Studieprogram: BAHF-RUSS Bachelorprogram i russisk - Vår 2014




Undervisningsspråk

Undervisningsspråk på russiskemna er norsk og russisk. For alle andre fagemner, sjå den einskilde emneplanen.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Russisk er det største språket i Europa med over 140 millionar morsmålbrukarar og i tillegg er det første framandspråk for ytterlegare 100 millionar i det tidlegare Sovjetunionen. Det er eit av dei største verdsspråka og eit av dei seks offisielle språk i FN. Russisk er eit indoeuropeisk språk som høyrer til den slaviske språkfamilien. Slaviske språk kan delast inn i tre: aust-, vest- og sørslavisk. I selskap med kviterussisk og ukrainsk dannar russisk undergruppa austslaviske språk. Russisk kultur, og særleg litteratur, utgjer ein viktig del av den felleseuropeiske kulturarven. Som eit kulturhistorisk fenomen er det russiske standardspråket interessant fordi det er oppstått som ei samansmelting av austslaviske talespråk og kyrkjeslavisk, dei ortodokse slavarane sitt religiøse språk gjennom tusen år.

Bachelorstudiet i russisk har både eit praktisk og eit teoretisk siktemål: Det skal leggja til rette for å øva opp språklege evner og utvikla forståinga av lingvistiske, kulturelle og litterære fenomen.

I undervisninga blir det lagt vekt på praktisk meistring av moderne russisk språk, der studenten får intensiv trening i å snakka, forstå, lesa og skriva russisk. Studenten får elles ei innføring i russisk historie og samfunn og i russisk litteratur.

Den generelle målsetjinga for russisk-studiet er:

- å øva opp praktisk og aktiv språkdugleik hjå studentane, både skriftleg og munnleg.

- å gje studentane kunnskapar om og innsikt i russisk språk og russisk litteratur, kultur og samfunnstilhøve.

- å øve studentane opp til ei sjølvstendig og reflekterande haldning til faget.

Læringsutbyte

Hovudvekta i studiet vert lagt på språktileigning og språkforståing. Russisk er eit tidkrevjande språk å læra samanlikna med nære europeiske språk.

Etter eit års studium skal studentane vera i stand til å lesa og forstå tilrettelagte tekstar, føra enkle samtaler om avgrensa tema, skriva enkle tekstar på russisk, og dessutan å omsetja tekstar på eit grunnleggjande nivå mellom russisk og norsk.

Etter to år vert det forventa at studentane har tileigna seg eit tilstrekkeleg aktivt og passivt vokabular til å kunna lesa ikkje-adapterte tekstar innan ulike sjangrar med hjelp av ordbok. Dei skal òg kunna meistra alminneleg konversasjon og omsetjing av tekstar på middels nivå.

I løpet av dei to første åra vil studenten elles ha fått god innsikt i russisk litteratur, så vel som i russisk historie, kultur og samfunnstilhøve. På den måten er studiet både eit reiskapsfag for utdanning til yrke som krev solide kunnskapar om Russland og eit grunnlag for vidare fordjuping innan dei ulike forskingsfelta i eit masterstudium i russisk.

Studenten kan nytta sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i russisk inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet) og er sett saman av tre obligatoriske emne:

* RUS100 erstattar akademisk skriving

Bachelorgraden kan ikkje innehalda meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.

Obligatoriske emne

Studiet startar med dei tre innføringsemna RUS100, EXPHIL og EXFACOOSK i det første semesteret. (Legg merke til at for bachelorprogrammet i russisk vil RUS100, Grunnkurs i skriftleg og munnleg russisk, erstatta EXFAC00AS, Akademisk skriving, som innføringsemne). Avlagd eksamen i RUS100 er obligatorisk for vidare studium i russisk. Alternativt må ein kunne dokumentera tilsvarande kunnskapar i russisk.

I spesialiseringa inngår følgjande obligatoriske emne: RUS100, RUS111, RUS112, RUS113, RUS114, RUS211 og RUS252.

RUS111SP er ikkje obligatorisk.

For å bli tatt opp til mastergraden i russisk, må studentar ha tatt alle dei obligatoriske emna som utgjer spesialiseringa i bachelorprogrammet.

Tilrådde valemne

Bachelorprogrammet i russisk inneheld 60 frie studiepoeng. Studenten kan velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølgje for emne i studiet

Døme på rekkjefølgje for emne i studiet:

1. semester (H):

RUS100, EXPHIL, EXFAC00SK (30 sp.)

2. semester (V):

RUS111, RUS112 (30 sp.)

RUS111SP (6 sp.)*

3. semester (H):

RUS113, RUS114 (30 sp.)

4. semester (V):

RUS211, RUS252, inkludert studieopphald i St. Petersburg (30 sp.)

5. semester (H):

Frie studiepoeng (30 sp.)

Eller

Delstudium i utland

6. semester (V):

Frie studiepoeng (30 sp.)

Eller

Delstudium i utland

Studentar kan sjølv velja om dei vil følgja det tilrådde løpet eller om dei vil byta om på rekkjefølgja av spesialisering og frie studiepoeng. Ein må då vera merksam på at russiskemna har faste undervisningssemester. Det er uansett tilrådd at ein fullfører 100-nivå i russisk før ein tar fatt på 200-nivå.

* RUS111SP er eit valfritt ekstra studieopphald i St. Petersburg etter vårsemesteret.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

Det blir sterkt tilrådd at studentane i løpet av studiet har eitt eller fleire opphald i Russland. Me gjev tilbod om studieopphald ved det norske universitetssenteret i St. Petersburg etter det andre og i det fjerde semesteret. Dessutan er det mogleg å byggja inn eit studieopphald ved eit russisk universitet i året med frie studiepoeng.

Undervisningsmetodar

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; m.a. forelesingar, øvingar og konversasjon i grupper.

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet blir studentane prøvde på ulike måtar, t.d. ved mappevurdering, skuleeksamen og munnleg prøve. I emnet RUS252 skriv dei ei semesteroppgåve.

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F, der F er stryk

2) Greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i russisk kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i russisk.

Relevans for arbeidsliv

Bachelorprogrammet i russisk gjev generell kompetanse som kan nyttast i ei rekkje samanhengar. I tillegg til den praktiske kompetansen du får i det russiske språket, gjev graden ei verdfull innsikt i den russiskspråklege kulturen. Blant yrkesgrupper der kompetanse i russisk og kjennskap til Russland og nabostatane er nyttig, kan nemnast næringsliv og internasjonalt retta organisasjonar, og elles undervisning, kulturformidling, media, reiseliv og offentleg administrasjon og forsking. Kandidatar med russisk er òg å finna i utanrikstenesta og i dei andre departementa.

Bachelorprogrammet i russisk kan brukast til undervisning på den vidaregåande skulen. I tillegg vert russisk brukt for variert arbeid både i offentleg og privat sektor innanfor felt der det internasjonaliserte samfunnet treng språk- og kulturkunnskapar.

For å kunna bruka russisk aktivt i jobbsamanheng er lengre Russlandsopphald undervegs i, eller etter studiet tilrådd, eventuelt påbyggjing med mastergradsstudium.

Ved påbyggjing til mastergrad får du kvalifikasjonar for vidare studium og for forsking, formidling og undervisning på høgare nivå og for variert arbeid både i offentleg og privat sektor på felt der det internasjonaliserte samfunnet set høge krav til både språk- og kulturkunnskapar.

Evaluering

Evaluering av programmet vert gjennomførd i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for fremmedspråk

Administrativt ansvarleg

Institutt for fremmedspråk

studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no