilsvarande emne frå fjernstudiet Fjernord (med kodetillegget -F).

 

Ein må velje eitt eller to av desse emna:

NOLI250 Nordisk: Litterær analyse og teori (15 stp)

NOLI251 Nordisk: Litterært fordjupingsemne A (15 stp)

NOLI252 Nordisk: Litterært fordjupingsemne B (15 stp)

NOSP250 Nordisk: Språkbruksanalyse med bacheloroppgåve (15 stp)

NOSP251 Nordisk: Språkleg variasjon og endring med bacheloroppgåve (15 stp)

NOSP252 Nordisk: Namnegransking med bacheloroppgåve 1 (15 stp)

NOSP254 Nordisk: Språk i Norden med bacheloroppgåve (15 stp)

ISL104 Islandsk språk og samfunn (15 stp)

ISL102 Islandsk litteratur og samfunn (15 stp)

 

Dersom ein vel berre eitt av emna ovanfor , må ein velje eitt av desse emna:

 

NOLI211 Nordisk: Litterært fordjupingsemne C (15 stp)

NOLI212 Nordisk: Litterært fordjupingsemne D (15 stp)

NOSP210 Nordisk: Språkbruksanalyse (15 stp)

NOSP212 Nordisk: Språkleg fordjupingsemne

NOSP214 Nordisk: Språk i Norden (15 stp)

NOSP221 Nordisk: Språkleg variasjon og endring (15 stp)

NOSP222 Nordisk: Namnegransking (15 stp)

RET205 Nordisk retorikk (15 stp)

RET255 Nordisk retorikk med bacheloroppgåve (15 stp)

NOFI101 Norrønt språk (15 stp)

NOFI104 Norrøn litteratur (15 stp)

NORAN104 Andrespråkslæring og -undervisning (15 stp)

PRAKTINF Praktisk informasjonsarbeid (15 stp)

ISL103 Islandsk grammatikk og fonetikk (15 stp)

 

Kombinasjonar av to emne med overlappande innhald gir berre utteljing som for eitt emne:

NOSP210 og NOSP250 har full overlapping.

NOSP214 og NOSP254 har full overlapping.

NOSP221 og NOSP251 har full overlapping.

NOSP222 og NOSP252 har full overlapping.

 

Spesialiseringa i nordisk språk og litteratur er opptaksgrunnlag til masterstudiet i nordisk språk og litteratur.

 

c) Spesialisering i norsk som andrespråk

 

Følgjande emne er obligatoriske:

NORAN101 Norsk språk som andrespråk (15 stp)

NORAN104 Andrespråkslæring og -undervisning (15 stp)

NORAN115 Litteratur og tekst i eit andrespråksperspektiv (15 stp)

NORAN117 Sosiolingvistikk og tospråklegheit (5 stp)

NORAN119 Språktesting og språkvurdering (10 stp)

NORAN250 Andrespråkslingvistikk (15 stp)

NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 stp)

 

Kvart av emna NORAN101 og NORAN104 kan bytast ut med tilsvarande emne frå fjernstudiet Prisme (med kodetillegget -F).

 

Spesialiseringa i norsk som andrespråk er opptaksgrunnlag til masterstudiet i nordisk språk og litteratur.

Tilrådde valemne

Studenten kan, i tillegg til spesialiseringa, velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd progresjon, felles for alle:

1. semester:

Innføringsemne (30 stp)

Dei vidare studieløpa er ulike for dei ulike spesialiseringane. Uavhengig av spesialisering har ein valemne tilsvarande 60 studiepoeng. Det vert tilrådd at dei frie studiepoenga dannar ein naturleg fagleg einskap, t.d. 100-nivået i eitt fag.


a) Norrøn filologi

2. semester:

NOFI101 Norrønt språk (15 stp)

NOFI104 Norrøn litteratur (15 stp)

3. semester:

NOFI102 Norrøne tekstar (15 stp)

NOFI105 Norrøn litteratur, kultur og religion (15 stp)

4.¿6 semester:

NOFI211 Norrøn filologi I og NOFI250 Norrøn filologi II i ulike semester, og 60 frie studiepoeng.

b) Nordisk språk og litteratur

2. semester:

NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 stp)

NOSP102 Nordisk: Moderne språk (15 stp)

3. semester:

NOLI103 Nordisk: Den eldre litteraturen (15 stp)

NOSP103 Nordisk: Språkhistorie og talemål (15 stp)

4.¿6. semester:

to emne på til saman 30 studiepoeng som kompletterer spesialiseringa (sjå ovanfor), og 60 frie studiepoeng.

c) Norsk som andrespråk

2. semester:

NORAN101 Norsk språk som andrespråk (15 stp)

NORAN104 Andrespråkslæring og -undervisning (15 stp)

3. semester:

NORAN115 Litteratur og tekst i eit andrespråksperspektiv (15 stp)

NORAN117 Sosiolingvistikk og tospråklegheit (5 stp)

NORAN119 Språktesting og språkvurdering (10 stp)

4. eller 6. semester:

NORAN250 Andrespråkslingvistikk (15 stp)

NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 stp)

5. og anten 4. eller 6. semester:

60 frie studiepoeng

 

Krav til progresjon i studiet

Full studieprogresjon er 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet i utlandet, og universitetet har utvekslingsavtalar med mange institusjonar over det meste av verda. Det er viktig at ein finn ein institusjon med eit fagtilbod som passar for den einskilde studenten, og at valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.

Undervisningsmetodar

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

 

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i nordisk med spesialisering i norrøn filologi kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i norrøn filologi.

Bachelorprogrammet i nordisk med spesialisering i nordisk språk og litteratur eller norsk som andrespråk kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i nordisk språk og litteratur.

Relevans for arbeidsliv

Kompetanse i nordisk språk og litteratur er etterspurd i mange ulike yrke og bransjar, både private og offentlege.

Generelt gir studiet ein praktisk og teoretisk tekst- og språkkompetanse som, kombinert med annan relevant kompetanse, kan kvalifisere for arbeid over alt der det krevst evne til språkleg formidling og til vurdering og utvikling av tekst, t.d. i undervisnings- og informasjonsarbeid, i forlag og kulturinstitusjonar, i offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.

Bachelor i nordisk med minst 60 studiepoeng i kvart av to skulefag (inkl. anten nordisk språk og litteratur eller norsk som andrespråk) kan kombinerast med praktisk-pedagogisk utdanning og gje undervisningskompetanse i skuleverket, primært på ungdomstrinnet i grunnskulen og i vidaregåande skule.

Evaluering

Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

E-post: studierettleiar@lle.uib.no