Studieprogram: BAHF-TEAT Bachelorprogram i teatervitenskap - Høst 2018




Namn på grad

Bachelor i teatervitskap

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i teatervitskap har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til tre år.

Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium, men kan etter melding til instituttet også takast som eit 50 % deltidsstudium.

Undervisningsspråk

Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet i utdanninga.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorstudiet i teatervitskap gir ein grunnleggjande og brei akademisk innføring i teater og teateret sine føresetnader og uttrykksformer i skiftande tidsepokar, frå antikken og fram til vår eiga tid. Studiet set fokus på teateret sine ulike element og korleis desse blir sett saman til den ferdige teaterproduksjonen som presenterast for eit publikum. Den samfunnsmessige samanhengen som teaterframsyninga er ein del av er også viktig for forståinga, og teaterframsyningar blir gjennom studiet kontekstualisert i høve til den kulturen og historia dei er del av. Kunnskap om teaterhistorie og dei ulike sider av teaterproduksjon gir studentane ei grunnleggjande vitskapeleg forståing for teater og setter dei i stand til å forstå og analysere teater frå deira eiga samtid. Studiet omfattar emne innan teaterhistorie, teaterteori, skodespelarkunst, dramaturgi, regikunst, forestillingsanalyse og teaterkritikk.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Kandidaten

Ferdigheiter
Kandidaten

 

Generell kompetanse
Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

 Ingen

Innføringsemne

Det første semesteret i bachelorprogrammet i teatervitskap skal innehalde 10 studiepoeng Examen philosophicum og 20 studiepoeng Examen facultatum:

 

EXFAC00TK Tekst og kultur er tilrådd.

Obligatoriske emne

Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering i teatervitskap på 90 studiepoeng.

Følgjande emne er obligatoriske i spesialiseringa i teatervitskap:
TEAT111: Eldre teaterhistorie (15 stp)

TEAT112: Moderne teaterhistorie og analyse av teaterframsyningar (15 stp)

TEAT113: Dramaturgi og regi (15 stp)

TEAT114: Skodespelarkunst, scenografi og teaterkritikk (15 stp)

TEAT211: Teaterestetikk og teaterteori (15 stp)

I tillegg må ein velje eitt av desse emna:

TEAT252: Teoribasert prosjektoppgåve i teatervitskap med bacheloroppgåve (15 stp)

TEAT253: Praksisbasert prosjektoppgåve med bacheloroppgåve (15 stp)

I emna TEAT252 og TEAT253 skriv ein ei rettleia oppgåve (bacheloroppgåve).

Dette tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jfr. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.

Spesialisering

Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering i teatervitskap på 90 studiepoeng.

Følgjande emne er obligatoriske i spesialiseringa i teatervitskap:
TEAT111: Eldre teaterhistorie (15 stp)
TEAT112: Moderne teaterhistorie og analyse av teaterframsyningar (15 stp)
TEAT113: Dramaturgi og regi (15 stp)
TEAT114: Skodespelarkunst, scenografi og teaterkritikk (15 stp)
TEAT211: Teaterestetikk og teaterteori (15 stp)

I tillegg må ein velje eitt av desse emna:
TEAT252: Teoribasert prosjektoppgåve i teatervitskap med bacheloroppgåve (15 stp)
TEAT253: Praksisbasert prosjektoppgåve med bacheloroppgåve (15 stp)

I emna TEAT252 og TEAT253 skriv ein ei rettleia oppgåve (bacheloroppgåve).

Dette tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jfr. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.

Tilrådde valemne

Studenten kan, i tillegg til spesialiseringa i teatervitskap, velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studieløpet i bachelorprogrammet i teatervitskap kan til dømes sjå slik ut:

1. semester (haust):

Examen philosophicum og Examen facultatum (30 stp)

2. semester (vår):
TEAT111: Eldre teaterhistorie (15 stp)
TEAT114: Skodespelarkunst, scenografi og teaterkritikk (15 stp)

3. semester (haust)
TEAT112; Moderne teaterhistorie og analyse av teaterframsyningar (15stp).
TEAT113: Dramaturgi og regi (15 stp)

4. semester (vår):
Valemne (30 stp)

5. semester (haust):
Valemne (30 stp)

6. semester (vår)
TEAT211: Teaterestetikk og teaterteori (15 stp)

og eitt av desse emna:
TEAT252: Teoribasert prosjektoppgåve i teatervitskap med bacheloroppgåve (15 stp)
TEAT253: Praksisbasert prosjektoppgåve med bacheloroppgåve (15 stp)

Ei generelle tilråding som ligg til grunn for dømet over er at før ein tar fatt på 200-nivået bør ein ha fullført 60 studiepoeng på 100-nivå.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

Studentane kan ta delar av bachelorprogrammet som utvekslingsstudent i eit anna land. Teatervitskap har eigne Erasmus-utvekslingsavtalar med teatervitskaplege fagmiljø ved Vytautas Magnus-Universitetet i Kaunas (Litauen), Justus-Liebig-Universitetet i Giessen (Tyskland), Hildesheim Universitet (Tyskland), Universitetet i Antwerpen (Belgia), Universitetet i Louvain (Belgia) og Universitetet i Pelopones (Hellas). Vidare har vi Norplus-avtale med Dramaturgi ved Århus Universitet. Studentane kan dessutan bruke andre utvekslingsavtalar mellom UiB og universitet rundt om i verda. Utvekslingsopplegg skal godkjennast av instituttet i forkant av utvekslinga.

Undervisningsmetodar

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, heimeeksamen, rettleidd semesteroppgåve og munnleg eksamen.

Karakterskala

Ved sensurkan det blinytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorgraden i teatervitskap gir grunnlag for å søkje opptak til masterprogrammet i teatervitskap.

Relevans for arbeidsliv

Teatervitarar har kompetanse som kan nyttast i ei rekkje ulike teaterrelaterte jobbar. Faget kan til dømes nyttast i pedagogisk verksemd. Andre aktuelle arbeidsområde er innan journalistikk (teaterkritikk) og teater-, kunst- og kulturadministrasjon.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

 Programstyret for teatervitskap har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: mailto:Studierettleiar@lle.uib.noStudierettleiar@lle.uib.no

Tlf 55 58 24 00