Studieprogram: BAMD-NUHUM Bachelorprogram i human ernæring - Høst 2014




Namn på grad

Bachelorprogrammet i human ernæring fører fram til graden bachelor i human ernæring. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Mål og innhald

Studiet er bygd opp som ein kombinasjon av teori, laboratorieundervisning og seminar. Du følger undervisning saman med andre helsefagstudentar dei tre første semestra.

Det tredje semesteret tek for seg oppbygginga av kroppen med undervisning i anatomi, fysiologi og næringsstoff. Det fjerde semesteret tek for seg analysemetoder i ernæring, korleis kosthaldet verkar inn på åtferd og mental og somatisk helse, og kunnskap om råvarer og deira opphav, eigenskapar og bruk.

I det femte og sjette semesteret får du ei innføring i politisk styring og organisering. Emnet livsstil og livsløp gir innblikk i ernæring i ulike fasar av livet, for grupper med særlege behov og i samanheng med livsstilsrelaterte sjukdommar. Forskingsmetodar i ernæring gi deg innblikk i metodar for klinisk og eksperimentell forsking, eventuelle giftige effektar av tilsettingsstoff. To veker med hospitering i helseføretak.

Læringsutbyte

Bachelorprogram i human ernæring kvalifiserer for en yrkeskarriere innen ernæringsfeltet, i tillegg til videre masterstudie i human og klinisk ernæring, internasjonal helse og andre masterprogrammer innen ernæringsrelaterte fag. Etter endt utdanning skal studenten kunne:

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og MEROD: Matematikk R1 eller S1+S2 + Fysikk 1 + Kjemi 1+2

Mål og innhald

Studiet kombinerer emne frå medisin, kjemi, psykologi, samfunnsvitskap og historie. Det er mogleg å kombinere emne som gir grunnlag for opptak til masterstudium i ei rekkje fag.

Ernæringsstudiet gir ei brei utdanning innan ernæringa til friske og sjuke, både i i- og u-land. Sentrale element i utdanninga vil vere innhald i ernæringa, relasjonen mellom ernæring og individ samt mennesket sine normale og sjukelege biokjemiske, fysiologiske og psykiske prosessar. Kosthald og ernæring tyder mykje for livskvalitet og for utvikling og behandling av ei rekkje sjukdommar, inkludert nokre av dei store folkesjukdommane. Interessa for ernæring i samfunn og media er derfor svært stor. Det er mangel på personar med høgare utdanning innan ernæring.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

I tillegg må du ha 2MX/2MY/3MZ + 2FY + 3KJ.

Yrkesvegar

Med ein bachelorgrad i human ernæring har du eit godt grunnlag for å gå vidare på ernæringsstudium. Viss du held fram på masterstudiet i klinisk ernæring, vil du blant anna kunne søkje autorisasjon som helsepersonell, og du kan arbeide som klinisk ernæringsfysiolog i helseføretak. Viss du vel ei av dei andre studieretningane i ernæring, er det mange yrkesvegar som er opne innan forsking, i marin produksjon og i næringsmiddelindustrien.

Oppstart

Haust

Administrativt ansvarleg

Ønsker du å vite meir?

Ta kontakt med studierettleiaren!

info@mofa.uib.no

55 58 64 00