Studieprogram: BAMN-BIO Bachelorprogram i biologi - Høst 2024
Namn på grad
Bachelor i naturvitskap
Omfang og studiepoeng
Bachelorprogrammet i biologi er eit 3-årig studieprogram med omfang på 180 studiepoeng.
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Gjennom bachelorgrada i biologi utviklar studentane brei og grunnleggande fagkompetanse i biologi. I undervisnings- og læringsaktivitetane, som til dømes studentaktiv forsking, tileignar studentane seg eit breidt spekter av ferdigheiter som biologar nyttar i arbeidslivet. Biologi er ein samansatt fagdisiplin og omfattar mellom anna økologi, biodiversitet, fysiologi, molekylærbiologi, cellebiologi og genetikk, med evolusjonsteorien som ei felles ramme. Biologar nyttar ulike fagspesifikke metodar i felt og på lab. Grada gir godt grunnlag for å forstå moderne naturvitskap og dei grunnleggande spørsmåla om livet og naturen, og korleis biologar kan bidra med nøkkelkompetanse for å løyse nåverande og framtidige utfordringar.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten kan
- gjere greie for korleis evolusjon forklarar utviklinga og mangfaldet av livsformer på jorda
- skildre hovudtrekk i biologiske prosessar frå genuttrykk til fysiologisk regulering og åtferd
- karakterisere biologiske system ved å analysere samspelet mellom struktur og funksjon
- skildre stoffomsetning og energiflyt frå celle til økosystem på grunnlag av tilhøyrande fysiske, kjemiske og biologiske eigenskapar
- identifisere organismegrupper i nære økosystem og karakterisere desse basert på morfologiske kjenneteikn
Ferdigheiter
Kandidaten kan
- formulere faglege problemstillingar på bakgrunn av relevant faglitteratur
- undersøke biologiske system i laboratoriet og i naturen ved bruk av relevante vitskaplege metodar og utstyr
- analysere, tolke og presentere biologiske data ved bruk av enkle numeriske og statistiske metodar, samt vurdere usikkerheita ved desse
- bruke presist fagspråk i skriftleg og munnleg kommunikasjon
Generell kompetanse
Kandidaten kan
- identifisere etiske problemstillingar i biologiske spørsmål og arbeidsmetodar
- vurdere bevisgrunnlaget for faglege påstandar
- bruke naturvitskaplege perspektiv til å vurdere utfordringar og moglegheiter for berekraft, ressursforvaltning og bioproduksjon
- planlegge og gjennomføre prosjekt i samarbeid med andre
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og REALFA:
Matematikk R1 (eller S1+S2) og eitt av følgjande krav
- Matematikk R2 eller
- Fysikk 1 + 2 eller
- Kjemi 1 + 2 eller
- Biologi 1 + 2 eller
- Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
- Geofag 1 + 2 eller
- Teknologi og forskingslære 1 + 2
Tilrådde forkunnskapar
Vi tilrår at du har forkunnskapar tilsvarande Biologi 2 og Kjemi 2.
Innføringsemne
Examen philosophicum (EXPHIL-MNSEM eller EXPHIL-MNEKS) og matematikk (MAT101 eller MAT105).
Obligatoriske emne
Følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet (120 studiepoeng):
- Innføringsemne (20 studiepoeng): matematikk (MAT101 eller MAT105) og examen philosophicum (EXPHIL-MNSEM eller EXPHIL-MNEKS)
- Obligatorisk emne (10 studiepoeng): informatikk (INF100)
- Spesialisering (90 studiepoeng): biologi (BIO100, BIO101, BIO102, BIO103 og BIO104), molekylærbiologi (MOL100), kjemi (KJEM109), statistikk (STAT101) og fysikk (PHYS101)
I tillegg er det 60 valfrie studiepoeng.
Spesialisering
Kravet til bachelorgraden i biologi er ei spesialisering på til saman 100 studiepoeng.
BIO100 Innføring i evolusjon og økologi er obligatorisk i første semester. I første semester inngår óg innføringsemne i matematikk (MAT101/MAT111) og MOL100 Innføring i molekylærbiologi
Obligatoriske emne i andre semester er BIO101 Organismebiologi 1 og KJEM109 Kjemi grunnkurs. Det tredje emnet i andre semester er INF100.
BIO102 Organismebiologi 2 er obligatorisk i 3. semester, saman med eit emne i statistikk (STAT101) og eit emne i fysikk (PHYS101).
I fjerde semester er obligatoriske emne BIO103 Cellebiologi og genetikk og BIO104 Komparativ fysiologi. I tillegg må ein ta EXPHIL. Versjonen av Ex.phil som vert undervist i vårsemesteret er særskilt tilpasse studieprogramma i biologi, og vi tilrår alle som skal studere biologi å ta denne Ex.phil-versjonen. Andre Ex.phil-versjonar vert óg godtatt i bachelorgraden.
