Studieprogram: BAMN-DVIT Bachelorprogram i datavitenskap - Vår 2014




Namn på grad

Bachelor

Omfang og studiepoeng

180 SP

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Oppstart haust

Mål og innhald

Utvikling av avanserte IT-løysingar føreset ofte datafaglege kunnskapar som er baserte på god matematisk forståing av metodane som vert nytta. Bachelorstudiet i datavitskap gir deg akkurat denne typen kunnskap.

Dei første semestra av studiet er retta mot å lære dataprogrammering og grunnleggjande matematikk-kunnskapar. Seinare semester gjev grunnlag for spesialisering innan ulike retningar.

Studiet vektlegg fundamental kunnskap og krev god matematisk bakgrunn og interesse. Sidan datateknologi er prega av raske teknologiske omskiftingar, legg utdanninga opp til at studenten tileignar seg fundamentale metodar som varar lengre enn dagsaktuell spesifikk teknologi. Du får også eit godt grunnlag for å bli ein av dei som utviklar informasjonsteknologien vidare.

Gjennom studiet oppnår studentane ei brei fagleg kompetanse og praktisk røynsle, og ei god førebuing til vidare studiar på master- og doktornivå. Moglege retningar finn du under omtalene av masterstudia.

Læringsutbyte

Etter fullført BA-program i datavitenskap skal studentene kunne

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).

Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY

Tilrådde forkunnskapar

Undervisninga byggjer på kunnskap som tilsvarar R2/3MX

Innføringsemne

EX.PHIL-MNSEM/EX.PHIL-MNEKS, MAT111, INF100

Obligatoriske emne

Krav til bachelorgraden i datavitskap er ei spesialisering på til saman 110 studiepoeng. I tillegg må minst 30 SP. med INF-emne på 100- og 200- nivå veljast mellom valfrie emne (med unnatak av INF109) og minst 10 SP. mellom MAT-emne på 100- og/eller 200- nivå .

1. sem. Haust: INF100, MAT111, Ex.Phil

2. sem. Vår: INF101, MNF130, MAT121

3. sem. Haust: INF102, STAT110, MAT221

4. sem. Vår: INF142, MAT220

5.sem Haust: INF121

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje ser du i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp). Ofte bygger emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er då oppgitt Krav til forkunnskap eller Tilrådde forkunnskapar på emna.

Delstudium i utlandet

 

Ønskjer du å ta delar av studiet i utlandet, bør dette gjerast i løpet av det tredje året. Vi har i dag avtalar med blant anna University of Innsbruck (Østerrike), Università degli studi di Roma III (Italia) og Charles University, Praha (Tsjekkia). Universitetet i Bergen har dessutan mange andre utvekslingsavtalar.

 

Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:
http://www.uib.no/utdanning/48724/reise-p%c3%a5-utveksling

Vurderingsformer

Obligatorisk undervising og informasjon om evalueringsformer står skildra under kvart emne.

Karakterskala

Nasjonal karakterskala og bestått/ikke bestått

Grunnlag for vidare studium

Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søke til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.

Relevans for arbeidsliv

Studiet kvalifiserer både for jobb innanfor IT-industrien og for ei vidare forskarkarrière. Aktuelle arbeidsgivarar vil vere reine IT-bedrifter, men også andre delar av næringslivet, slik som finans- og bankvesen, oljeindustrien, forsikring, konsultentverksemd, m.m. Arbeidsoppgåvene spenner vidt, men nokre typiske eksempel er programmering, systemutviking, internett, og oppgåver knytte til datasikkerheit. Graden gir også grunnlag for undervisningskompetanse i informatikk for skoleverket.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, finn du i emneomtala.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.

Administrativt ansvarleg

Institutt for informatikk har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet om du har spørsmål: studieveileder@ii.uib.no eller tlf: 55 58 40 93.

Mål og innhald

Utvikling av avanserte IT-løsninger forutsetter ofte datafaglige kunnskaper som baseres seg på god matematisk forståelse av metodene som benyttes. Bachelorstudiet i datavitenskap gir deg akkurat denne typen kunnskap.

De første semestrene av studiet er rettet mot å lære dataprogrammering samt grunnleggende matematikk-kunnskaper, mens senere semestre gir grunnlag for spesialisering innen ulike retninger.

Studiet vektlegger fundamental kunnskap og krever god matematisk bakgrunn og interesse. Siden datateknologi er preget av raske teknologiske omskiftninger, er utdanningen lagt opp til at studenten tilegner seg fundamentale metoder som varer lengre enn dagens spesifikke teknologi. Man får også et godt grunnlag for å bli en av dem som utvikler informasjonsteknologien videre.

Gjennom studiet oppnår studentene en bred faglig kompetanse og praktisk erfaring, samt en god forberedelse til videre studier på master- og doktornivå. Mulige retninger finner du under beskrivelse av masterstudium.

Tilrådde forkunnskaper

Undervisninga byggjer på kunnskap som tilsvarar R2/3MX

Oppbygging av studiet

Krav til bachelorgraden i datavitenskap er en spesialisering på til saman 110 studiepoeng. I tillegg må minst 30 SP. med INF-emner på 100- og 200- nivå veljast blant valfrie emne (med unntak av INF109) og minst 10 SP. blant MAT -emne på 100- og/eller 200- nivå .

1. sem. Høst: INF100, MAT111, Ex.Phil

2. sem. Vår: INF101, MNF130, MAT121

3. sem. Høst: INF102, STAT110, MAT221

4. sem. Vår: INF142, MAT220

5.sem Haust: INF121

Yrkesvegar

Studiet kvalifiserer både for jobb innanfor IT-industrien og for ei vidare forskarkarrière. Aktuelle arbeidsgivarar vil vere reine IT-bedrifter, men også andre delar av næringslivet, slik som finans- og bankvesen, oljeindustrien, forsikring, konsultentverksemd, m.m. Arbeidsoppgåvene spenner vidt, men nokre typiske eksempel er programmering, systemutviking, internett, og oppgåver knytte til datasikkerheit. Graden gir også grunnlag for undervisningskompetanse i informatikk for skoleverket.

Delstudium i utlandet

Ønskjer du å ta delar av studiet i utlandet, bør dette bli gjort i løpet av det tredje året. Vi har i dag avtalar med University of Bologna (Italia), Università degli studi di Roma III (Italia), Makerere University (Uganda), Universitetet i Uppsala (Sverige), Charles University, Praha - (Tsjekkia) og University of Newcastle (Australia). Universitetet i Bergen har dessutan mange andre utvekslingsavtalar.

Administrativt ansvarleg

Institutt for informatikk har ansvar for studieprogrammet.

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål. studieveileder@ii.uib.no