All undervisning på emna som inngår i spesialiseringa i spansk språk og latinamerikastudium, foregår på spansk.
For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.
Bachelorprogram i spansk språk og latinamerikastudium tilbyd ei rad emne som alle har hovudfokus på den spanskspråklege delen av Latin-Amerika. Tre hovuddisiplinar går inn i studiet: (1) språk, (2) litteratur og (3) historie og kulturkunnskap. Undervisninga i spesialiseringsfaget går føre seg på spansk.
Studiet har både eit praktisk og eit teoretisk siktemål: Det skal leggja til rette for å øva opp språklege evner og utvikla forståinga av lingvistiske, kulturelle og litterære fenomen. På den måten er det både reiskapsfag for utdanning til yrke som krev solide kunnskapar om Latin-Amerika, og eit grunnlag for vidare fordjuping innan dei ulike forskingsfelta i latinamerikastudiet. Studiet gjev også grunnleggjande kunnskapar om Spania.
Spansk språk og latinamerikastudium kan med utbyte kombinerast med andre språkfag, allmenn litteraturvitskap, lingvistikk, historie, sosialantropologi, samanliknande politikk, medievitskap eller geografi. Kombinasjonar som femner om utdanning frå andre fakultet, eller frå institusjonar utanfor universitetet, er òg moglege.
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
Ferdigheiter
Kandidaten
Generell kompetanse
Kandidaten
Bachelorprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium inneheld 20 studiepoeng med innføringsemne og er sett saman av:
Språk og kommunikasjon er sterkt tilrådd.
I tillegg til dei 20 studiepoenga med innføringsemne, rår ein studentane til å velje SPLA100 Introduksjon til spansk språk og latinamerikastudium det første semesteret.
Bachelorgraden kan ikkje innehalda meir enn 10 studiepoeng ex.phil. og 20 studiepoeng ex.fac.»
Bachelorprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalda 20 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil, ex.fac) i tillegg til 90 studiepoeng med spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium. Dei siste 70 studiepoenga er frie.
Ei godkjend spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium utgjer normalt opptaksgrunnlaget for mastergrad.
I bachelorprogram i spansk språk og latinamerikastudium vil dei 90 studiepoenga i spesialiseringa normalt innehalda følgjande emne på 100-nivå: SPLA107, SPLA108, SPLA109, SPLA117, SPLA118, og SPLA119. 200-nivået består av to av emna SPLA207, SPLA208, SPLA209, og eitt av emna SPLA257, SPLA258, SPLA259.
Emna med oppgåve som vurderingsform (SPLA257, SPLA258, SPLA259) oppfyller kravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 10 studiepoeng.
For å kvalifisera til opptak til PPU-studiet er det eit krav at ein har fullført seks emne på 100-nivå.
Innføringskurs inngår ikkje i dei 90 studiepoenga som utgjer spesialiseringa i faget.
Døme på rekkefølgje for emne i studiet:
1. semester (H):
Ex.phil, ex.fac, SPLA100 (30 stp)
2. semester (V):
SPLA107 Spansk grammatikk I (10 stp)
SPLA108 Latinamerikansk litteratur I (10 stp)
SPLA109 Latinamerikansk historie (10 stp)
3. semester (H):
SPLA117 Spansk grammatikk II (10 stp)
SPLA118 Latinamerikansk litteratur II (10 stp)
SPLA119 Kultur og samfunn i Latin-Amerika (10 stp)
4. semester (V):
To av tre emne:
SPLA207 Fordjuping i spansk grammatikk med latinamerikanske variantar (10 stp)
SPLA208 Fordjuping i latinamerikansk litteratur (10 stp)
SPLA209 Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap (10 stp)
Eitt av tre emne:
SPLA257 Fordjuping i spansk grammatikk med latinamerikanske variantar med bacheloroppgåve (10 stp)
eller
SPLA258 Fordjuping i latinamerikansk litteratur med bacheloroppgåve (10 stp)
eller
SPLA259 Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap med bacheloroppgåve (10 stp)
Ein kan ikkje ta både SPLA207 og SPLA257 eller både SPLA208 og SPLA258 eller både SPLA209 og SPLA259.
5. semester (H):
Frie studiepoeng eller delstudium i utland (30 stp)
6. semester (V):
Frie studiepoeng eller delstudium i utland (30 stp)
Studentar kan sjølv velja om dei vil studera i den tilrådde rekkjefølgja eller om dei vil byta om på rekkefølgja av spesialisering og frie studiepoeng. Ein må då vera merksam på at alle emne har faste undervisningssemester. Det er uansett tilrådd at ein fullfører 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium før ein tar fatt på 200-nivå.
Du kan ta delar av bachelorutdanninga di som utvekslingsstudent i eit anna land. Du kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtalar i heile verda, anten for å studera innan spesialiseringa i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. Emna må godkjennast på førehand av UiB.
Det er tilrådd at delstudium i utlandet blir lagt til eit spansktalande land. Universitetet i Bergen har fleire utvekslingsavtalar med universitet i Spania og Latin-Amerika.
Studentar som ønskjer å dra på utveksling som del av spesialiseringa, blir tilrådde å gjera dette på 200-nivå. Ein kan òg reise ut og ta frie studiepoeng. Det er tilrådd å samtale med studierettleiar eller ein fagperson i planlegginga av delstudium i utlandet.
Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Rettleiing per e-post/telefon blir ikkje gitt.
Gjennom programmet blir studentane prøvde på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve.
Sjå emneplanen for det einskilte emnet.
Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
1) A-F, der F er stryk
2) Greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilte emnet.