Femte og sjette semester innheld valfrie emner og ein kan til dømes reise på utveksling
Tilrådd studieplan:
6. semester: Valgemner / utveksling
5. semester: Valgemner/ utveksling
4. semester: BIO103 , BIO104 , EXPHIL
3. semester: STAT101 , PHYS101 , BIO102
2. semester: INF100 , BIO101 , KJEM109
1. semester: BIO100 , MAT101/105/111 , MOL100
Tilrådde valemne
Vi tilrår at du vel emne relevant for ønska studieretning på https://www.uib.no/studier/MAMN-BIOmaster i biologi (sjå tilrådde forkunnskapar for kvar studieretning).
Ta gjerne kontakt med studierettleiar for meir informasjon om valemne.
Rekkefølgje for emne i studiet
- 6. semester: Valemne eller utveksling
- 5. semester: Valemne eller utveksling
- 4. semester: BIO103, BIO104, EXPHIL-MNSEM/EXPHIL-MNEKS
- 3. semester: BIO102, PHYS101, STAT101
- 2. semester: BIO101, INF100, KJEM109
- 1. semester: BIO100, MAT101/MAT105, MOL100
Delstudium i utlandet
Mot slutten av bachelorprogrammet kan du ta eitt eller to semester ved lærestader i utlandet eller ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS).
Arbeids- og undervisningsformer
Studentar på bachelorprogrammet i biologi møter ulike former for aktiv læring. Undervisinga i emna inkluderer gruppearbeid, felt- og laboratoriearbeid, aktive førelesingar, og vurdering for læring.
Undervisingsform for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Undervisningsmetodar
Undervisninga skjer i hovudsak i form av førelesningar, felt- og laboratoriearbeid, seminar og gruppeundervising. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Vurderingsformer
I dette programmet nyttast ulike formar for summativ og formativ vurdering som til dømes mappevurderingar, rapportar, quiz, prosjektarbeid, munnlege presentasjonar og skriftleg eksamen.
Vurderingsformar for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivingane.
Karakterskala
Ved UiB er det to typar karakterskalaer: Bestått/Ikkje bestått og bokstavkarakterar på skalaen A-F.
Karakterskala for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til grad er oppfylte.
Grunnlag for vidare studium
Bachelorstudiet gir grunnlag for opptak til https://www.uib.no/studier/MAMN-BIOmasterprogrammet i biologi og andre relevante masterprogram.
Relevans for arbeidsliv
Gjennom bachelorprogrammet opparbeider studentane seg ei rekkje praktiske og akademiske ferdigheiter som er nyttige i arbeidslivet. Mange biologar arbeider innan natur- og miljøforvalting, havbruk, skuleverk, offentleg forvalting, industri, miljøorganisasjonar og i medie- og konsulentbedrifter. I dei fleste tilfella opnar det seg fleire moglegheiter for dei som har fullført ei mastergrad. Universitetet i Bergen tilbyr fleire mastergradsstudier som byggjer på bachelorgraden i biologi.
Evaluering
Bachelorprogrammet vert evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Administrativt ansvarleg
Institutt for biovitskap ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar Tone Stokka på programmet dersom du har spørsmål:
- E-post: tone.stokka@uib.no
- Telefon: 55583031
Mål og innhald
Bachelorprogrammet i biologi er 3-årig (180 studiepoeng). Bachelorprogrammet i biologi plasserer de klassiske biologidisiplinene i et bredt og moderne perspektiv. Gjennom studiet oppnår studentene en bred faglig kompetanse og praktisk erfaring i forskning. Dette oppnås gjennom laboratorieundervisning med moderne forskningsmetodikk, feltarbeid og selvstendige oppgaver. I forhold til tidligere studieplaner er det lagt stor vekt på evolusjonsteori, økologi og molekylærbiologi som er integrert i de enkelte fagene og behandles i egne emner. Undervisningen er knyttet til forskningen som foregår ved Universitetet i Bergen, og det er lagt spesiell vekt på marin biologi som er et satsningsområde ved universitetet. Målsetningen for studieprogrammet i biologi er å gi studenter en bred og allsidig utdannelse som kombinerer ny forskning innen zoologi, botanikk, fysiologi og mikrobiologi med molekylærbiologi, evolusjonsteori og evolusjonær økologi.
Krav til forkunnskapar
Realfagskrav:
Matematikk R1 eller (S1 + S2) + Matematikk (R1+R2) eller Fysikk (1+2) eller Kjemi (1+2) eller Biologi (1+2) eller Informasjoneteknologi (1+2) eller Geofag (1+2) eller Teknologi og forskningslære (1+2)
Tilrådde forkunnskaper
Undervisning
Undervisningsformer står beskrevet under hvert enkelt emne.
