Studieprogram: BAHF-SPRKV Bachelorprogram i språkvitenskap - Høst 2014




Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i språkvitskap har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år. Programmet skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (exphil og exfac), 90 studiepoeng med spesialisering og 60 frie studiepoeng.

Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium, men kan etter søknad også takast som eit 50 % deltidssstudium.

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk.

Studiestart - semester

Haust.

Mål og innhald

I bachelorprogrammet i språkvitskap kan studentane velje mellom spesialisering i faga allmenn lingvistikk eller datalingvistikk og språkteknologi.

 

Allmenn lingvistikk er vitskapen om menneskeleg språk og språkbruk (naturlege språk). Faget søkjer etter svar på kva som karakteriserer språk som ein kognitiv dugleik hos mennesket, som eit system for kommunikasjon, og som eit viktig kulturfenomen. Studiet gir ei innføring i metodar for analyse og beskriving av språk og i teoriar om språkleg struktur og om likskap og skilnader mellom språka i verda.

 

Datalingvistikk handlar også om menneskeleg språk og språkbruk, men utforskar dette med hjelp av datamaskinelle metodar, det vil seie teoriar og modellar med røter i informatikk, logikk, matematisk lingvistikk og informasjonsteoretiske prinsipp. Datalingvistikken er særleg oppteken av dei prosessane som ligg bak språkforståing og språkproduksjon. Det er eit grunnforskingsfelt som både kan gi psykolingvistisk innsikt i korleis mennesket behandlar språk og gi grunnlag for språkteknologiske applikasjonar. Difor går faget hand i hand med språkteknologi, som har ei rekkje bruksområde, t.d. i naturleg-språkleg kommunikasjon mellom menneske og maskin (i samband med databasar og ekspertsystem), i informasjonssøkingssystem, tekstbehandlingssystem, system for automatisert omsetjing, språkpedagogiske hjelpemiddel og hjelpemiddel for funksjonshemma.

 

Siktemålet med bachelorprogrammet i språkvitskap er å bringe studentane sine kunnskapar i språkvitskap opp på eit nivå som gir ein nyttig basis for vidare studium og kvalifiserer for meir sjølvstendig deltaking i forsking innanfor lingvistikk, datalingvistikk og språkteknologisk utvikling. Studiet gir også grunnlag for arbeid innanfor yrke der språk står sentralt. Språkvitskap har også tverrfagleg relevans, særleg for studentar på språkrelaterte fag, t.d. språkfaga, andre humanistiske fag, logopedi, informasjonsvitskap o.l.

Læringsutbyte

 

Når programmet er avslutta, skal kandidaten ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar/ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Kandidaten

- har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innanfor språkvitskap, til dømes fonologi (læra om lydsystem), morfologi (orddanning og ordbøying), syntaks (setningsbygging) og semantikk (meiningslære)

- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innnfor språkvitskap

- kan oppdatere kunnskapen sin innanfor språkvitskap

- har kunnskap om språkvitskapens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

- har med spesialisering i lingvistikk fått innsyn i historiske og typologiske sammenhengar mellom språk

Dugleikar/ferdigheiter:

Kandidaten

- kan nytte språkvitskapleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid pa¿ praktiske og teoretiske problemstillingar og treffe grunngjevne val

- kan reflektere over eigen fagleg praksis og justere han under rettleiing

- kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det klargjer ei problemstilling

- kan meistre relevante språkvitskaplege verktøy, teknikkar og uttrykksformer

- har med spesialisering i datalingvistikk og språkteknologi grunnleggjande dugleik i programmering for språkprossessering

Generell kompetanse:

Kandidaten

- har innsyn i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar innanfor språkvitskap

- kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tra¿d med etiske krav og retningsliner

- kan formidle sentralt fagstoff som språkvitskaplege teoriar, problemstillingar og løysingar ba¿de skriftleg og munnleg

- kan utveksle synspunkt og røynsler med andre med bakgrunn innanfor språkvitenskap og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis

- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innanfor språkvitskap

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Spesialiseringa i allmenn lingvistikk har ingen tilrådde forkunnskapskrav. For spesialisering i datalingvistikk vil det vere ein føremon om studentane har gode forkunnskapar i matematikk, tilsvarande matematikk på 2. klasse-nivå i den vidaregåande skulen.

