Studieprogram: BAHF-SPRKV Bachelorprogram i språkvitenskap - Høst 2024




Namn på grad

Bachelor i språkvitskap

Omfang og studiepoeng

Programmet er normert til 3-årig fulltidsstudium og 180 studiepoeng (sp.), normalt fordelt på 30 sp. innføringsemne, 90 sp. spesialisering og 60 sp. valfrie emne.

Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium. Etter avtale med studierettleiar kan heile eller delar av programmet takast på deltid, kor ein tar minimum 15 sp. (50 %) i semesteret.

Undervisningsspråk

Norsk eller anna skandinavisk språk. Engelsk ved behov.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Språkvitskap er vitskapen om menneskeleg språk og språkbruk (naturlege språk). Faget søker etter svar på kva som karakteriserer språk som ein kognitiv dugleik hos mennesket, som eit system for kommunikasjon, og som eit viktig kulturfenomen. Studiet gir ei innføring i metodar for analyse og beskriving av språk og i teoriar om språkleg struktur og om likskap og skilnader mellom språka i verda. Desse metodane inkluderer også matematiske og datamaskinelle metodar for analyse og modellering av språk.

Læringsutbyte

Når programmet er avslutta, skal kandidaten ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

Ferdigheiter

Kandidaten

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Gode leseferdigheiter i engelsk er ein føremon.

Innføringsemne

Obligatoriske emne

Spesialisering

Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering på 90 studiepoeng. Spesialiseringa er sett saman av 60 studiepoeng på 100-nivå og 30 studiepoeng på 200-nivå. Spesialiseringa skal innehalde minimum ei sjølvstendig, rettleidd oppgåve med omfang på minimum 10 studiepoeng (bacheloroppgåve).

Tilrådde valemne

Studenten kan velje valemne eller såkalla frie studiepoeng i ein bachelorgrad, fritt blant https://uib.no/emnealle emne ved Universitetet i Bergen så framt det er plass og studenten har opptaks- og forkunnskapskrava som gjeld for emnet. Ein kan også bruke emne ein har fullført tidlegare som frie studiepoeng i ein bachelorgrad. EXFAC eller EXPHIL kan ikkje brukast som frie studiepoeng.

Snakk med studierettleiar om du er usikker på korleis du vil legge opp valemna dine. Ein tilrår generelt at studenten vel emne med tanke på si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Det blir tilrådd at studenten har minst 60 studiepoeng frå eit språkfag. Dersom ein planlegg ein karriere som lærar, bør ein ta omsyn til dette ved val av frie emne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studieløpet i bachelorprogrammet i språkvitskap kan til dømes sjå slik ut:

1. semester (haust)

2. semester (vår)

3. semester (haust)

4. semester

5. semester

6. semester

Ein kan også ta bacheloroppgåve i 4. semester, til dømes for dei som vil dra på utveksling i heile 6. semester.

Ei generell tilråding er at ein bør ha fullført 60 studiepoeng på 100-nivå før ein tar fatt på 200-nivå. Snakk med studierettleiar om du treng råd rundt studieløpet ditt.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet i utlandet, og universitetet har utvekslingsavtalar med mange institusjonar over det meste av verda. Det er viktig at ein finn ein institusjon med eit fagtilbod som passar for den einskilde studenten, og valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.

https://www.uib.no/student/48724/slik-reiser-du-p%25C3%25A5-utvekslingLes meir om utveksling.

https://www.uib.no/studier/BAHF-SPRKV/utvekslingSjå anbefalte utvekslingsavtalar for dette studieprogrammet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga omfattar førelesingar og ulike former som legg til rette for studentaktivitet: seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Informasjon om undervisningsform for kvart emne står i emneplanen.

Undervisningsmetodar

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Vurderingsformene er hovudsakleg skriftleg og munnleg vurdering. Informasjon om vurderingsform for kvart emne står i emneplanen.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk, er å finne digitalt på http://www.vitnemalsportalen.no/www.vitnemalsportalen.no når krava til graden er oppfylt.

Grunnlag for vidare studium

Ein bachelorgrad gir mellom anna grunnlag for å søke opptak til masterprogrammet i lingvistikk ved Universitetet i Bergen.

Bachelorgrad i språkvitskap kan gi opptaksgrunnlag for masterprogrammet i logopedi.

Relevans for arbeidsliv

Utdanningar ved Det humanistiske fakultet gir mange ulike moglegheiter i arbeidsmarknaden avhengig av kva for emne den einskilde studenten har i graden sin, men også kva for interesser og engasjement studenten har i tillegg til graden.

Språkvitskap gir eit godt grunnlag for å arbeide med språk i ulike samanhengar. Å jobbe systematisk og få innsikt i strukturar og reglar er noko som mange arbeidsgivarar treng. I ei fleirkulturell verd er det stort behov for mellom anna omsetting av dokument og språklæring. Kandidatar som har studert språk har mykje å tilføre i fagfeltet språkteknologi.

Du kan arbeide med språk innanfor forsking og undervisning eller andre felt der språk står sentralt, for eksempel innanfor

Avhengig av kva du spesialiserer deg i, kan du etter bachelorprogrammet søka opptak til https://www.uib.no/fag/sprakviten/24990/allmenn-lingvistikkmasterprogram i allmenn lingvistikk eller https://www.uib.no/studier/MAPS-LOG06masterprogram i logopedi.

Evaluering

Studentane, programstyret og ekstern fagfelle skal kontinuerleg evaluere emne og program i tråd med kvalitetssystem for utdanning ved Universitetet i Bergen. Tidlegare emne- og programevalueringar finn ein på http://www.kvalitetsbasen.uib.no/www.kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for innhald, struktur og kvalitet i programmet og tilhøyrande emne.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved https://www.uib.no/lleInstitutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

https://www.uib.no/hf/24361/infosenteret-ved-hf

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar.lle@uib.no

Tlf: 55 58 24 00