Oppbygging av studiet
Bachelorgraden i biologi er på til sammen 180 studiepoeng (SP): 20 SP innføringsemne (Ex.phil, MAT101/111), 90 SP spesialisering i biologi (KJEM100/110, MOL100, BIO110, BIO111, BIO112, BIO113, BIO114, BIO201 og BIO202) og 70 SP valgfrie emner. Studieprogrammet starter med et innføringsemne i kjemi (KJEM100 evt. KJEM110) som går inn i spesialiseringen. Det anbefales at de som har lite kjemikunnskaper følger KJEM100 og at de som har gode kjemikunnskaper følger KJEM110. Emnet BIO110 viser hvordan organismer og biologiske prosesser formes og kan forklares ut fra et evolusjonært perspektiv ved bruk av genetikk, økologi og molekylære betraktninger. For både planter (BIO112, BIO114), dyr (BIO111, BIO114) og mikroorganismer (BIO113) undervises det i bygning og struktur, systematikk og biodiversitet, og organismenes fysiologi i forhold til miljøet de lever i. I artskunnskapen legges det vekt på norsk fauna og flora. Det molekylære grunnlaget (MOL100) for moderne biologi blir grundig behandlet, med spesiell vekt på cellefunksjoner, stoffskifte, gener og genteknologi. I emnene BIO201 og BIO202 flyttes fokuset over på relasjonene og prosessene i bestander, samfunn, økosystem og i globale mønstre både i terrestre og marine systemer.
Innføringsemne
Ex.phil, MAT 101 eller MAT 111
Fageining og spesialisering
Bachelorgraden i biologi er på til sammen 180 studiepoeng (SP): 20 SP innføringsemne (Ex.phil, MAT101/111), 90 SP spesialisering i biologi (KJEM100/110, MOL100, BIO110, BIO111, BIO112, BIO113, BIO114, BIO201 og BIO202) og 70 SP valgfrie emner. Studieprogrammet starter med et innføringsemne i kjemi (KJEM100 evt. KJEM110) som går inn i spesialiseringen. Det anbefales at de som har lite kjemikunnskaper følger KJEM100 og at de som har gode kjemikunnskaper følger KJEM110. Emnet BIO110 viser hvordan organismer og biologiske prosesser formes og kan forklares ut fra et evolusjonært perspektiv ved bruk av genetikk, økologi og molekylære betraktninger. For både planter (BIO112, BIO114), dyr (BIO111, BIO114) og mikroorganismer (BIO113) undervises det i bygning og struktur, systematikk og biodiversitet, og organismenes fysiologi i forhold til miljøet de lever i. I artskunnskapen legges det vekt på norsk fauna og flora. Det molekylære grunnlaget (MOL100) for moderne biologi blir grundig behandlet, med spesiell vekt på cellefunksjoner, stoffskifte, gener og genteknologi. I emnene BIO201 og BIO202 flyttes fokuset over på relasjonene og prosessene i bestander, samfunn, økosystem og i globale mønstre både i terrestre og marine systemer.
Obligatoriske aktivitetar
Obligatoriske aktiviteter som går inn i graden står beskrevet under hvert enkelt emne.
Tilrådde valemne
De fleste biologer vil ha behov for statistikk. Andre anbefalte valgemner er andre biologifag, molekylærbiologi, matematikk, kjemi, fysikk og informatikk.
Valgemner bør velges i forhold til planlagt masterstudium. Noen masterprogrammer har spesielle faglige opptakskrav.
Inntil 10 studiepoeng på 300-nivå kan inngå i den valgfrie delen av bachelorgraden.
Vurdering / Eksamensformer
Obligatorisk undervisning og informasjon om evalueringsformer står beskrevet under hvert enkelt emne.
Yrkesvegar
Mange biologer arbeider innen natur- og miljøforvaltning, havbruk, skoleverk, offentlig forvaltning, industri, miljøorganisasjoner og i medie- og konsulentbedrifter. I de fleste tilfellene åpner det seg et langt flere muligheter for dem som har fullført mastergraden. Universitetet i Bergen tilbyr en rekke mastergradsstudier som bygger på studieprogrammet i biologi. Etter endt masterstudium har man i tillegg til en tung faglig fordypning på et valgt felt innen biologien lært selvstendighet og en rekke praktiske og akademiske ferdigheter som er nyttige i arbeidslivet.
Læremiddelomtale
Læremiddel som blir brukt i programmet står beskrevet under hvert enkelt emne.
Delstudium i utlandet
Valgfriheten i studieprogrammets 5. og 6. semester kan benyttes til internasjonal utveksling. UiB har etablert samarbeidsavtaler med en rekke universiteter på flere kontinenter, og flere avtaler vil bli inngått de nærmeste årene. Studentene vil få hjelp til å finne utenlandske læresteder som passer med deres egne planer. Start for årsstudier (vår, høst) varierer mellom universitetene. Vært å nevne er UNIS (Universitetsenteret på Svalbard) for interesserte innen arktisk biologi, geologi, geofysikk og teknologi. Årsstudiet begynner i januar og følger kalenderåret.
Oppstart
Høst
Programansvarleg
Bachelorstyret for biologi med ansvar for faglig innhold, sammensetning og kvalitet for studieprogrammet.
Leder: Professor Geir Totland (e-post: geir.totland@bio.uib.no).
Administrativt ansvarleg
Administrativt ansvar er underlagt Institutt for biologi ved studiekonsulent Beate Ulrikke Rensvik (e-post: Beate.Rensvik@bio.uib.no, tlf: 55 58 22 41), Kathrin Bockmühl (Kathrin.Bockmuhl@bio.uib.no, tlf: 55 58 44 52).