Studieprogram: BAHF-SPLA Bachelorprogram i spansk språk og latinamerikastudium - Vår 2014




Undervisningsspråk

Undervisningsspråket på spanskemna er spansk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorprogram i spansk språk og latinamerikastudium tilbyd ei rad emne som alle fokuserer på den spanskspråklege delen av Latin-Amerika. Tre hovuddisiplinar går inn i studiet: (1) språk, (2) litteratur og (3) historie og kulturkunnskap. Undervisninga i spesialiseringsfaget går føre seg på spansk.

 

Studiet har både eit praktisk og eit teoretisk siktemål: Det skal leggja til rette for å øva opp språklege evner og utvikla forståinga av lingvistiske, kulturelle og litterære fenomen. På den måten er det både reiskapsfag for utdanning til yrke som krev solide kunnskapar om Latin-Amerika, og eit grunnlag for vidare fordjuping innan dei ulike forskingsfelta i latinamerikastudiet.

 

Spansk språk og latinamerikastudium kan med utbyte kombinerast med andre språkfag, allmenn litteraturvitskap, lingvistikk, historie, sosialantropologi, samanliknande politikk, medievitskap eller geografi. Kombinasjonar som femner om utdanning frå andre fakultet, eller frå institusjonar utanfor universitetet, er òg moglege.

Læringsutbyte

Kunnskap

Kandidaten skal

1) ha brei generell kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verkty og metodar innan spansk språk og latinamerikansk kultur/historie og litteratur.

2) kjenne til forskings- og utviklingsarbeid innan faget.

3) kunne oppdatera kunnskapen sin innan fagområdet.

Dugleik/Ferdigheiter

Kandidaten skal

1) kunne arbeida sjølvstendig med problemstillingar på grunnlag av faglege kunnskapar.

2) kunne skjøna og bruka moderne spansk munnleg og skriftleg.

3) bruka kunnskapane sine kritisk og reflektera over eigen fagleg praksis innafor:

a) grammatikk med særleg vekt på latinamerikanske variantar (morfologi, syntaks), i tillegg til

b) semantikk, pragmatikk, dialektologi, målsoge eller omsetjingsteori.

4) kunne gå vidare med eiga kompetanseutvikling og spesialisering på ein sjølvstendig måte innafor alle tre disiplinane.

Generell kompetanse

Studenten skal

1) kunne oppnå læringsutbytet gjennom å studera sentrale tema og problemstillingar i spansk språk og språkvariantar i dei spansktalande samfunna, kulturane og/eller litteraturen i Latin-Amerika, og på same tid få innsyn i ulike fagtradisjonar og deira måte å tilnærma seg Latinamerika på. Til dømes kan eit tema frå latinamerikansk litteratur vera ein periode, ein genre, ein nasjonallitteratur eller liknande, henta frå eit tekstutval frå 1492 og fram til vår eiga tid.

2) kunne nytta ein kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.

3) kunne formidla sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

 Spansk innføringskurs eller kunnskapar tilsvarande Spansk nivå II frå vidaregåande skole. All undervisning på emna som inngår i spesialiseringa i spansk språk og latinamerikastudium, går føre seg på spansk.

Innføringsemne

 Bachelorprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet) og er sett saman av:

 

Språk og kommunikasjon er sterkt tilrådd.

 

Bachelorgraden kan ikkje innehalda meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.

Obligatoriske emne

Bachelorprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalda inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil., ex.fac.), og 90 studiepoeng med spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium. Dei siste 60 studiepoenga er frie.

Ei godkjend spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium utgjer normalt opptaksgrunnlaget for mastergrad.

I bachelorprogram i spansk språk og latinamerikastudium vil dei 90 studiepoenga i spesialiseringa normalt innehalda fire av fem av dei følgjande emna på 100-nivå: SPLA101, SPLA102, SPLA103, SPLA104, SPLA105; eitt av emna SPLA201, SPLA202, SPLA203 og eitt av emna SPLA251, SPLA252 SPLA253. Ein kan ikkje ta både SPLA201 og SPLA251 eller både SPLA202 og SPLA252 eller både SPLA203 og SPLA253.

