Studieprogram: BAHF-TEAT Bachelorprogram i teatervitenskap - Vår 2014




Undervisningsspråk

Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet i utdanninga.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorpgrogrammet i teatervitskap er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (Ex.phil. og Ex.fac.), 90 studiepoeng med spesialisering i teatervitskap og valemne tilsvarande 60 studiepoeng.

Teatervitskap er studiet av scenekunst og scenekunsten sine føresetnader og uttrykksformer i skiftande tidsepokar frå antikken og fram til vår eiga tid. Studiet set fokus på teateret sine ulike element og korleis desse blir sett saman til den ferdige produksjonen som blir presentert for eit publikum. Kunnskap om teaterhistorie og innsikt i teaterproduksjon gir studentane ei auka forståing for teater som eit kunstnarleg uttrykk. Samanhengen som teaterframsyninga er ein del av er også viktig for forståinga, og teaterframsyninga blir kontekstualisert i høve til den kulturen og historia ho er ein del av. Det historiske, dramaturgiske og estetiske studiet av teateret dannar eit grunnlag som skal setje studentane i stand til å forstå og analysere teater frå deira eiga samtid. Teoretisk og metodisk tar studiet utgangspunkt i emne innan fagdidaktikk, teaterhistorie, dramaturgi, regi og skodespelarkunst, i tillegg til den konteksten teateret er ein del av.

Læringsutbyte

Med fullført bachelorgrad i teatervitskap skal studenten ha fått ei djupare heilskapleg forståing av teateret som kunstnarleg uttrykk. Ho skal ha oppøvd eit kritisk blikk på teaterframsyningar og dei enkelte delane som teaterframsyninga består av. Gjennom det historiske studiet av teateret skal studenten også ha fått forståing for teateret sin plass i samfunnet som sosialt og kunstnarleg medium.

Kandidaten skal kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialiseringa og i dei valfrie emna i vidare utdanning eller yrkesplanar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i teatervitskap skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet):

Tekst og kultur er tilrådd.

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne.

Obligatoriske emne

Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering i teatervitskap på 90 studiepoeng.

Følgjande emne er obligatoriske i spesialiseringa i teatervitskap:
TEAT111: Eldre teaterhistorie (15 stp)

TEAT112: Moderne teaterhistorie og analyse av teaterframsyningar (15 stp)

TEAT113: Dramaturgi og regi (15 stp)

TEAT114: Skodespelarkunst, scenografi og teaterkritikk (15 stp)

TEAT211: Teaterestetikk og teaterteori (15 stp)

I tillegg må ein velje eitt av desse emna:

TEAT252: Teoribasert prosjektoppgåve i teatervitskap med bacheloroppgåve (15 stp)

TEAT253: Praksisbasert prosjektoppgåve med bacheloroppgåve (15 stp)

I emna TEAT252 og TEAT253 skriv ein ei rettleia oppgåve (bacheloroppgåve).

Dette tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jfr. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.

Tilrådde valemne

Studenten kan, i tillegg til spesialiseringa i teatervitskap, velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studieløpet i bachelorprogrammet i teatervitskap kan til dømes sjå slik ut:

 

1. semester (haust):

Førstesemesterstudiet Ex.phil. og Ex.fac. (30 stp)

 

2. semester (vår):

TEAT111: Eldre teaterhistorie (15 stp)

TEAT114: Skodespelarkunst, scenografi og teaterkritikk (15 stp)

 

3. semester (haust):

TEAT112: Moderne teaterhistorie og analyse av teaterframsyningar (15 stp)

TEAT113: Dramaturgi og regi (15 stp)

 

4. semester (vår):

Valemne (30 stp)

 

5. semester (haust):

Valemne (30 stp)

 

6. semester (vår)

TEAT211: Teaterestetikk og teaterteori (15 stp)

og eitt av desse emna:
TEAT252: Teoribasert prosjektoppgåve i teatervitskap med bacheloroppgåve (15 stp)

TEAT253: Praksisbasert prosjektoppgåve med bacheloroppgåve (15 stp)

 

Ei generelle tilråding som ligg til grunn for dømet over er at før ein tar fatt på 200-nivået bør ein ha fullført 60 studiepoeng på 100-nivå.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

Studentane kan ta delar av bachelorprogrammet som utvekslingsstudent i eit anna land. Dei kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å ta delar av spesialiseringa i teatervitskap eller for å ta valemne i graden. Emna må godkjennast av Det humanistiske fakultet i forkant av utanlandsopphaldet.

Undervisningsmetodar

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet

Karakterskala

Ved sensurkan det blinytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorgraden i teatervitskap gir grunnlag for å søkje opptak til masterprogrammet i teatervitskap.

Relevans for arbeidsliv

Teatervitarar har kompetanse som kan nyttast i ei rekkje ulike jobbar. Faget kan til dømes nyttast i pedagogisk verksemd. Andre aktuelle arbeidsområde er innan journalistikk og teater-, kunst- og kulturadministrasjon.

Evaluering

Evaluering av programmet blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no