Studieprogram: BAHF-SPRKV Bachelorprogram i språkvitenskap - Vår 2014




Undervisningsspråk

Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet.

Studiestart - semester

Kvar haust

Mål og innhald

Bachelorpgrogrammet i språkvitskap er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (exphil og exfac), 90 studiepoeng med spesialisering og valemne tilsvarande 60 studiepoeng.

I bachelorprogrammet i språkvitskap kan studentane velje mellom spesialisering i faga allmenn lingvistikk eller datalingvistikk og språkteknologi.

Allmenn lingvistikk er vitskapen om menneskeleg språk og språkbruk (naturlege språk). Faget søkjer etter svar på kva som karakteriserer språk som ein kognitiv dugleik hos mennesket, som eit system for kommunikasjon, og som eit viktig kulturfenomen. Studiet gir ei innføring i metodar for analyse og beskriving av språk og i teoriar om språkleg struktur og om likskap og skilnader mellom språka i verda.

Datalingvistikk handlar også om menneskeleg språk og språkbruk, men utforskar dette med hjelp av datamaskinelle metodar, det vil seie teoriar og modellar med røter i informatikk, logikk, matematisk lingvistikk og informasjonsteoretiske prinsipp. Datalingvistikken er særleg oppteken av dei prosessane som ligg bak språkforståing og språkproduksjon.Det er eit grunnforskingsfelt som både kan gi psykolingvistisk innsikt i korleis mennesket behandlar språk og gi grunnlag for språkteknologiske applikasjonar. Difor går faget hand i hand med språkteknologi, som har ei rekkje bruksområde, t.d. i naturleg-språkleg kommunikasjon mellom menneske og maskin (i samband med databasar og ekspertsystem), i informasjonssøkingssystem, tekstbehandlingssystem, system for automatisert omsetjing, språkpedagogiske hjelpemiddel og hjelpemiddel for funksjonshemma.

Siktemålet med bachelorprogrammet i språkvitskap er å bringe studentane sine kunnskapar i språkvitskap opp på eit nivå som gir ein nyttig basis for vidare studium og kvalifiserer for meir sjølvstendig deltaking i forsking innanfor lingvistikk, datalingvistikk og språkteknologisk utvikling. Språkvitskap har også tverrfagleg relevans, særleg for studentar på språkrelaterte fag, t.d. språkfaga, andre humanistiske fag, logopedi, informasjonsvitskap o.l.

Læringsutbyte

Studentar med bachelorgrad i språkvitskap skal

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i språkvitskap skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet):

 

 

Språk og kommunikasjon er tilrådd.

 

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.

Obligatoriske emne

Studentane har valet mellom to alternative spesialiseringar:

 

  1. Datalingvistikk og språkteknologi
  2. Allmenn lingvistikk

 

Kvar spesialisering er på 90 studiepoeng, dvs. til saman tre semesters studium.

 

Datalingvistikk og språkteknologi

I ei slik spesialisering er dei følgjande emna, eller tilsvarande emne frå andre lærestader, obligatoriske: LING111, LING114, LING116, LING120, LING122, MNF130, DASP106, DASP107, INFO132, DASP109 og DASP252.

 

Desse emna skal også inngå i opptaksgrunnlaget for mastergraden.

 

100-nivået:

 

LING111 / Syntaks (10 stp)

LING114 / Særspråk (5 stp)

LING116 / Semantikk (10 stp)

LING120 / Morfologi (5 stp)

LING122 / Språk og kognisjon (10 stp)

DASP106 / Statistikk for kognisjonsforskning (5 stp)

DASP107 / Innføring i språk og data (5 stp)

MNF130 / Diskrete strukturar (10 stp)

 

200-nivået:

 

DASP252 / Datalingvistisk fordjupningsemne: Aktuelle tema innan datalingvistikk (15 stp)

INFO132 / Grunnkurs i programmering (10 stp) 

DASP109 / Språk på verdsveven (5 stp)

 

Allmenn lingvistikk

I ei slik spesialisering er dei følgjande emna, eller tilsvarande emne frå andre lærestader, obligatoriske:

LING111, LING116, LING120, LING121, LING250.

 

Desse emna skal også inngå i opptaksgrunnlaget for mastergraden.

 

Dei 40 studiepoenga frå dei andre emna - LING114, LING122, DASP106, DASP107 og NOLING221/NOSP251 - kan utgjerast av emne frå andre fag etter avtale med instituttet.