Emna med oppgåve som vurderingsform (SPLA251, SPLA252 eller SPLA253) oppfyller kravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng.

For å kvalifisera til opptak til PPU-studiet er det eit krav at ein har fullført fire emne på 100-nivå. SPLA105 er tilrådd som eitt av dei fire emna.

Studentane kan eventuelt velja å byta ut eitt av emna SPLA201, SPLA202 eller SPLA203 med emnet TRANSHF.

Innføringskurs inngår ikkje i dei 90 studiepoenga som utgjer spesialiseringa i faget.

Tilrådde valemne

Bachelorprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium har 60 frie studiepoeng. Studenten kan velja emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølgje for emne i studiet

 Døme på rekkjefølgje for emne i studiet:

1. semester (H):

Førstesemesterstudiet ex.phil., ex.fac. (30 sp)

2. semester (V):

SPLA101 Spansk språk I (15 sp)

SPLA103 Latinamerikansk kulturkunnskap (15 sp)

3. semester (H):

To av tre emne:

SPLA102 Latinamerikansk litteratur (15 sp)

og/eller

SPLA104 Kultur og samfunn i Latin-Amerika (15 sp)

og/eller

SPLA105 Spansk språk II (15 sp)

4. semester (V):

Eitt av tre emne:

SPLA201 Fordjuping i spansk språk og omsetjing (15 sp)

og/eller

SPLA202 Fordjuping i latinamerikansk litteratur (15 sp)

og/eller

SPLA203 Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap (15 sp)

 

Eitt av tre emne:

SPLA251 Fordjuping i spansk språk og omsetjing (15 sp)

og/eller

SPLA252 Fordjuping i latinamerikansk litteratur (15 sp)

og/eller

SPLA253 Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap (15 sp)

 

Ein kan ikkje ta både SPLA201 og SPLA251 eller både SPLA202 og SPLA252 eller både SPLA203 og SPLA253.

5. semester (H):

Frie studiepoeng eller delstudium i utland (30 sp)

6. semester (V):

Frie studiepoeng eller delstudium i utland (30 sp)

Studentar kan sjølv velja om dei vil studera det tilrådde løpet eller om dei vil byta om på rekkefølgja av spesialisering og frie studiepoeng. Ein må då vera merksam på at alle emne har faste undervisningssemester. Det er uansett tilrådd at ein fullfører 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium før ein tar fatt på 200-nivå.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

 Du kan ta delar av bachelorutdanninga di som utvekslingsstudent i eit anna land. Du kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtalar i heile verda, anten for å studera innan spesialiseringa i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. Emna må godkjennast på førehand av UiB.

Det er tilrådd at delstudium i utlandet blir lagt til eit spansktalande land. Universitetet i Bergen har fleire utvekslingsavtalar med universitet i Spania og Latin-Amerika.

Studentar som ønskjer å dra på utveksling som del av spesialiseringa, blir tilrådde å gjera dette på 200-nivå. Ein kan òg reise ut og ta frie studiepoeng. Det er tilrådd å samtale med studierettleiar eller ein fagperson i planlegginga av delstudium i utlandet.

Undervisningsmetodar

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Sjå emneplanen for det einskilte emnet.

Rettleiing per e-post/telefon blir normalt ikkje gitt.

Vurderingsformer

 Gjennom programmet blir studentane prøvde på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve.

Sjå emneplanen for det einskilte emnet.

Karakterskala

 Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F, der F er stryk

2) Greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilte emnet.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium.

Relevans for arbeidsliv

 Internasjonalt samarbeid og samkvem skaper aukande etterspurnad etter kompetanse i spansk språk og latinamerikansk kultur og historie. Av relevante yrkesalternativ kan nemnast: omsetjingsarbeid, bibliotek, massemedia, forlag, reiseliv, næringsliv, offentlege institusjonar (medrekna utanrikstenesta), hjelpearbeid og liknande. Spansk er dessutan valfritt undervisningsfag i grunnskolen og vidaregåande skole. 60 studiepoeng på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium gir formell kompetanse for denne undervisninga.

Evaluering

Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for framandspråk

Administrativt ansvarleg

Studierettleiar ved Institutt for framandspråk. E-post: studierettleiar@if.uib.no