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i språkvitskap skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet):

 

- EXPHIL Examen philosophicum (10 stp)

- EXFAC00AK Akademisk skriving (10 stp)

- EXFAC00SK Språk og kommunikasjon (10 stp) eller

- EXFAC00TK Tekst og kultur (10 stp)

 

Språk og kommunikasjon er tilrådd.

 

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.

Obligatoriske emne

Studentane har valet mellom to alternative spesialiseringar:

 

Datalingvistikk og språkteknologi

Allmenn lingvistikk

 

Kvar spesialisering er på 90 studiepoeng, dvs. til saman tre semesters studium.

 

Tilrådde valemne

Dei 40 studiepoenga frå dei andre emna - LING114, LING122, DASP106, DASP107 og NOLING221/NOSP251 - kan utgjerast av emne frå andre fag etter avtale med instituttet.

Rekkefølgje for emne i studiet

Datalingvistikk og språkteknologi:

Tilrådd progresjon:

Studiet startar med innføringsemna i det første semesteret. (30 stp.)

 

2. semester:

LING111 / Syntaks (10 stp.)

LING114 / Særspråk (5 stp.)

LING120 / Morfologi (5 stp.)

MNF130 / Diskrete strukturar (10 stp.)

 

3. semester:

LING116 / Semantikk (10 stp.)

LING122 / Språk og kognisjon (10 stp.)

DASP106 / Statistikk for kognisjonsforskning (5 stp.)

DASP107 / Innføring i språk og data (5 stp.)

 

4. semester:

DASP252 / Datalingvistisk fordjupingsemne: Aktuelle tema innan datalingvistikk (15 stp.)

INFO132 / Grunnkurs i programmering (10 stp.)

DASP109 / Språk på verdsveven (5 stp.)

 

5. og 6. semester:

60 frie studiepoeng.

 

Allmenn lingvistikk:

Tilrådd progresjon:

Studiet startar med innføringsemna i det første semesteret. (30 stp.)

 

2.semester:

LING111 / Syntaks (10 stp.)

LING120 / Morfologi (5 stp.)

LING121 / Fonologi (10 stp.)

LING114 / Særspråk (5 stp.)

 

3. semester:

LING116 / Semantikk (10 stp.)

LING122 / Språk og kognisjon (10 stp.)

DASP106 / Statistikk for kognisjonsforskning (5 stp.)

DASP107 / Innføring i språk og data (5 stp.)

 

4. semester:

LING250 / Språktypologi med bacheloroppgåve (15 stp.)

NOLING221/NOSP251 / Nordisk: Språkleg variasjon og endring (15 stp.)

 

5. og 6. semester:

60 frie studiepoeng.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen.

Delstudium i utlandet

Ein kan ta delar av bachelorutdanninga som utvekslingsstudent i eit anna land. Ein kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringane i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. Emna må førehandsgodkjennast av UiB.

Undervisningsmetodar

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skoleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det blinytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i språkvitskap kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i allmenn lingvistikk eller masterprogrammet datalingvistikk og språkteknologi alt etter kva spesialisering studenten har valt. Bachelorgrad i språkvitskap med spesialisering i lingvistikk er vidare det einaste HF-studiet som gir opptaksgrunnlag for masterstudiet i logopedi. Emna innan programmet eignar seg også godt for studentar som ønskjer å skrive språkleg masteroppgåve innanfor eitt av språkfaga.

Relevans for arbeidsliv

Bachelorprogrammet i språkvitskap kan gi grunnlag for arbeid med forsking og undervisning, og for arbeid innanfor andre felt der språk står sentralt: forlagsarbeid, til dømes i arbeid med ordbøker og fagbøker; omsetjingsarbeid og språkleg rådgjeving; reklamebransjen/informasjonsbransjen, der språk og språkvasking er viktige arbeidsområde; offentleg forvalting; logopedi.

Ved påbygging til mastergrad kan studentane kvalifisere seg for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar@lle.uib.no.