 

100-nivået:

 

LING111 / Syntaks (10 stp)

LING114 / Særspråk (5 stp)

LING116 / Semantikk (10 stp)

LING120 / Morfologi (5 stp)

LING121 / Fonologi (10 stp)

LING122 / Språk og kognisjon (10 stp)

DASP106 / Statistikk for kognisjonsforskning (5 stp)

DASP107 / Innføring i språk og data (5 stp)

 

 

200-nivået:

 

NOLING221/NOSP251 / Nordisk : Språkleg variasjon og endring (15 stp)*

LING250 / Språktypologi med bacheloroppgåve (15 stp)

 

*NOLING221 og NOSP251 har same undervisning men ulike krav til eksamen. NOSP251 inneheld eit målformskrav, NOLING221 har ikkje noko krav om ei bestemt målform. Begge kan inngå i ei spesialisering i allmenn lingvistikk, men berre NOSP251 kan inngå i ei spesialisering i nordisk.

 

Graden må, uavhengig av kva spesialisering som er valt, innehalde sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jr. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet

Tilrådde valemne

Bachelorprogrammet i språkvitskap har 60 frie studiepoeng. Det er ingen spesielle føringar knytte til dei frie studiepoenga, og studentane vel sjølve kva fag og emne dei vil ta i tillegg til spesialiseringa.

Rekkefølgje for emne i studiet

Datalingvistikk og språkteknologi

 

Tilrådd progresjon:

Studiet startar med innføringsemna i det første semesteret. (30 stp)

 

2. semester:

LING111 / Syntaks (10 stp)

LING114 / Særspråk

LING120 / Morfologi (5 stp)

MNF130 / Diskrete strukturar (10 stp)

 

3. semester:

LING116 / Semantikk (10 sp)

LING122 / Språk og kognisjon (10 sp)

DASP106 / Statistikk for kognisjonsforskning (5 sp)

DASP107 / Innføring i språk og data (5 sp)

 

4. semester:

DASP252 / Datalingvistisk fordjupningsemne: Aktuelle tema innan datalingvistikk (15 sp)

INFO132 / Grunnkurs i programmering (10 sp)

DASP109 / Språk på verdsveven (5 sp)

 

5. og 6. semester:

60 frie studiepoeng.  

 

 

Allmenn lingvistikk

Tilrådd progresjon:

Studiet startar med innføringsemna i det første semesteret. (30 stp)

 

2.semester:

LING111 / Syntaks (10 stp)

LING120 / Morfologi (5 stp)

LING121 / Fonologi (10 stp)

LING114 / Særspråk (5 stp)

 

3. semester:

LING116 / Semantikk (10 stp)

LING122 / Språk og kognisjon (10 stp)

DASP106 / Statistikk for kognisjonsforskning (5 sp)

DASP107 / Innføring i språk og data (5 stp)

 

4. semester:

LING250 / Språktypologi med bacheloroppgåve (15 sp)

NOLING221/NOSP251 / Nordisk: Språkleg variasjon og endring (15 sp)

 

5. og 6. semester:

60 frie studiepoeng

 

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen.

Delstudium i utlandet

Ein kan ta delar av bachelorutdanninga som utvekslingsstudent i eit anna land. Ein kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringane i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. Emna må førehandsgodkjennast av UiB.

Undervisningsmetodar

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det blinytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i språkvitskap kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i allmenn lingvistikk eller masterprogrammet datalingvistikk og språkteknologi alt etter kva spesialisering studenten har valt. Bachelorgrad i språkvitskap med spesialisering i lingvistikk er vidare det einaste HF-studiet som gir opptaksgrunnlag for masterstudiet i logopedi. Emna innan programmet eignar seg også godt for studentar som ønskjer å skrive språkleg masteroppgåve innanfor eitt av språkfaga.

Relevans for arbeidsliv

Bachelorprogrammet i språkvitskap kan gi grunnlag for arbeid med forsking og undervisning, og for arbeid innanfor andre felt der språk står sentralt: forlagsarbeid, til dømes i arbeid med ordbøker og fagbøker; omsetjingsarbeid og språkleg rådgjeving; reklamebransjen/informasjonsbransjen, der språk og språkvasking er viktige arbeidsområde; offentleg forvalting; logopedi.

Ved påbygging til mastergrad kan studentane kvalifisere seg for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Evaluering

Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no